Organisasjon‎ > ‎

Rapportar og meldingar

Årsmøte 2016

lagt inn 14. aug. 2016, 03:05 av Bjørn Enes

Laurdag 12. mars kl 1130

Opning ved leiar i Hordaland Mållag, Astrid Olsen
Song, Vesle lerka
Presentasjonsrunde
Val av ordstyrarar, Ingrid Hovstad og Arild Reigstad og to skrivarar, Håkon Remøy og Øyvind Heitmann,
ordstyrar for i morgon er Bjørg Eli Eide og ein person som blir valt i morgon.
1140
Praktisk informasjon
– resolusjonar må leverast før kl 1800
Godkjenning av innkalling og sakliste
– ingen merknader
Opplysning om kven som skal få målprisen og kvifor, og at vi må utsetja tildelinga:
– Kjartan Rødland, journalist og redaktør i BT i mange år, forfattar, historikar, samfunnsengasjert,
dyktig føredragshaldar, redaktør for bygdebøker, lang fartstid, nytta nynorsk i stort sett alle
samanhengar, styret i HM meiner han er ein verdig vinnar av Målprisen 2016, overrekkinga
utsett og blir i Bergen sentrum etter påske.
Song, Nordmannen
1155
Webpunkt, ved webansvarleg Bjørn Enes
Nettside er tenleg for
1. intern kommunikasjon mellom mållaga
2. alt muleg frå HM – alt som ikkje av ein god grunn må vera hemmeleg
innsyn for andre, både vanlege medlemmer, interesserte, media og motstandarar
3. arkiv for offentlege ytringar
Side på sosiale media er tenleg for
Å dela informasjon med mange - kan nå langt- men blir fort borte !
Organisasjonsarbeid i dag er å dela ! Viktig å invitera vener på hendingar i mållaget !
1215
Tema til ordskifte :
Meir-offentleg-prinsippet
Fremja nettaktivisme, laga og dela innhald
Etablera eiga facebookside for HM ?
Etablera blogg/debattorgan
Formalisera funksjonen – t d «webansvarleg» ?
Video – Nynorsk på Torsdag kveld fra Nydalen
https://www.youtube.com/watch?v=ETwAh-Zqc_k
Nettsida – eit einvegs talerøyr – offisielt talerøyr for Hordaland Mållag, medan
sosiale media blir ein dugnad – ingen «redaktør» på same måten.
Ordskifte ved
Erlend Bakke, Bjørg Eli Eide, Håkon Remøy, Ingrid Hofstad, Runar Hagesæter, Astrid Olsen, Hans
Birger Drange, Alf Jansen, Håkon Tverdal, Knut O Dale, Harald Jordal, m fl
Arbeidet i laget blir meir offentleg, gjer det lettare å nå mange på kort tid.
Kanskje skrivaren bør bli webansvarleg, evt to personar i ein overgangsfase ?
Lokallaga kan bidra til nettsida, dela idear og informera om arrangement.
Knyta saman alle laga som allereie har nettside og sosial side. Moderator-funksjonen er viktig !
Facebooksida må vera open også for ikkje-medlemer, slik at debattane blir friskare og alt når lenger.
Kan oppretta internt forum som ei lukka Facebookside, dersom det er nødvendig.
Viktig å vurdera korleis ein bør utforma styrereferat når dei skal vera offentlege.
Muleg å bruka interne notat for saker som ikkje er avgjort i styret, desse treng ikkje vera offentlege.
1355
Innleiing om Odda-modellen – denne gongen om livet i vidaregåande skule i Odda, ved
Liva Thiis, elev ved Odda vgs, og Turid Bådsvik Hauso, avdelingsleiar ved Odda vgs
1415
Ordskifte ved
Alf Jansen, Astrid Olsen, Harald Jordal, Erlend Bakke, Håkon Tverdal, Knut O Dale og Håkon Remøy :
Viktig å fokusera på nynorsk som administrasjonsspråk, legga til rette for kurs i nynorsk for dei tilsette,
«mentor-ordning» og oppfølging etter kurset. Norsklærarane er ein ressurs – men «bokmålslærarar» gjer
at det blir lite nynorsk i undervisninga, dei kjenner seg utrygge på å bruka nynorsk...
Vi treng eit §8-forslag for å gjera Odda-modellen til ei nasjonal forskrift – før sjølv Odda fjernar
ordninga fordi dei ikkje får ekstrakostnadene dekka.
Den som blir tilsett som lærar, må kunna undervisa på begge målformene !
Styrka krava til kunnskapar i nynorsk generelt i lærarutdanningane.
1445
Nynorske læremiddel i vaksenopplæringa for framandspråklege, ved Haakon Aase
Vi har ein språkleg og kulturell arv å ta vare på, også overfor «våre nye landsmenn».
Innvandarar utgjer stor del av folketalet i mange kommunar, og er ein viktig føresetnad for at folketalet
ikkje går ned. Nynorsken er eit undertrykt språk, men mange kommunar har no valt å gå over frå
bokmål til nynorsk i opplæringa, det er ein god trend i tida. Det er også større etterspurdnad etter
nynorske læremiddel. Vi må kreva at læremidla skal komma til same tid og vera like omfattande på
begge målformene. Korleis kunne eigentleg nokon komma på å undervisa innvandarar på Voss på
bokmål ? Feil at vi skulle vera nøydde til å måtta argumentera mot sånt. Det mest brukte argumentet er
at dei må uansett bruka bokmål om dei skal «ut i verda». Realiteten er at det særleg i Bergen er mykje
bruk av nynorsk, og dei treng kunna det for å jobba og leva her.
Referansar frå konferansen sist måndag i Knarvik:
- M. Karlsen frå Rokkan-senteret sa innvandarane står i svært ulike situasjonar i norskopplæringa.
- Husby og Helland sa det er ingen faglege argument mot å læra innvandarar nynorsk her.
- Fire innleiarar la fram erfaringar med nynorskopplæring av innvandarar.
- Marit Aakre Tennø la vekt på den nynorske kulturarven.
Fokusera på at det er noko vi vil formidla, læra, overføra til dei som kjem hit: Kan tom. føra til auka
interesse for målsaka og målrørsla, innvandrarar også som nye medlemmer i mållaget !
Ordskifte ved
Knut O Dale, Astrid Olsen, Øystein Skjæveland og Erlend Bakke
Det pågår ein debatt i Hordaland Fylkeskommune om målbruksplan.
Kjem det ei fråsegn om denne saka frå landsmøtet, med krav om lovfesting av nynorsk opplæring ?
Kommunen må tora seia at dei vil ha nynorsk opplæring, tora å faktisk ta kontroll over opplæringa
Sjå ressursar på www.nynorsksenteret.no
Avgjerande i Fjell at innvandrarar får nynorsk opplæring for å behalda balansen mellom målformene.
Interpellasjon i fylkestinget ved Terje Kolbotn: Offensiv strategi for å styrka nynorsken i Bergen og
resten av Hordaland, saka er utsett til juni pga motstand frå borgarlege parti.
Viktig med politisk engasjement, få gjort konkrete politiske vedtak om opplæringsmålet.
Viktig å læra innvandarane opp i det språklege landskapet som faktisk fins i Noreg i dag, respekten for
dialektane og mangelen på normaltalemål.
1550 Erlend Bakke informerte om bok om Olav Lavik utgitt av Askøy Mållag:
«Kall meg rimsmed og jordtræl - Olav Lavik i liv og diktning»
1555
Situasjonen for nynorsk i randsona rundt Bergen, med fokus på val av nynorsk for førsteklassingane,
ved Sahra Torsvik
Ho har undersøkt situasjonen. Ei utfordring å få inn svar om kor mange elevar som har kva hovudmål.
Likevel tydeleg overvekt av bokmål.
Viktig å oppmoda næringslivet til å bruka nynorsk i nynorske kommunar.
Viktig å gjera strilane stoltare av målet sitt og identiteten sin !
Ungane lærer lesa og skriva i bhg, men dei private bhg gjer som dei vil, der er det mykje bokmål...
Bokmålsopplæringa til innvandarane blir brukt som argument for å bruka bokmål i informasjon frå
barnehagen. Måtte derfor fokusera på nynorsk i opplæringa for innvandarane. Likevel er dette blokkert
pga den eine personen som tar seg av opplæringa. «Men me ska kje gje øss !» Vil at kommunen skal
presisera målet i barnehagane i ny målbruksplan.
Viktig å kjøpa inn nynorske bøker til barnehagane, «marinera ungane i nynorsk» !
Video med Herborg Kråkevik – derfor er nynorsk viktig (dn tv)
