Nyhende‎ > ‎

Bømlo: Strengeplukk – blaogras pao sognamaol

lagt inn 26. okt. 2017, 00:53 av Live Havro Bjørnstad

Bømlo mållag og HiSio presenterer: Strengeplukk - Blaogras pao sognamaol.
 
Bømlo mållag ynskjer å invitere alle bømlingar til ei heilafta med ekte bluegras, god drikke og drøs.
HiSio stiller med lokale og mållaget har fått tak i blågrasbandet Strengeplukk, som består av jazzmusikarane Jakob Folke Ossum, Nikolai Storevik, Andreas Barsnes Onarheim, Thorbjørn Bilstad Olsen og Vidar Starheimsæter. Fleire av dei med bakgrunn frå musikkmiljøet på Instituttet for musikk og dans ved Universitetet i Stavanger.

Arrangementet er gratis og ope for alle. Mållaget held det gåande eit lite stykkje utover kvelden, men HiSio stengjer ikkje dørane før 02.30.

Aldersgrense 18 år!

Comments