• Haustkonsert med Fana Mållag

    Sundag 22. september vert det haustkonsert i Fana, kl 18-20 i Fana menighetshus (kapellsalen).
    Billetten kostar 200 kr (born gratis).

    Programmet vert slik:

    Annlaug Børsheim (kveding og felespel)
    Fana Kyrkjekor v/ ny dirigent (Ann-Torill Lindstad)
    Sidsel Lønningen / Eiliv Olsen (diktlesing med klarinett)
    Fanatalentene v/ Ragnhild Sæle Bergflødt
    Allsong

    Konserten er støtta av Bergen kommune.

    Lagt inn 16. sep. 2019, 07:24 av Live Havro Bjørnstad
  • Nynorsk pub på Nynorskdagane i Alver


    Nynorskdagane i nye Alver kommune er opna, og Meland og Alversund feirar nynorsken med pub og konserten "Translasjonar - populærmusikk på norsk". Dette finn stad fredag 20. september på Folkemunne kafé i Knarvik Senter, og det kostar 100 kr å vera med (i døra eller via ticketco).

    Meir om programmet:

    Nynorsk pub frå klokka 19.30
    Konsert med "Smooth Operators" frå kl. 20.00. Dei urframfører eit tingingsverk med utanlandske songar frå populærmusikken, men med tekst omsett til norsk.
    Etter konserten vert det kviss og allsong

    Det vert seld drikke og smårettar
    Lagt inn 16. sep. 2019, 07:04 av Live Havro Bjørnstad
  • Nyskipa Ågotnes Mållag inviterer til møte med Gunnstein Akselberg
    Eit bilete som inneheld person, mann, himmel, vegg  Automatisk generert skildring

    Tilskipinga skal vera i Landro Bedehus torsdag 12. september kl 18:30 (Landrovågen 8), og Akselberg er invitert til å snakka ut frå overskrifta «Skuleelevar i Hordaland og skrift- og talemålet deira – i og utan for skulen».


    Vidare program:

    Gert Erik Nesbø spelar

    Loddsal/basar – fine premiar.

    Sal av kaffi, brus og kaker.

    Alle er hjarteleg velkomne.

    GRATIS INNGANG


     

    Lagt inn 5. sep. 2019, 04:31 av Live Havro Bjørnstad
  • Valmøte med paneldebatt


    Me ynskjer alle velkomne til valmøte ved Hordaland Teater, 21. august kl. 19. Hit kjem Per Jon Odéen for å leia ein brei politisk debatt om nynorsken sin plass i nye Vestland fylke. I panelet sit sentrale politikarar frå mange av dei største partia: Marthe Hammer (SV), Jeanette Syversen (R), Agnes Hoshovde Bernes (V), Jon Olav Økland (KrF), Øyvind Strømmen (MDG), Alexander Fosse Andersen (SP), Iril Schau Johansen (H) og Reidar Staalesen (AP).

    Nye Vestland fylke skal vera eit nynorskfylke. Men kva inneber det? Kva språkpolitikk som skal liggja til grunn for nye Vestland fylke, og kva rolle Bergen vil kunna ha som nynorskby og vestlandsk hovudstad? Under desse spørsmåla vil me prøva å finna ut av kva politikarane meiner om saker som: tidleg start med nynorsk for både nynorsk- og bokmålselevar, tiltak for å hindra språkskifte i ungdomsskule og VGS, sikra ein digital nynorsk skulekvardag for nynorskelevar, språkbruksplanar for fylket og kommunane, Nynorskens hus i Bergen og Bergen som nynorskby.

    Vel møtt og godt val!

    Lagt inn 5. sep. 2019, 02:21 av Live Havro Bjørnstad
Viser innlegg 1 - 4 av 52. Vis mer »

https://www.facebook.com/Hordaland.Maallag/

Fylg Hordaland Mållag på Facebook!



Vil du stø arbeidet som vert gjort i Hordaland Mållag?

Les meir om det her.





Meld deg inn i Hordaland Mållag!
Send NYNORSK 
til 2490 | Kr 200,-
Gjeld ut 2019





















www.nm.no
















Meld deg inn i Hordaland Mållag!
Send NYNORSK 
til 2490 | Kr 200,-
Gjeld ut 2019