Nyhende‎ > ‎

Digitalt skulemålseminar 19. februar

lagt inn 8. feb. 2021, 02:07 av Live Havro Bjørnstad   [ oppdatert 8. feb. 2021, 06:42 ]

Seminar om vilkåra for nynorskelevane i eit målbyteperspektiv

fredag 19.02.21

frå kl 10.00 til kl 13.30 med pause frå kl 11.30 til kl 12.00.

Bakgrunnen for seminaret er at halvparten av nynorskelevane byter skriftspråk frå dei byrjar i fyrste klasse i grunnskulen  til dei går ut or den vidaregåande skulen. Slik er det og i Hordaland.

Seminaret er ope vil verta sendt på YouTube og vil såleis vera tilgjengeleg for alle. Etter innleiingane er det berre innleiarane som kan delta ordskiftet. Men dei som fyljer seminaret på YouTube, kan skriftleg koma med kommentarar, synspunkt og spørsmål som vert formidla vidare av ordstyraren.

YouTube-lenkje:

https://youtu.be/gAO2JSa4XF0

Les meir om programmet HER.


Comments