Heim‎ > ‎

Digitalt seminar om skulemål

Peder Lofnes Hauge, 
leiar i Noregs Mållag 
Live Signe Navarsete, stortingsrepresentant frå Senterpartiet

Torill Eidsheim, stortingsrepresentant for Høgre











Seminar om vilkåra for nynorskelevane i eit målbyteperspektiv

fredag 19.02.21

frå kl 10.00 til kl 13.30 med pause frå kl 11.30 til kl 12.00.

Bakgrunnen for seminaret er at halvparten av nynorskelevane byter skriftspråk frå dei byrjar i fyrste klasse i grunnskulen  til dei går ut or den vidaregåande skulen. Slik er det og i Hordaland.

Seminaret er ope vil verta sendt på YouTube og vil såleis vera tilgjengeleg for alle. Etter innleiingane er det berre innleiarane som kan delta ordskiftet. Men dei som fyljer seminaret på You Tube, kan skriftleg koma med kommentarar, synspunkt og spørsmål som vert formidla vidare av ordstyraren.

YouTube-lenkje:

https://youtu.be/gAO2JSa4XF0

 

Program for seminaret

Bente Kleppe Lervik:

Om vilkåra for nynorskelevane på ungdomsteget.

Tidsramme: 15 minutt.


Torstein Telle:

Om vilkåra for nynorskelevane i den vidaregåande skulen.

Tidsramme: 10 minutt.

 

Liva Thiis:

Språkdelt ungdomskule - Oddamodellen  i eit identitets-  og språkviljeperspektiv.

Tidsramme: 10 minutt.

 

Ingvil Brugger Budal:

Korleis kan me gjeva nynorskelevane gode vokstervilkår slik at dei vert trygge språkbrukarar? 

Tidsramme: 15 minutt.

 

Ida Marie Jegteberg:

Nynorsk i høgskuleutdanninga:  Kva seier fagplanane om nynorskkompetansen til lærarar utan norsk i fagkrinsen?

Tidsramme: 10 minutt.

 

Torill Eidsheim:

Har me to jamstelte og allmenne skriftspråk i Noreg? Skal nynorsk og bokmål vera to jamstelte og allmenne skriftspråk i Noreg i framtida?

Tidsramme: 10 minutt.

 

Liv Signe Navarsete:

Har me To jamstelte og allmenne skriftspråk i Noreg? Skal nynorsk og bokmål vera to jamstelte og allmenne skriftspråk i Noreg i framtida?

Tidsramme: 10 minutt.

 

Peder Lofnes Hauge:

Målpolitisk strategi for å hindra målbyte.

Tidsramme: 10 minutt.

 

Ordstyrar: Vigleik Brekke

 

 

Liste over innleiarane:

Bente Kleppe Lervik, rektor på Fjell ungdomsskule.

Torstein Telle, rektor på Sotra vidaregåande skule.

Liva Thiis, mastegradsstudent med norsk i fagkrinsen. Ho studerer på NTNU i Trondheim. Ho er oppvaksen i Odda.

Ingvil Brugger Budal, norskprofessor på Høgskulen på Vestlandet. Ho er oppvaksen i Austerheim.

Ida Marie Jegteberg, mastergradstudent i norsk på Høgskulen på Vestlandet. Ho er oppvaksen i Åkra i Kvinnherad.

Torill Eidsheim, stortingsrepresentant for Høgre frå Hordaland sidan 2013, Kommunestyre-representant i Radøy 1999 til 2003. Utdanning i m.a. web-design og organisasjonspsykologi  Ho er oppvaksen i Lindås der ho gjekk på Eikanger barneskule.

Liv Signe Navarsete, stortingsrepresentant for Senterpartiet frå Sogn og Fjordane. Statsråd frå 2005 til 2013. Ho er oppvaksen i Sogndal.

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. Han er oppvaksen på Sandane i Gloppen kommune.

Vigleik Brekke, informasjonsmedarbeidar i Øygarden kommune. Han er oppvaksen i Ølen.

Comments