Organisasjon‎ > ‎

Prosjektmedarbeidaren sin aktivitet

24/5-18 Førskuledag på Knappskog skule

lagt inn 28. mai 2018, 04:16 av Live Havro Bjørnstad

Kort innleiing om nynorsk og kvifor det er lurt å velja nynorsk som hovudmål, på møte med føresette for nye fyrsteklassingar på førskuledagen.

25/4-18 Foreldremøte på Ågotnes skule

lagt inn 28. mai 2018, 04:15 av Live Havro Bjørnstad

Kort innleiing om nynorsk og kvifor det er lurt å velja nynorsk som hovudmål, på møte med føresette for nye fyrsteklassingar.

6/11-17 til 10/11-17 Nynorskstafetten i Hordaland

lagt inn 12. mar. 2018, 08:23 av Live Havro Bjørnstad

Vitjingar i barnehagar, skular, vaksenopplæringssenter, hjå ordførarar og kommuneleiingar i Hordaland med mål om å auka medvitet i kommunane, men også å henta inn nyttig informasjon. Stafetten var innom Vaksdal, Bergen, Askøy, Fjell og Sund.

28/9-17 Møte med byråd for barnehage, skule og idrett i Bergen kommune

lagt inn 12. mar. 2018, 08:16 av Live Havro Bjørnstad

Tema: Nynorsk i Bergen kommune, innspel til korleis stoda kan betrast. Korleis går arbeidet med språkbruksplanen i kommunen? Korleis er stoda i skulen og barnehagen i Bergen? Korleis går det med sidemålsprosjektet som er sett i gang med tidleg start?

4/9-17: Møte med Hordaland Teater

lagt inn 6. sep. 2017, 01:34 av Live Havro Bjørnstad

Tema: Korleis kan ein arbeida for å skapa eit tettare samarbeid mellom Hordaland Mållag og Hordaland Teater? Korleis kan ein dra nytte av kvarandre?

30/8-17: Møte med leiinga ved Høgskulen på Vestlandet

lagt inn 6. sep. 2017, 01:31 av Live Havro Bjørnstad

Tema: Kva arbeid gjer HVL, og kva ansvar kjenner dei , for å styrkja nynorsken ved høgskulen?
Deltakarar på møtet: Berit Rokne (rektor ved HVL), Asle Holthe (dekan ved HVL), Ingrid Mølmen Gråsletten (SmiB), Astrid Olsen (HM), NIls Mæhle (BM) og Magne Aasbrenn (NM)

1-6 of 6