1610
Ordskifte ved
Knut O Dale, Alf Jansen, Astrid Olsen, Harald Jordal, Haakon Aase
NM bør utfordra retten ungane har frå 8. klasse til å byta hovudmål !
Avgjerande at mange begynner med nynorsk i første klasse !
Ha annonse i lokalavisa før innskriving «Hugs å velja nynorsk for ungen din !» - det er ofte nok å berre
nemna det !
1620
Sidemål i bokmålsklassar, med vekt på tidleg opplæring, ved Erlend Bakke
Bergen kommune har gjort to vedtak: 1) Forsøk med sidemål frå 3. klasse og
2) Dei i Bergen som har nynorsk som hovudmål skal sikrast eit læringsmiljø på nynorsk.
Erlend Bakke er lei av omgrepet «sidemål»: Me burde gjera meir for at alle elevar skal få læra nynorsk
som eit av sine «hovudskriftmål» - eit meir positivt omgrep, elevane ville føla seg meir plikta til å
meistra begge då ! Kva med «Hovudmål 1» og «hovudmål A» ?
Alle elevar skal etter lova meistra begge dei norske måla etter 10. klasse – men kva er realiteten ?
1635 Ordskifte ved
Arild Reigstad, Håkon Remøy, Hans Birger Drange, Solveig Grønlien, Astrid Olsen, Øystein
Skjæveland, Knut O Dale, Harald Jordal
Kronprinsesse Mette Marit snakkar om «norsk» og «nynorsk» !
Kan det vera muleg å få til jamstilling ved at alle elevar feks får annakvar prøve på kvart mål,
undervisning på begge mål, ein karakter i kvart mål og berre bruka namna nynorsk og bokmål ?
Komplisert å kalla det eine 1 og det andre A ? Norsk 1 og Norsk 2 ?
Dette er gode omgrep for framtida !
Nynorsk må forfordelast – og det forstår tilogmed Bergen bystyre !
Bør ha same krav til nynorsk og bokmål i vidaregåande skule, og to obligatoriske eksamensstilar.
Strategisk fordel å læra nynorsk godt, bokmål lærer ein uansett ved å veksa opp i Noreg.
1700
Lokallagsrunde - utsendingane står fritt til å fortelja om målarbeid og idear
Frode Flesland, Osterøy Mållag (ca 90 medlemmer)
Styret er attvalt år etter år, treng «nytt blod» no.
Har vore aktivt med i adresseprosjektet til kommunen, inne i namnekomiteen, klaga sjølv på ni namn.
Arbeider med opplæringsspråk for innvandrarar, trur det går gjennom i kommunestyret.
Laget gir Norsk Barneblad til 5. klassane og bøker til barnehagane.
Bygdanytt, lokalavisa for Arna og Osterøy, bruker mykje bokmål, positiv redaktør, han hevdar det er
praktiske grunnar til at dei brukar bokmål, vil jobba vidare, muleg saman med Arna Mållag.
Kommunen vurderer samanslåing med Bergen, der språk må vera tema.
Alf Jansen, Voss Mållag (112 medl)
Arrangerte valkampmøte i fjor haust, la vekt på nynorsk opplæringsmål for innvandrarar, det er vedteke,
og målbruksplan for kommunen, okt 2014 leverte mållaget forslag, kjem opp som sak no i vår.
Gir bokpakkar til barnehagar, og delar ut målpris og målblom, får positiv omtale av det i lokalavisa.
Viktig å bruka kvarandre, ikkje finna opp krutet på nytt
Øyvind Heitmann, Arna mållag (69 medl)
Øystein Skjæveland, Kvinnherad mållag (ca 150 medl)
Fjelberg vedtok nynorsk administrasjonsmål som første kommunen i landet for 130 år sidan, mållaget
fekk god merksemd i lokalavisa om jubileet.
«Det fins alltid noko å feira !» - Sjekk oppslagsverk og gamle aviser/tidsskrift !
Ingrid Hovstad, Studentmållaget i Bergen (187 medl)
Arbeider for at utdanningsinstitusjonane skal nytta nynorsk feks på nettsidene, i skriv og annonser
Laget skal fungera som ein møtestad for nynorskstudentar.
Godt samarbeid med Hordaland Mållag.
Arrangerer Nynorskbar saman med Bergen mållag, nynorskkurs for lærarstudentar
Laget er 70 år i år.
Johannes Heradstveit, Kvam mållag
Laget har eit stabilt medlemstal, «flyt» litt på at det er mange andre i bygdene som støttar godt opp om
nynorsken. Tilogmed store verksemder som Bjølvefossen og Oma Fjellstrand båtbyggeri brukar
konsekvent nynorsk. Mange kommunar i Hardanger kallar seg herad, gir området eit nynorsk særpreg.
Harald Jordal, Odda mållag (149 medl)
Laget har hatt eit aktivt år, arbeidd mykje med Oddamodellen.
Arrangerte kulturkveld i haust, lagar lokalhistorisk skrift «Odda i manns minne», sel 1100-1200 eks,
gjer at laget har det sutalaust økonomisk, ein del av kontakten mellom mållaget og folket i kommunen,
bladet trykker også bokmålsartiklar om dei er gode.
Gav målpris til elevrådet ved ungdomsskulen sidan dei gjekk til kommunestyret og ba om å behalda
Oddamodellen.
Solveig Grønlien
Bjørg Eli Eide, Bergen mållag (ca 500 medl)
Jobbar opp imot bystyret og snakkar varmt om vedtaka dei har gjort og om korleis dei vil følgja opp.
Har bede fylket om midlar til nynorsk-stilling.
Held kafe ein måndag i mnd, saman med SmiB.
Skal ha ny nynorskkonferanse i 2017, denne gongen med Universitetet i Bergen som vertskap
Olai Otterå, Sotra (ca 135 medl)
kulturkveld kvar haust
gir bøker til bhg, gir bokliste der bhg vel bøker dei har lyst til å ha, for 2500 kr
på Sotra er det rundt 30 bhg, gir til 5-6 per år
til neste år har truleg alle fått
lokalavisa er med kvar gong og gir oss litt blest
Erlend Bakke, Askøy mållag (ca 50 mdl)
Askøy er «språknøytral» som Bergen, utfordringar som i Bergen, glad for vedtaket i Bergen bystyre, vil
prøva å få til liknande prioritering av oppl i nynorsk for elevar med bokmål som hovudmål. Laget har
god kontakt med politisk leiing i kommunen.
Har delt ut bøker til bhg, lenge sidan sist, men bør kanskje bli ein tradisjon ?
Har gitt ut årshefte tidlegare, men ikkje dei siste åra.
To skular som har nynorsk opplæringsmål, og det er dei vi rekk å prioritera.
Sara Thorsvik, Øygarden (50 medl)
kulturkveld for eldre
har Facebookside – alle i styret er admin – godt å legga ut under «Øygarden Mållag» og ikkje privat
prøver å finna andre å ha kontakt med på FB
Astrid Olsen, Hordaland Mållag
Ha det gøy – gjer ting som de likar å gjera saman !
Ha uformelle idedugnadar i lokallaget !
Ha kontakt med andre – bruk nettsidene !
Verv nye medlemer !
1750
Song, Nai jifta deg jænta
1750
Førehandsmelding om ei fråsegn frå Odda Mållag / Harald Jordal
Førehandsmelding om fråsegner frå Bergen Mållag / Astrid Olsen og Nils Mæhle
Søndag 13. mars kl 0915
Opning av dag 2.
Song: Til lags åt alle
Johannes Heradstveit frå Kvam blir vald til ordstyrar saman med Bjørg Eli Eide frå Bergen.
Ny presentasjonsrunde sidan det er komme fleire nye deltakarar.
0920
Opplesing av tre innkomne fråsegner.
Dei to frå Bergen Mållag:
«Nynorskbyen Bergen
Årsmøtet i Bergen Mållag vil rosa byrådet i Bergen for å gje nynorsken ein sentral plass i den politiske
plattforma si.
Me viser vidare til kor viktig det er å leggja til rette for nynorsk i barnehage og skule, både i Bergen og i
randsonene utanfor Bergen. Elevar med nynorsk som hovudmål må få behova sine ivaretekne på alle
klassesteg, inkludert ungdomsskulen.
Årsmøtet ber om at nynorsk språk og kultur får ein tydeleg plass i den endelege behandlinga av
skulebruksplanen. Konkret vil dette m.a. innebera at skulane Riple og Haugland ikkje vert lagde ned.»
«Nynorsken må sikrast i reformarbeidet
Årsmøtet i Bergen Mållag viser til at Vestlandet står overfor nye utfordringar: Samanslåing av
kommunar og av høgare utdanningsinstitusjonar. Store og sentraliserte kommunar og
utdanningsinstitusjonar kan truga stillinga nynorsken har hatt til no, om ein ikkje grip sjansen til å gjera
