Nyhende‎ > ‎

Målprisen 2021 til Mikkelparken!

lagt inn 23. mar. 2021, 07:11 av Live Havro Bjørnstad   [ oppdatert 24. mar. 2021, 02:23 ]
Foto: Johannes Sekse

Målprisen frå Hordaland Mållag går i år til
Mikkelparken familiepark og leikeland.
Dei får prisen for gjennomført nynorskbruk i innhald og marknadsføring. Me ynskjer dei hjarteleg til lukke med vel fortent pris!

Årsmøtet i Hordaland Mållag brukar vanlegvis dela ut prisen, men då årsmøtet i år var digitalt, måtte ein tenka annleis: Fredag 19. mars møtte difor prisvinnarane Inga Måkestad, driftsleiar, Dag Instanes, dagleg leiar, og nestor Lars Instanes Johannes Sekse frå mållaget til prisutdeling i Mikkelparken ferietun.

LES MEIR OM TILDELINGA HER.

Comments