Nyhende‎ > ‎

Vinje-kveld med BUL Ervingen

lagt inn 12. nov. 2018, 01:38 av Live Havro Bjørnstad
Er du i Bergen laurdag 17. november? Då tilrår me at du tek turen innom Kulturhuset Gimle og får med deg Bergen Ungdomslag Ervingen sin Vinje-kveld. Her kan du vera med på konsert med Kristi Bakke Kristiansen frå gruppa Fivil, føredrag ved tidlegare nestleiar i Noregs Mållag Jens Kihl og song ved BUL-koret Kor e' tonen og kvedargruppa i laget. 

I tillegg vert det servert suppe, kaffi og kaker. 
Pris: 150 kr (medlem) / 200 kr (ikkje medlem)
Comments