nynorsken til ein avgjerande del av dei nye strukturane heilt frå starten av.
Det etter vår vurdering oppsiktsvekkjande at denne viktige språk- og kulturfaktoren ikkje har vore med i
grunnlagsmaterialet for dei to reformene. Årsmøtet ber om at dette vert retta opp når samanslåingane
skal gjennomførast. Dette inneber at det må leggjast konkrete planar for bruk og styrking av nynorsk på
alle plan.»
0930
Årsmelding, Astrid les
0940
Skulemålsrapport, Oddvar les
0950
Næringslivsrapport, Øystein les
0953
Mållovsrapport, Astrid les
0955
Ordskifte om meldingane ved
Knut O Dale og Oddvar Skre m fl
Problematisk at skulemålet har gått ned frå 50 % til 38 %, kva kan ein gjera for å endra på det ? Det
trengst ein skrivar i Hordaland som ikkje berre arbeider med skulemål. Det burde vera mogleg å gå til
sak mot dei som bryt lova om skulemål, der dei slår saman nynorsk- og bokmålsklasser, om det ikkje er
mogleg å få til eit samarbeid med skulen/kommunen. Når det gjeld språkblanda klasser, meiner
rektorane sjølve dei gjer det beste dei kan, og meiner gjerne at toleransen blant bokmålselevane blir
betre for nynorsk i desse blanda klassane.
Innlevert to merknader skriftleg.
Merknad til skulemålsrapporten frå Hallgeir Dale, Sotra Mållag:
Formuleringa «Sotra Mållag driv sitt eige arbeid med nynorsk i barnehagane uavhengig av HM,
hovudsakleg i Sund kommune» bør endrast slik at dei to siste ledda vert tekne ut og pukntum sett etter
ordet «barnehagane».
Merknad til årsmeldinga frå Haakon Aase, Noregs Mållag:
Masfjorden Mållag er ikkje oppattskipa, men det har vore godt arbeid i gang for å få laget reist opp att.
1015
Rekneskap, Kåre Johan les
Ordskifte ved H Jordal, I Hovstad, A Olsen, Ø Skjæveland, K J Mjør, H Aase, K O Dale
1040
Arbeidsplan, Astrid les
Ordskifte ved Kåre Johan Mjør, Øystein Skjæveland, Harald Jordal, Torgrim Ljones, Oddvar Skre
Prioritera å laga Facebook-side.
Starta nye lag og vekka liv i sovande lag.
Verva medlemer.
Viktig å ha fokus på nynorskopplæringa til barnehagelærarane.
Innlevert to skriftlege endringsforslag:
Kåre Johan Mjør:
«Framlegg til tilleggspunkt til arbeidsprogram: Skipa nye lokallag og få liv i sovande lag.»
Harald Jordal:
Endring i andre setning :
«HM vil jobba for å auka kjennskapen til og kunnskapen i nynorsk og å få fleire...»
Astrid Olsen:
Tillegg til nest siste punkt: «Oppretta Facebook-side.»
Samrøystes vedteke med dei nemnde endringane.
1115
Budsjett, Kåre Johan Mjør les
1120
Ordskifte om budsjettet ved
K O Dale, O Skre, H Aase, A Olsen, Torgrim Ljones, B E Eide, H Remøy, H Jordal, Einar Ådland
Ønske om å konkretisera budsjettet for skrivarstillinga. Oppmoding til lokallag som har pengar, om å
vera med på å spleisa på skrivaren. Meir utgreiing om fondet, korleis kapitalen blir plassert, og kva den
kan brukast til. Framlegg om å bruka av fondet til skrivarstillinga. Bør utsetta dette til neste år, sidan
nok pengar er sett av no til ei stilling i eitt år. Bør få ein fast finansiering av stillinga, slik at ein slepp
spleiselag kvart år. Foreslå for landsmøtet å bruka meir midlar på Hordaland, det vart nemnt 500.000 kr.
To skriftlege framlegg kom opp :
Framlegg frå Harald Jordal, Odda Mållag: «Årsmøtet i Hordaland Mållag ber styret førebu evt bruk av
fondet i høve til skrivarstillinga til neste årsmøte i Hordaland Mållag.»
Samrøystes vedteke.
Framlegg frå Oddvar Skre, Fana Mållag og skulemålsnemnda HM: «Budsjettet for skulemålsarbeidet
2016 blir auka frå 20.000 til 25.000 kroner. Midlane vert tekne av overskotet.»
Vedteke mot ei røyst.
Budsjettet samla sett med dei to endringsframlegga, blei vedteke samrøystes.
1150
Årspengar : Framlegget frå styret vedteke samrøystes.
1205
Val, ved Øystein Skjæveland
Det oppsto ein spesiell situasjon ved at det har vore uventa endringar i styret, to styremedlemer har fått
permisjon eller gått ut sidan sist årsmøte. Skulemålsnemnda skal elles ha fem medlemer.
Øystein presenterer kandidatane. Framlegg om at Arild Reigstad blir valt for eitt år, og Morten
Myksvoll og Ingrid Hovstad for to år kvar, slik at ein no kjem i rute att etter endringane i styret.
Leiaren og styret og varamedlemene vart valde samrøystes i tråd med framlegget frå valnemnda.
Leiar i skulemålsnemnda blir valt for eitt år. Erlend Bakke og Arild Reigstad sat i fjor, og framlegget er
at dei blir valde for eitt år, to nye representantar, Hallgeir Dale og Håkon Remøy, for to år.
Leiaren blei vald med to fråhaldande, og nemnda og varamedlemene vart valde samrøystes.
Desse blei vidare valde samrøystes :
Mållovsansvarleg Erlend Bakke
Næringslivsansvarleg Øystein Skjæveland
Nettansvarleg Bjørn Enes
Ettersynsfolk Livar Aksnes og Arne Apold
Astrid Olsen foreslår tre til å skriva under møteboka for dette møtet :
Astrid Reigstad, Hallgeir Dale, Hans Birger Drange
Astrid foreslår som ny valnemnd Øystein Skjæveland og Alf Jansen.
Styret finn ei ny til valnemnda, ei kvinne, før sommaren. (Alf Jansen kom til i valnemnda i fjor.)
Astrid foreslår som utsendingar til landsmøtet :
Astrid Olsen, Solveig Grønlien, Oddvar Skre, Arild Reigstad, Ingrid Hovstad, Øystein Skjæveland,
Erlend Bakke, Håkon Remøy, Anne Buset Vassbotn og Hans Birger Drange
Varafolk :
Harald Jordal, Johannes Heradstveit og Knut Farestveit
Forslaga vart vedtekne samrøystes.
1250
Fråsegner
Harald Jordal, Odda Mållag :
«Årsmøtet i Hordaland Mållag vil oppmoda Hordalandsbenken på Stortinget reisa forslag om endring
av forskrift til opplæringslova slik: Retten til språkdeling vert utvida til å gjelda ungdomssteget.
Kommunen får kompensert for meirutgiftene.»
Samrøystes vedteke
«Nynorskbyen Bergen
Årsmøtet i Hordaland Mållag vil rosa byrådet i Bergen for å gje nynorsken ein sentral plass i den
politiske plattforma si.
Me viser vidare til kor viktig det er å leggja til rette for nynorsk i barnehage og skule, både i Bergen og i
randsonene utanfor Bergen. Elevar med nynorsk som hovudmål må få behova sine ivaretekne på alle
klassesteg, inkludert ungdomsskulen.
Årsmøtet ber om at nynorsk språk og kultur får ein tydeleg plass i den endelege behandlinga av
skulebruksplanen. Konkret vil dette m.a. innebera at skulane Riple og Haugland ikkje vert lagde ned.»
Samrøystes vedteke.
«Nynorsken må sikrast i reformarbeidet
Årsmøtet i Hordaland Mållag viser til at Vestlandet står overfor nye utfordringar: Samanslåing av
kommunar og av høgare utdanningsinstitusjonar. Store og sentraliserte kommunar og
utdanningsinstitusjonar kan truga stillinga nynorsken har hatt til no, om ein ikkje grip sjansen til å gjera
nynorsken til ein avgjerande del av dei nye strukturane heilt frå starten av.
Det er etter vår vurdering oppsiktsvekkjande at denne viktige språk- og kulturfaktoren ikkje har vore
med i grunnlagsmaterialet for dei to reformene. Årsmøtet krev at dette vert sett som vilkår for
eventuelle samanslåingar. Dette inneber at det må leggjast konkrete planar for bruk og styrking av
nynorsk på alle plan.»
Samrøystes vedteke med endringsframlegg frå Haakon Aase som forhandla fram i møtelyden.
1300
Astrid gav Kåre Johan ei gåve sidan han gir seg som kasserar.
Korte helsingar
1305
Avslutning med song: Småsporven
Astrid Reigstad Hallgeir Dale Hans Birger Drange

