På Hordaland Teater i LOGEN, Bergen sentrum: Måndag 27. februar kl.19.30
Spesialpris/ medlemspris : kr 150 (Ord. pris kr 350) Kjøp billettar på www.hordalandteater.no. Send ein førespurnad til live.bjornstad@nm.no, så får du vita korleis du skal gå fram. Du kan også kjøpe i døra, 1 time før framsyninga. INFO om stykket: «Eg ringer mine brør» er den hylla svenske dramatikaren og forfattaren Jonas Hassen Khemiris eige teaterstykke basert på ein kronikk han hadde på trykk i Dagens Nyheter etter bombingane i Stockholm i 2010. Etter bombeangrepa opplevde svenske innvandrarar for første gong korleis det var å bli mistenkte for å vere terroristar berre på bakgrunn av korleis dei såg ut. Folk var redde for dei. For kva er normal oppførsel? Kven er ein potensiell gjerningsmann? I 24 intense timar er vi inne i hovudpersonen Amor sitt hovud, der grensene mellom forbrytar og offer, kjærleik og kjemi, fantasi og verkelegheit blir stadig meir utviska. Stykket vil sette fokus på integrering og utanforskap. Av Jonas Hassen Khemiri (originaltittel: «Jag ringer mina bröder») |
Nyhende >