Lokallag‎ > ‎

Bergen Mållag

du finn oss også på Facebook og Instagram

Aktuelt

  • Årsmøte i Bergen Mållag

    18. februar, kl. 18.00, skipar me til årsmøte. Denne gongen vert møtet digitalt, og informasjon om dette, samt sakliste, vert sendt ut sundag 24. januar. 

    Vel møtt!


    Lagt inn 22. jan. 2021, 02:23 av Live Havro Bjørnstad
  • Bergen Mållag 2020
    Gode målvener!
    Dette er underlege tider, og naturlege møteplassar er vanskelege å halde i live. 
    Styret er likevel i sving, og det nye styret ser slik ut: 
    Bjørg Eli Eide leiar, Mona Stormark nestleiar, Ane Landøy skrivar, Matti Wiik kasserar, Geir Håland styremedlem. 
    Varamedlemmer er Borghild Gramstad og Nils Mæhle.

    Styret har starta eit spanande samarbeid med fylkesbiblioteket for å trygge nynorskelevar tilgang på nynorske fagbøker og annan litteratur. Me vil kome attende med meir informasjon etter kvart.

    Nynorskbaren i Logen bar på Det Vestnorske Teateret er framleis i live, men det har vore vanskeleg å finne tider grunna koronarestriksjonar og drifta elles på teateret. Me vil kome attende til dykk så snart det skjer noko, så følg med på fjesboka.

    Bergen fyller 950 år og dette vil me gjerne vere med og feire. Bergen Mållag vil saman med Det Vestnorske Teateret finne meir ut om nynorsken sin plass i byen mellom dei sju fjella. Dette skjer i Logen bar 9. oktober kl. 19.00. Set av fredagskvelden, så kjem me attende med program med spanande gjester........

    Me vil gjerne oppmode gamle og nye medlemmer til å engasjere seg i laget. Ta gjerne kontakt med styret med gode idear til aktivitetar eller saker me kan jobbe saman om. Skulemål er alltid like aktuelt, og ein eigen nynorskklasse i Bergen sentrum er den draumen me ber på. Nynorsk i barnehagane i Bergen kan det etter vårt syn aldri bli nok av. Dette er berre to av dei sakene me vil arbeide med framover. 

    Du høyrer frå oss!

    Lagt inn 6. sep. 2020, 07:14 av Mona Stormark
Viser innlegg 1 - 2 av 6. Vis mer »


Fyrste tysdag kvar månad kl. 19:30

Nynorskbar i Logen
 - Litteratur - språk - debatt - underhaldning -
I høgda over Logen Teater, på Øvre Ole Buls plass i Bergen.
Sjå program i kalenderen  



Bli medlem!
Send nynorsk på SMS til 2490
eller fyll inn skjemaet her.
Undersider (2): Kontakt Nytt i Bergen
Comments