Årsmelding 2016

lagt inn 14. aug. 2016, 03:01 av Bjørn Enes

Godkjend på årsmøtet i Hordaland Mållag 12. mars 2016.

I Hordaland Mållag har me 26 lag og 2951 betalande medlemmer i 2015. (Heile Noregs Mållag har på landsbasis 12026 betalande i 2015.) Me har hatt seks styremøte i perioden. Styret er: Astrid Olsen (leiar), Solveig Grønlien (nestleiar), Kåre Johan Mjør (kasserar), 1.vara Sahra Torsvik, 2.vara Arild Reigstad, 3.vara Bjørg Eli Eide. Frå Studentmållaget har Ingrid Hovstad møtt, og Oddvar Skre har møtt frå Skulemålsnemnda. Vemund Hjellbrekke vart attvald til styret, men det var ei misforståing. Han vart difor permittert. Jens Ådnanes hadde eit år att av styreperioden sin, men han måtte trekkje seg.

Difor har varafolka gjort ein mykje større jobb enn i vanlege år. Dei får her ein ekstra takk for innsatsen.

Oppfylgjing av arbeidsprogrammet

HM har fylgt opp dei fleste punkta, slik:

Opplæring i nynorsk; skule, barnehage, Oddamodellen, særeigen innvandraropplæring, nynorske lærestader Det har skjedd mykje når det gjeld nynorskopplæring i fylket. Mange lag driv godt skulemålsarbeid. Odda Mållag har kjempa hardt for at nynorskelevar skal ha rett til å gå i nynorskklasse på ungdomstrinnet. Dei og andre har reist diskusjonen om dette for å gjennomføre denne retten på lik line med slik det lovgyldig er på barnetrinnet. Fleire kommunar har no vedteke opplæring på nynorsk for nye framandspråklege. Men trass i arbeid for å få fleire til å velje nynorsk, er det i dag fleire som vel bokmål for seksåringane sine enn i fjor. Sjå og eigen skulemålsrapport.

Framfor kommune- og fylkestingsvalet skal Hordaland Mållag saman med Noregs Mållag og Odda Mållag skipa til eit møte om nynorsk sin plass i skulen, jf Oddamodellen Møtet vart godt førebudd og vellukka gjennomført 18.august i Litteraturhuset i Bergen. God stemning, der alle politikarane forplikta seg på å fremje nynorsk. – Nokre meir konkret enn andre, men alle var svært positive.

Kontakt med styresmakter HM var med på å skipa til to valmøte i Bergen, - eitt i lag med Odda Mållag og NM, og eitt i lag med Bergen Mållag. På båe møta forplikta samtlege politikarar seg til å stø opp om nynorsk, på ulike måtar. Nokre meir konkrete enn andre. Lokale mållag fylgjer opp politikarane i kommunane. Me har hatt kontakt med fylkesordføraren i samarbeid med Nils Mæhle i Bergen Mållag.

Setja vilkår for at kommunesamanslåingar ikkje skal gå ut over nynorsk Me hadde dette opp som eige punkt på den store Bergenskonferansen i april. Stortingsrepresentant Kjersti Toppe, Sp, med fleire, hadde kommentar etter ei djuptgåande innleiing ved Jan Olav Fretland frå Høgskulen i Sogn og Fjordane. Spørsmålet var og oppe på valmøta.

Næringslivsarbeid Sjå eigen rapport frå Øystein Skjæveland.

Mållovsarbeid Sjå eigen rapport frå Erlend Bakke.

Arbeid retta mot fagrørsla og arbeidsplassane Eit viktig målarbeid, der me har Haakon Aase og Terje Kollbotn som er med i eit sentralt utval i lag med NM og LO.

Kulturliv I år har me endeleg fått nynorskscene i Bergen sentrum. Hordaland Teater overtok scena og romma til Logen teater. Dette har mange jobba for i årevis.  HM fekk ein billett til premieren, Lampefeber, med Helge Jordal. (Astrid var der.) Mange gjer ein stor innsats med framføring av ulike kulturelle uttrykk, og ved å fremja nynorsk kulturliv på ulike måtar.

