Lokallag‎ > ‎Bergen Mållag‎ > ‎

Nytt i Bergen

Løyving frå Bergen kommune

lagt inn 8. jun. 2018, 07:11 av Live Havro Bjørnstad

Byrådet i Bergen har løyvd 75.000 kr til prosjektstillinga i Hordaland Mållag! Det er me svært glade og takksame for. 

Sjå protokoll frå møtet der løyvinga vart innvilga her:

Bli med Bergen Mållag på stand på Torgdagen 9. juni

lagt inn 8. jun. 2018, 06:22 av Live Havro Bjørnstad

Foto: Torgdagen i Bergen

Bergen Mållag har stand på Torgdagen! Vil du vera med? Me treng så mange som råd.  

Med oss har me Dag og Tid og Norsk Barneblad, vervar nye medlemer og er med på skapa den gode torgdagstemninga.

MELD DEG PÅ TIL stormarkmona@gmail.com eller ved å fylla DETTE skjemaet.

 .............................................................
Me startar på Vågsallmenningen kl. 12 og vert verande til om lag 15:30, men me set opp to skift:

Kl. 12 – 14
Kl. 13:30 – 16:30

Vel møtt!

Nynorskbar 5. april

lagt inn 26. mar. 2018, 00:27 av Live Havro Bjørnstad


Logen bar er under ombygging og me har difor flytta nynorskbaren til Kaigaten 4 denne våren. Og torsdag 5. april går neste møte av stabelen. 

Hit har me invitert Matti Garnes Wiik som vil snakka om korleis tekstar frå antikken kan omsetjast til moderne norsk. "2000 år med bygdepoesi – frå latin til norsk" er overskrifta for kvelden og Matti deler tankar kring omsetjinga si av hyrdedikta til den romerske diktaren Vergil. 

Vel møtt alle interesserte!

TID: Kl. 19:30 torsdag 5. april
STAD: Kaigaten 4, møterommet Fyllingsdalen


PS: Vil du dela plakaten med nokon? Du kan lasta han ned frå botnen av denne posten.

Konsert med Dei nye kapellanane

lagt inn 12. mar. 2018, 06:03 av Live Havro Bjørnstad


23. mars spelar Dei nye kapellanane konsert på Amalies Hage ved Bergen offentlege bibliotek. Dette vert kjekt! Tilskipinga startar kl. 19:00 og er open for alle.

Dei nye kapellanane er ei gruppe norske musikarar knytt til Det Norske Samlaget som spelar populærmusikk på nynorsk. Gruppa vart stifta i 1992 og tok namnet sitt frå Hans E. Kinck-novella Den nye kapellanen. Dei nye kapellanane gav ut si fyrste plate i 1998. Bandet består av Trygve Åslund, Ragnar Hovland, Lars Fredrik Beckstrøm, Arnt Maasø, Martin Hystad og Jørn Mortensen. Dette er både morosamt og veldig bra.

LES MEIR HER.

1-4 of 4