Om Hordaland Mållag

Hordaland Mållag er med sine om lag 3300 medlemmer det største fylkeslaget i Noregs Mållag. Det er mange lokallag i Hordaland. Bergen Mållag er det største lokallaget i landet (550 medlemer), og lag som Voss Mållag (260 medlemer), Bergen ungdomslag Ervingen (270 medlemer) og Ullensvang Mållag (150 medlemer) er og mellom dei største.


Me arbeider for auka bruk av nynorsk i skulen, næringslivet og i samfunnet elles, og har mellom anna ei eiga skulemålsnemnd.



Undersider (3): Kalender Skulemålsnemnda Styret
Comments