Blest HM har freista markera seg og blesta nynorsk på ulike måtar: Me starta med Bergenskonferansen (sjå punktet under), som samla mange og gjorde mållaget kjent gjennom omfattande spreiing av informasjonsfoldaren for konferansen samt invitasjonar til store delar av målrørsla, samskipnaden, universitets-og høgskulemiljøa i Noreg. Me reklamerte for nynorsk og oss sjølve ved å ha informasjonsbord på Nynorskkonferansen som Nynorsksenteret skipa til i oktober. I desember hadde HM bokdisk på førjulsmålkafeen i Bergen sentrum. Me var elles aktive med å bleste dei to valmøta med politikarane, som var i Bergen. Me sette opp plakatar, mobiliserte medlemmer og la ut informasjon om møta på papir og på nett. Me har heimeside på nettet, som Bjørn Enes oppdaterer.

Organisasjonsarbeid, internt og med andre Bergenskonferansen var eit samarbeid mellom BM, HM, NM, Høgskolen i Bergen og andre nynorskfolk. Me deltok på årsmøtet i Hordaland Teater, som medeigar. Me var og på årsmøtet til Folkeakademiet. NMU-leiren på Osterøy var me innom, der me fekk halde ei lita helsingsinnleiing. På dei to valmøta i Bergen samarbeidde me med NM og mållaga i Odda og Bergen. Me deltok aktivt på Nynorskkonferansen som Nynorsksenteret skipa til to dagar i oktober. Me var med på ein idedugnad som Bergen Mållag inviterte til 15.oktober. Fleire mållag kom dit. Ei rekkje idear kom på bordet. – Lesarbrevverkstad, nettverkstad, kontakt med barnehage- og lærarstudentar, synleggjering av LM i april, nynorskside i BT, oppfylgjing av nynorsk i offentlege etatar (særleg NAV), språkmeldinga frå Bergen kommune, verving, senda takk til folk som skriv kronikkar og lesarbrev på nynorsk i avisene, samarbeid med Hordaland Teater (HM er medeigar), Oddamodellen, samarbeidsmøte mållag imellom, nynorskkafe, norskopplæring for innvandrarar, nynorsk konsert, nynorskklassar i randsona, organisering på tvers av lag, ut frå interesser. Solveig Grønlien var med på møte om vaksenopplæring i Granvin, i samarbeid med Kvam, Ullensvang og Voss.

Leiaren var på landsrådsmøte i NM i november, der var og styrerepresentant i NM, Haakon Aase.

Me har kontorsamarbeid med BUL-Ervingen, der me brukar møterom, eit skåp og lagerplass.

Arrangera seminar, som satsinga på Bergenskonferansen Denne todagarskonferansen var ein nynorskkonferanse der det kom over 100 folk. Saker der: Ny institusjonsstruktur innanfor høgare utdanning. Språklege konsekvensar med vekt på nynorsk, Bergen som nynorskbyen i Noreg, Norskfaget i lærarutdanninga. Status og utfordringar, Kommunereforma – konsekvensar for nynorsken? Nynorskforsking, Media og nynorsk.

M.a. sidan Nynorsksenteret hadde den store Nynorskkonferansen i Bergen, prioriterte me ikkje å laga eige seminar om hausten. Fleire av medlemmene våre var der.

Stø opp om tilskipingar til dei lokale mållaga I perioden har me løyvt pengar til laga i Kvam, Sotra og Kvinnherad, NMU og tidsskriftet Røyst.

Tilsetja løna arbeidshjelp i fylkeslaget. Styret fekk fullmakt til å arbeida vidare med saka. Dette har me arbeidd ein god del med. I sommar fekk me nyss om at ein som ville passa ekstra godt til ei slik stilling, kanskje hadde høve til å takka ja. Nokre månader såg det ut som om han vart den utkåra. Men så måtte han takka nei likevel. Me har sett ned eit utval som skal få på plass stillinga. Der er Gro Morken frå NM, Nils Mæhle frå BM og Bjørg Eli Eide og Astrid Olsen frå HM. Me har jobba med det organisatoriske og ikkje minst med å få meir pengar til stillinga. Difor går me inn for at målgåva til HM i 2015 skal gå uavkorta til dette. Nils Mæhle har hatt møte med Hordaland fylkeskommune, for å be om at dei og stør stillinga økonomisk. Det same vil han/me be Bergen kommune om. Årsmøtet vårt løyvde 150 000,-, BM 20 000, NM 50 000. Vi driv no og søkjer pengar frå ulikt hald.

Det er mykje me gjerne ville ha gjort. Me treng folk som jobbar målsak i arbeidstida. Me har så mange planar, - få liv i sovande og nye lag, blest, kontinuerleg kontakt med skulesjefar og andre. Me er i randsona så det susar. Me tapar terreng når det gjeld tal på nynorskelevar i skulen. Me må stogga nynorskflukta som 1.klasseforeldra særleg stend for. Opplæringsmål i barnehage og alle skuleslag er viktig.

Det er komne mange asylsøkjarar til fylket vårt. Me har mange arbeidsinnvandrarar, og. Det er avgjerande at innvandrarar ikkje vert loste inn i bokmål, noko dei stort sett er råka av i dag. Ein del kommunar i fylket har siste året betra seg, når det gjeld opplæringsmål for framandspråklege.

Me burde hatt nokre tilsette skulemålsskrivarar, nokre organisasjonsarbeidarar, nokre blestfolk. Men vi må i det minste få ein tilsett (i eit år...)

Masfjorden Mållag er snart oppattskipa. Haakon Aase var der for å halde innleiing.


I Hordaland opplever me lite hets mot nynorsk. Mange har vyrnad for både målet og arbeidet me driv for å fremja nynorsk. Likevel observerer me diverre at nynorskprosenten går ned i fylket. Randsonene er under sterkt press. All tenkjeleg god nynorskbruk kan me gleda oss over. M.a. er det no fleire foreldre i Bergen sentrum, som vil ha nynorsk for borna sine. Men om ikkje fleire vel nynorsk for fyrsteklassingane sine, ser ikkje framtida like ljos ut for skriftspråket vårt.

Årsmøte 2015

lagt inn 14. aug. 2016, 03:00 av Bjørn Enes

MØTEBOK ÅRSMØTE HORDALAND MÅLLAG 28. FEBRUAR OG 1. MARS 2015

Årsmøtet og seminar vart halde på Ågotnes hotell. Det var xx utsendingar på årsmøtet.

Seminar innheldt tri innleinar: Ingar Arnøy om Nynorsk for vaksne innvandrarar, Øystein Skjæveland om Nynorsk i barnehage og Oddamodellen, Hjørdis Maria Longva om Korleis fremja nynorsk i populærkulturen.

Sak 1. Opning og konstituering.

Leiar Astrid Olsen opna møtet. Det var ingen merknader til innkallinga.

Val av ordstyrarar: Alf Jansen og XXXX. Samrøyses valde

Val av røysteteljarar: XXXXXX Samrøystes valde

Val av fullmaktsnemnd: Astrid Olsen, Arild Reigstad og Solveig Grønlien. Samrøystes vald

Val av underskrivarar til møteboka: Eldbjørg Kræmer, Nils Mæhle og Marit Ørstad. Samrøystes valde


Sak 2. Utdeling av målpris.

Leiar Astrid Olsen delte ut målprisen til XXX Salatbar


Sak 3. årsmelding.

Leiar Astrid Olsen las opp årsmeldinga.

Desse hadde innlegg: Knut O. Dale, Oddvar Skre, nr 35 (Arna Mållag)

Det kom en merknad til årsmeldinga, frå Knut O. Dale: I årsmeldinga til Hordaland Mållag må det stå eit punkt om årsmøtet i arbeidsåret. Det må òg stå kven som er innvalde i styret og i valnemnda.

Godkjenning: Årsmeldinga vart samrøystes godkjend med merknaden frå Knut O. Dale.

