Nyhende‎ > ‎

Ida Haugum til Nynorskbar 4. oktober

lagt inn 30. sep. 2016, 05:42 av Live Havro Bjørnstad
Tysdag 4. oktober er tida endeleg komen for neste Nynorskbar. Oppstart er som vanleg kl 19:30 og me håpar mange av dykk har lyst til å koma.

Denne gongen er det Studentmållaget som står bak tilskipinga på Logen Bar. Då er det Ida Haugum som er hovudgjest, og ho skal snakka for oss om masteroppgåva si. Her er det mellom anna tale om islandsk purisme, samt korleis nye ord vert danna i islandsk. 

Det er gratis inngang for medlemer hjå oss, elles er det 50 kroner inngangspengar. Tak anten med kontant eller Vipps.

Comments