Nyhende‎ > ‎

Skulemålseminar 9. november

lagt inn 23. okt. 2019, 02:16 av Live Havro Bjørnstad   [ oppdatert 23. okt. 2019, 06:23 ]


PROGRAM FOR DAGEN
  • Magne Aasbrenn : Mållagskrava til lovverket: Om rammevilkåra for nynorsk.
  • Jorid Saure: Kva har me lært av Fjell-prosjektet?
  • Live Havro Bjørnstad: Skulemålsarbeid i Hordaland: Ei oppsummering av arbeidet. Arbeidet frametter.
  • Åsmund Lien: Om tilhøvet mellom språk og identitet med Os kommune som utgangspunkt.
  • Eirik Helleve: Målbruksplanar – teori og praksis.
  • Knut O. Dale: Nynorsken sin plass i den vidaregåande skulen.


Ordstyrar: Hallgeir Dale


Laurdag 9. november skipar s
kulemålsnemnda i Hordaland Mållag til seminar i Bergen.

Seminaret er gratis og ope for alle interesserte. Me held til i 4. høgda i Fensal, Kong Oscars gate 15 frå kl. 11-15, og midtvegs i programmet vert det servert lunsj. 

VIL DU VERA MED? MELD DEG PÅ TIL skule@maallag.no (frist 5. november).

Om innleiarane
Magne Aasbrenn: Leiar i Noregs Mållag. Har vore norsklærar på Fredrik II videregående skole i Fredrikstad i over 30 år.

Jorid Saure er leiar for prosjektet: Stolt av eige språk i Fjell kommune. Arbeider på Fjell ungdomsskule.

Åsmund Lien: Skulemålsskrivar i Noregs Mållag frå 1971 til 1983. Arbeidde deretter som kultursekretær i Os kommune.

Live Havro Bjørnstad: Prosjektleiar i Hordaland Mållag.

Eirik Helleve: Leiar i Voss Mållag. Utdanna etnolog og arbeider som avdelingsleiarpå Voss folkemuseum.

Knut O. Dale: Leiar i Odda Mållag. Norsklærar i den vidaregåande skulen i 38 år. Pensjonist i 2018.

Hallgeir Dale: Lærar i vaksenopplæringa i Sund. Har vore lærar og rektor i grunnskulen i Sund i mange år.


Comments