Nyhende‎ > ‎

Fredag 15/4-16: Kulturelt samkome i Logen Teater

lagt inn 14. aug. 2016, 01:40 av Bjørn Enes
Gode medlem i Hordaland Mållag

Fredag 15. april tek landsmøtet i Noregs Mållag til på Hotell Grand Terminus i Bergen. Fredag kveld klokka 20.30 inviterer vi til kulturell samkome i Logen teater som no er Hordaland teater si scene. 


Vi opnar med nokre glimt frå Helge Jordal sin lange skodespelarkarriere. Deretter vil musikkentusiastane Arild Torvund Olsen og Olav Hove med glimt i auga ta oss gjennom delar av den nynorske vinylsoga. 

Arrangementet er ope for alle. For dei som har kjøpt landsmøtepakke, er arrangementet inkludert i prisen. Prisen for andre deltakarar er 150 kroner (halv pris for NMU). Dette kan ein betale i døra.

Velkomne!

Beste helsing Noregs Mållag
Comments