Nyhende‎ > ‎

14/6-16: Kjartan Rødland får Måolprisen for 2015

lagt inn 14. aug. 2016, 01:46 av Bjørn Enes

Kjartan Rødland får Hordaland Mållag sin Målpris for 2016, for å ha styrkt bruken av god nynorsk i media. Mållaget har merka seg at han rydda vegen og la sterke føringar for auka bruk av nynorsk i Bergens Tidende dei to periodane han var sjefredaktør der, frå 1977-86 og frå 1991-2001. Denne lina er blitt vidareført og Bergens Tidende er også i dag ei avis som er open for nynorsk journlistikk og nynorske tekstar av ulike slag.

Kjartan Rødland er ein kunnskapsrik journalist, redaktør, forfattar og foredragshaldar. Han har stor kunnskap på mange felt, og det kjem til syne i alt det han har formidla gjennom eit langt yrkesaktivt liv. Etter at han blei pensjonist har han halde fram å bidra i ulike samanhengar, ikkje minst som foredragshaldar.
Kjartan Rødland har nytta nynorsk i skrift og tale i det meste av det han har formidla.
Hordaland Mållag meiner at Kjartan Rødland er ein verdig vinnar av Målprisen 2016.
Han er fødd i Evanger i Hordaland 29. november 1938, tok examen artium ved Hordaland fylkeskommunale gymnas i 1957 og tok til som skrivande journalist alt medan han gjekk på gymnaset. Han arbeidde i Dagen, Bergen (1956–57), Raumnes, Årnes (1957–60), Nordlands Framtid, Bodø (1960–63), Helgeland Arbeiderblad, Mosjøen (1963–67), Fædrelandsvennen, Kristiansand (1967–69) og Bergens Tidende (1969–71).

Han hadde eit avbrekk frå journalistikken i fem år frå1972, då han arbeidde som informasjonssjef for Bergen Kommune. I 1977 tok han til på si fyrste økt som sjefredaktør i Bergens Tidende, fram til 1986. Det året var han med å grunnlegge avisa Vestkysten i Stavanger. Den kom berre ut nokre månader i -87. Etterpå var han ute av journalistikken att i fire år, to som spesialrådgjevar for UiB og to som informasjonssjef i Oslo Kommune, før han vart henta inn att til redaktørstolen i BT i 1991. Han heldt fram der i nesten ti år.

Kjartan Rødland har gitt ut ei rad bøker, mellom anna om Nordhordland kraftlag (1994), skuleskipet Statsraad Lemkuhl (1998), Bergensbanen (1999), vegar i Hordaland (2000), Hordaland fylkeskommunale gymnas (2007), Norges Miljøvernforbund (2007), Modalen kommune (2010) og pinsekyrkja Tabernaklet i Bergen (2010), . I 1997 fekk han J.W. Eides pris for framifrå journalistikk.

Han tek imot målprisen tysdag 14. juni kl 1930 i Logen Bar i Bergen, under Nynorskbaren som Bergen Mållag arrangerar ein gong kvar månad.  

Comments