Nyhende‎ > ‎

Valmøte med paneldebatt

lagt inn 19. aug. 2019, 06:00 av Live Havro Bjørnstad   [ oppdatert 5. sep. 2019, 02:21 ]


Me ynskjer alle velkomne til valmøte ved Hordaland Teater, 21. august kl. 19. Hit kjem Per Jon Odéen for å leia ein brei politisk debatt om nynorsken sin plass i nye Vestland fylke. I panelet sit sentrale politikarar frå mange av dei største partia: Marthe Hammer (SV), Jeanette Syversen (R), Agnes Hoshovde Bernes (V), Jon Olav Økland (KrF), Øyvind Strømmen (MDG), Alexander Fosse Andersen (SP), Iril Schau Johansen (H) og Reidar Staalesen (AP).

Nye Vestland fylke skal vera eit nynorskfylke. Men kva inneber det? Kva språkpolitikk som skal liggja til grunn for nye Vestland fylke, og kva rolle Bergen vil kunna ha som nynorskby og vestlandsk hovudstad? Under desse spørsmåla vil me prøva å finna ut av kva politikarane meiner om saker som: tidleg start med nynorsk for både nynorsk- og bokmålselevar, tiltak for å hindra språkskifte i ungdomsskule og VGS, sikra ein digital nynorsk skulekvardag for nynorskelevar, språkbruksplanar for fylket og kommunane, Nynorskens hus i Bergen og Bergen som nynorskby.

Vel møtt og godt val!

Comments