Mållovsrapport: Mållovsrapporten var lesen av Soleig Grønlien

Næringslivsnemnda: Øystein Skjæveland las opp rapport frå næringslivsnemnda

Skulemålsnemnda: Oddvar Skre las opp rapport frå skulemålsnemnda

  • Innlegg til raportane: Nils Mæhle hadde innlegg.


Sak 4. Rekneskapen

Solveig Grønlien la fram rekneskapen

Desse hadde innlegg: Alf Jansen, Astrid Olsen og Håkon Aase.

Framlegg til merknad til rekneskapen, frå Håkon Aase: Årsmøtet godkjenner rekneskapen med føresetnad om at det kjem revisormelding på fyrste styremøtet etter årsmøtet.

Godkjenning: Rekneskapen vart samrøystes godkjend med merknaden frå Håkon Aase.


Sak 5. Arbeidsplan for 2015-16

Astrid Olsen la fram framlegg til arbeidsplan. Håkon Aase vitra om strategi for alt starta arbeid med nynorsk i fagrørsla. Dinest var det idemyldring.

Desse hadde innlegg: Knut O. Dale, Roald Å. Kleppe, Nils Mæhle, Hans Birger Drange, Håkon Aase, Haldor Telle, Marta Nagel Alne.

Framlegg til endringar/tillegg. Desse hadde framlegg:

a) Håkon Aase, nytt punkt: Arbeid rettamot fagrørsla og arbeidsplassane

- Vedtak: Saka vart sendt til styret. Samrøystes.

b) Roald Å Kleppe: Styret får i oppgåve å forma ut korte konkretiseringar av aktuelle tiltak under kvart hovudpunkt

- vedtak: Samrøystes vedteke

c) Nils Mæhle, nytt punkt: Årsmøtet i Hordaland Mållag 2015 går inn for å tilsetja løna arbeidshjelp i fylkeslaget. Styret for fullmakt til å arbeida vidare med saka.

- vedtak: Samrøystes vedteke

d) Knut O. Dale, nytt punkt: Framfor kommune- og fylkestingsvalet skal Hordaland Mållag saman med Noregs Mållag og Odda Mållag skipa til eit møte om nynorsk sin plass i skulen, jf Oddamoddelen.

- vedtak: Samrøystes vedteke


Sak 6. Budsjett

Astrid Olsen la fram framlegg til budsjett

Desse hadde innlegg: Marta Nagel Alne, Nils Mæhle, Knut O. Dale, Oddvar Skre og Øystein Skjæveland

Framlegg til endringar/tillegg:

a) Frå Astrid Olsen: Auka posten andre utgifter med 40.000

- Vedtak: samrøystes vedteke

b) frå Oddvar Skre: Hordaland Mållag skal ha målgåveaksjon i 2015 og setja av kr 180 000 på inntektssida og kr 40 000 på utgiftssida til dette arbeidet.

- vedtak: Samrøystes vedteke

c) Frå Nils Mæhle, ny utgiftspost: Hordaland Mållag skal setja av kr 150 000 til tilsetjing av løna arbeidshjelp.

- Vedtak: Samrøystes vedteke

- Vedtak heile budsjettet: Samrøystes vedteke


Sak 7. Fråsegner

Det var tri framlegg til fråsegner. Alle vart samrøystes vedteke.

Desse hadde ordet under ordskiftet: Knut O. Dale, Håkon Aasen, Roald Å Kleppe

rå Odda Mållag, intern fråsegn:

Årsmøtet i Hordaland Mållag vil i det komande året arbeida aktivt for å auka oppslutninga om Oddamodellen – spåkdeling på alle teoretiske fag på ungdomsskuletrinnet – i Hordaland, spesielt i kommunar som er språkdelte. Dette vil vera eit viktig verkemiddel for å styrkja nynorsken i grunnskulen og motverka målbyte på ungdomstrinnet i grunnskulen og i den vidaregåande skulen. Hordaland Mållag vil samarbeida med Odda Mållag og Noregs Mållag for å gjera dette til ei nasjonal ordning i språkdelte område. Hordaland Mållag vil arbeida aktivt for å påverka fylkespartia i Hordaland og Hordalandsbenken på Stortinget i denne saka. Målet med arbeidet er for det første å få lovfesta Oddamodellen som ei allmenn og nasjonal ordning og for det andre å få fastslått at staten skal dekja meirkostnadene kommunane vil få med språkdelinga på ungdomssteget i grunnskulen.


Frå Nils Mæhle, ekstern fråsegn:

FRÅSEGN ÅRSMØTET I HORDALAND MÅLLAG 2015

 KOMMUNEREFORMA – KONSEKVENSAR FOR NYNORSKEN?

Hordaland Mållag viser til arbeidet med kommunerereforma og har merka oss at spørsmål som gjeld bokmål og nynorsk ikkje er tekne opp i førearbeida.

Årsmøtet i Hordaland Mållag bed om at desse instansane prioriterer dette spørsmålet i arbeidet frametter:

-          - Statsråd Jan Tore Sanne

-          - Hordalandsbenken på Stortinget

-          - Fylkesmannen i Hordaland

-          - Hordaland fylkeskommune

-          - Kommunane i Hordaland

Årsmøtet i Hordaland Mållag vil særleg be om at alle kommunestyra i Hordaland handsamar spørsmålet som eiga sak.


Frå Nils Mæhle, ekstern fråsegn:

NORSKOPPLÆRING FOR VAKSNE INNVANDRARAR PÅ NYNORSK

Hordaland Mållag veit at mange nynorskkommunar gjev norskopplæring for vaksne innvandrarar på bokmål. Me meiner dette er eit trugsmål for bruk av nynorsk i det norske samfunnet.

Årsmøtet i Hordaland Mållag bed om at dei aktuelle departementa og kommunane tek tak i saka. Dette inneber både opplæring på nynorsk og utarbeiding av tenlege læremiddel. Desse læremidla skal koma til same pris på bokmål og nynorsk. 

Årsmøtet i Hordaland Mållag bed spesielt om at nynorskkommunane i Hordaland ser til at denne opplæringa vert på nynorsk.


Sak 8. Val

Valnemnda ved Øystein Skjæveland la fram framlegg til nytt styre:

Leiar: Astrid Olsen. Samrøyses vald

Styremedlem for 2 år: Solveig Grønlien. Samrøystes vald

Styremedlem for 2 år: Vemund Hjellebrekke. Samrøystes vald

Ikkje på val: Kåre Johan Mjør og John Helleland Ådnanes.

Vara til styret: Alle vart samrøyses valde

1. Sahra Torsvik

2. Arild Reigstad

3. Bjørg Eli Eide

4. Øyvind Heitmann

5. Silje Namtvedt


Framlegg til skulemålsnemnd. Alle vart samrøystes valde.

Oddvar skre, leiar

Erlend Bakke

Ingrid Hovstad


Vara til skulemålsnemnda. Alle vart samrøystes valde.

1. Hallgeir Dale

2. Mona Stormark

3. Astrid Myren

4. Edit Jørgenvik

5. Arild Reigstad


Framlegg til ansvarleg for næringslivsnemnda: Øystein Skjæveland. Samrøystes vald

Framlegg til ansvarleg for mållovsnemnda: Erlend Bakke. Samrøystes vald.

Framlegg til Ettersynsmenn: Livar Aksnes og Arne Apold. Båe vart samrøystes valde.


Styret la fram framlegg til valnemnd:

Øystein Skæveland (ikkje på val)

Martin Årseth (ny). Samrøystes vald

Alf Jansen (ny). Samrøystes vald.


Sluttrapport - prosjekt Bondestudentar

lagt inn 14. aug. 2016, 02:58 av Bjørn Enes

Teaterprosjektet Bondestudentar har vore hovedsatsinga i Språkåret og Grunnlovsjubileet for Hordaland Mållag saman med Bergen Mållag, Fana Mållag – og etter kvart dei fleste andre mållaga i Hordaland.

Utviklinga av stykket vart gjort av Arvid Ones (regissør), Liv Hatle (manusforfattar og forteljar) og Jan Holden (scenograf). Me hadde vona å få finansiert utviklinga gjennom løyvingar m.a frå Språkårmidlar. Dette lukkast ikkje. Me fekk 10.000 kroner frå Hordaland Fylke, utanom det måtte me finansiere utviklinga sjølve. Bergen Mållag, Fana Mållag og Noregs Mållag støtta utviklingsarbeidet direkte. Så måtte me plusse på prisen for kvar framsyning med eit bidrag til utviklingsarbeidet. Hordaland Mållag gjekk så inn med ein underskotsgaranti på i alt 20.000 kroner for å gjere det enklare for lokale mållag å setje opp stykket. Og endeleg sa Liv Hatle seg viljug til å redusere sine honorar for å gjere turneen mogler. 

Rekneskapet for utviklingsarbeidet er med i vedlagt PDF-dokument) 


Heile prosjektet har pågått frå ettervinteren 2013 fram til april 2014. Den fyrste framsyninga var på Litteraturhuset i Bergen den 26. april 2013, den 16. og førebels siste var på Stord 28. mars 2014. Det ser ut til at siste framsyning vert på Den nationale scene i Bergen i juni 2014. 

Økonomien for heile prosjektet er framstilt i vedlagt PDF-dokument) 

Me arbeider med å finne løysningar på korleis det samla underskotet skal dekkast inn.

Bruk av løyvinga frå Hordaland Mållag:

Sjå vedlagt PDF-dokument. 

Sluttoppgjer; Sjå vedlagte PDF-dokument (Sluttrapport og Referat frå oppklaringsmøte) 


For Dugnadskomiteen i prosjekt Bondestudentar

Bjørn Enes 


Referat - oppklaringsmøte 23/8-2014

Sluttrapportar - alle 

Årsmøte 2014

lagt inn 14. aug. 2016, 02:55 av Bjørn Enes

Årsmøte Hordaland Mållag, Øystese 16. mars 2014

Møteleiarar: Håvard Gjerde, leiar Kvam Mållag, Eli Bergsvik, Sotra Mållag.

Leiar Astrid Olsen opna møtet


Årsmøtesaker, formalia:

Årsmøtet godkjende møteplanen.


Årsmelding:

Astrid Olsen la fram årsmeldinga.

Oddvar Skre la fram skulemålsrapporten.

Øystein Skjæveland la fram rapport om arbeid med næringsliv.

Erlend Bakke snakka om mållovsarbeidet.

Bjørn Enes snakka om dugnadsprosjektet med teaterstykket Bondestudentar.


Godkjenning av årsmeldinga:

Stryk mållovsansvarleg på andre side.

Merknad vedr Gunnar Skirbekk. Årets nynorskbrukar.

Samrøystes godkjent.

Alle andre meldingar godkjende samrøystes.


Rekneskap

Kåre Johan Mjør la fram rekneskapen:

Rekneskapen samrøystes vedteke.


pause


Fråsegner

Frå Oddvar Skre:

Nynorsk skilting på Flesland.


Arbeidsplan

Solveig Grønlien la fram arbeidsplanen.

Etter ordskifte vart arbeidsplanen samrøystes vedteken med desse endringane:

  • Formuleringa ”(….)halda fram med å ha mållovsansvarleg/utval.” vert stroken. og erstatta med ”- ha eit utval som arbeider med mållovssaker.”

  • Setninga ”- arbeida for å få liv i sovande lag, og hjelpa til med å skipa nye lag.” vert lagt til

  • Setninga ”- arbeida for at Avinor skal nytta nynorsk ved Bergen Lufthamn Flesland” vert lagt til i arbeidsplanen.


Budsjett

Kåre Johan Mjør la fram budsjettet for 2014.

Oddvar Skre la fram skulemålsbudsjettet for 2014.

Budsjettet vart vedteke med desse endringane:

  • Øyremerka 5000 i ”Reiseskrivingar” til oppretting av nye mållag

  • Budsjettposten Løyvingar/helsingar auka frå 10 000 kroner til 20 000 kroner

  • Styret får fullmakt til å vedta ekstraløyvingar på inntil 40 000.

  • Styret løyver 10 000 kroner til Bergen mållag sitt reklamefilmprosjekt


Skulemålsbudsjettet vart samrøystes vedteke utan endringar.

Årsmøtet vedtok å ikkje auka årspengane.



Val

Hordaland Mållag:

Astrid Olsen attvald som leiar

Jens Helleland Ådnanes og Kåre Johan Mjør attvald.

Ny førstevara vart vald: Sahra Torsvik, Øygarden


Skulemålsnemnd:

Oddvar Skre attvald som leiar.

Erlend Bakke attvald.


Næringslivsutval:

Øystein Skjæveland vald som leiar.


Mållovsutval:

Erlend Bakke vald som leiar.


Ettersynsfolk.

Malena Aasen og Arild Reigstad.



Skrivar: Jens Helleland Ådnanes


Årsmelding 2013

lagt inn 14. aug. 2016, 02:54 av Bjørn Enes

Melding frå årsmøtet mars 2013 til årsmøtet mars 2014


Hordaland Mållag er det største fylkesmållaget, med sine 3275 medlemmer. Her finst 23 aktive mållag. Styret har desse medlemmene: Astrid Olsen, leiar, Solveig Grønlien, nestleiar, Kåre Johan Mjør. Kassarar, Vemund Hjellbrekke, skrivar, Jens Ådnanes, styremedlem, Eli Randmo, fyrste vara. Oddvar Skre er leiar i skulemålsnemnda og har møterett på alle styremøta. Styret har hatt 7 styremøte. Elles i skulemålsnemnda sit Erlend Bakke, Astrid Myren. Ingrid Hovstad, Arild Reigstad. Øystein Skjæveland er leiar i næringslivsutvalet. Erlend Bakke fylgjer opp mållova.


Skulemålsnemnda har eit stort ansvarsområde; - barnehage, grunnskule, vidaregåande og høgskule.   (Eigen rapport ved Oddvar Skre.)


Språkåret 2013 har prega målarbeidet i fylket. Nynorskstafetten, med den orange aktivistbussen har vitja over 30 ulike stader/kommunar. Dette har generert mykje aktivitet i lokallaga. Det har vore møte med mållagsstyre, lag, kommunepolitikarar, skular og rådmenn.


Teaterprosjektet Bondestudentar, av og med Liv Hatle, har vore ei storsatsing. Dette er eit samarbeid mellom Fana, Bergen og Hordaland Mållag. Dugnadskomiteen har jobba mykje og lenge med å få framsyningar ulike stader. Til no er stykket vist i Litteraturhuset i Bergen, i Kultursalen i Fana, i Oseanna i Os, på Radøy, i Åsane, i Fjell, i Odda, på Voss, i Kvam, i Etne og på Husnes. Over 300 har sett stykket. Enno står fleire framsyningar att. Regissør har vore Arvid Ones og lys, lyd og scenemann har vore Jan Holden.

Teaterprosjektet har vore vellukka og godt. Men det har teke mange arbeidstimar, særleg frå Oddvar  Skre og Bjørn Enes i dugnadskomiteen. Andre har og vore med i denne komiteen frå tid til anna. Men desse to har lagt ned fleire månaders dugnadsinnsats i dette.

(Eigen rapport frå dugnadskomiteen.)


Fleire lag har hatt godt samarbeid i året som gjekk. Konserten med Henning Sommero, med songar få «Neonlys på Ivar Aasen», var eit samarbeid mellom Mållaga i Nordhordaland og Bergen. Haakon Aase frå Meland Mållag var den som var initiativtakar.

Ottar Grepstad hadde ein turne om Ivar Aasen, der fleire lag samarbeidde om seminar, m.a. var BUL-Ervingen og Bergen Mållag ansvarlege for seminaret i Gimle i Bergen.

Det vellukka val-politikarmøtet i Bryggemuseet i Bergen om sidemålet, var samarbeid mellom Odda Mållag, Ullensvang Mållag, Bergen Mållag, Vestmannalaget og Hordaland Mållag. Knut O. Dale i Odda var initiativtakar.

Lærarmållaget, Vestmannalaget, Bergen Mållag og Hordaland Mållag hadde eit godt inspirasjonsseminar for lærarar. Initiativtakar var Håvard Tangen i Lærarmållaget.

Samarbeid mellom mållag og lag i NMU og SMIB er og styrka. Men her treng vi å utvida samarbeidet.


Det har vore forfattarkveldar, biblioteksarrangement, språkfaglege innleiingar, seminar, nynorskbarar og ulike møte, internt og eksternt, gjennom ulike lag i Hordaland. Vi spesifiserer ikkje dette her, men vil likevel nemne noko særskilt: Husnes Mållag realiserer no ei ny barnebok og CD med songar. Vi vonar mange vil kjøpe desse og samarbeide med barnehagar. Alt for ofte møter ungane bokmål i barnehagen, i område der vi trudde nynorsk stod sterkt.


Det har vore mange offentlege debattar om nynorsk i året som gjekk.

Hordaland teater har endeleg kome nærare ei permanent nynorskscene i Bergen sentrum. HM er medeigar av Hordaland teater og var på årsmøte der. Vi vart og representert gjennom ei skriftleg helsing i jubileumsboka deira i 2013.


Folkeakademiet er vi og medlem av, og deltok på årsmøtet i 2013.


Heimesidene våre har fått eit kraftig løft, og vert fortløpande oppdaterte.


Utsending/medlemsbrev på papir, sende vi ut i september. Det er dyrt å sende ut slikt via posten. Men vi har svært lojale medlemmer i Hordaland. Vi fekk inn meir enn kr. 60 000,- netto i målgåver etter sendinga. (Sjå rekneskapen.)


Mållovsansvarleg Erlend Bakke har lagt ned eit stort arbeid gjennom å skrive svært mange brev til ulike instansar om brot på mållova. Dette arbeidet har mange lagt merkje til på landsbasis. Erlend Bakke er namngjeten for dette arbeidet, og mange statlege organ har skjerpa seg pga arbeidet hans.


Målprisen 2013 gjekk til Høgskulen i Bergen. Vi delte ut prisen og hadde eit godt møte med administrasjonen på Høgskulen. Dei var ivrige nynorskfolk, og såg fram til at dei nye lokala som opnar i Bergen i august 2014, er skilta på nynorsk.


Det er mykje vi ikkje har gjort i Hordaland Mållag, og av planane vi hadde: Viktige arbeidsoppgåver som studiesirklar og kurs, - kontakt med fylket, LNK og samferdsleføretaka, - arbeid for nynorsk blant innvandrarar, sidemålsundervisning og skiping av nye eller nytt liv i sovande lag. Arbeidsoppgåvene har vore mange. Noko er gjort, noko er ugjort.

Vi vil likevel oppsummere at Hordaland Mållag er eit levande fylkeslag med aktivitet innan mange område og i mange lag.


Det finst målpolitisk usemje om normering i fylket. Vi har svært dyktige folk som er usamde i normeringsspørsmålet, i Hordaland.

Vi vil og nemne at «Årets nynorsking» Gunnar Skirbekk, er medlem i fylket vårt.

Arbeidsprogram 2013

lagt inn 14. aug. 2016, 02:52 av Bjørn Enes

Hovudmål:

Å auke kjennskapen til nynorsk, og å få fleire til å bruke nynorsk og fremja nynorsk på alle område i samfunnet.

Delmål:

1. Organisasjonsarbeid.

Hordaland Mållag ynskjer å:

  • Få liv i sovande lokallag og i samarbeid med NMU bidra til å få liv i sovande målungdomslag.

  • Arbeida for betra kontakt med lokallaga og målungdomslaga, t.d. gjennom felles arrangement.

  • Samarbeida med andre fylkeslag på Vestlandet og med Noregs Mållag om felles tiltak på tvers av fylkesgrensene.

  • Arrangera studiesirklar og kurs i organisasjonsarbeid

  • Verva nye medlemmer

  • Kontakt medlemene for å få ressurspengar til ulike arbeidsoppgåver. Samla elektronisk kontaktinformasjon for å gjera denne kontakten lettare.

  • Styrka skulemålsarbeidet


2. Barnehage, skule og oppvekst

For at barn skal læra nynorsk så tidleg som råd, vil Hordaland Mållag arbeida for at det fins lesestoff på nynorsk på alle alderstrinn i barnehagar og skular, og at læremiddel finst på nynorsk.

Tiltak:

  • Arbeida for fleire lese- og songbøker på nynorsk i barnehagane.

  • Informera om nynorsk for barnehagetilsette og for foreldra.

  • Arbeida for å oppretta nynorske parallellklassar i bokmålskrinsar og forsvara nynorsken ved skulemålsrøystingar.

  • Arbeida for at læremiddel for framandspråklege finst på nynorsk.

  • Arbeida for ei betre sidemålsundervisning, og for at bokmålsungdom skal sjå nytten og verdien av å kunna skriva nynorsk.

  • Arbeida for å bremsa nynorskflukt i nynorske skulekrinsar

  • Arbeida for å betra nynorskundervisinga


3. Nynorsk for innvandrarar

Hordaland Mållag skal arbeida for betre tilgang til nynorske læremiddel for innvandrarar og for at nynorsk i større grad vert nytta som opplæringsmål i nynorskkommunar

Tiltak:

  • I samarbeid med LNK arrangera møte med kommunane for å betra på situasjonen.

  • Hjelpa kommunane til å skaffa læremiddel i nynorsk for innvandrarar.

  • Samla røynsler frå lokallaga og formidla dei i nyhendebrev til laga.


4.Gjera nynorsken meir synleg

Nynorsk en er generelt for lite synleg i media, næringslivet, organisasjonslivet og i offentleg administrasjon, og ei hovudoppgåve for Hordaland Mållag er å gjera han meir synleg i samfunnet og såleis gjera det lettare for folk å ta han i bruk.

Tiltak:

  • Arbeida for meir nynorsk i alle media, og oppmuntra til at det blir nytta nynorsk på nettet og i lesarbrevspaltene.

  • Oppmuntra til og rosa bruk av nynorsk i næringslivet.

  • Sjå til at mållova vert etterlevd.

  • Arbeida for at Hordaland fylke held fast på nynorsk som administrasjonsmål og at store statlege føretak som Haukeland Sjukehus respekterer mållova.

  • Arbeida for å få fleire frivillige lag og organisasjonar til å nytta nynorsk.

  • Arbeida for at dei store samferdsleføretaka i Hordaland (som Skyss, Tide og NSB) og interkommunale føretak (som BIR, BKK og BRB) nyttar meir nynorsk i marknadsføringa og i informasjon til publikum.

  • Følgja opp «Nynorsk i offentleg ordskifte» – eit prosjekt for å gje systematisk attendemeldingar til dei som skriv nynorsk offentleg, til dømes i lesarbrev i avisene.


5. Kulturlivet.

Hordaland Mållag vil arbeida for at nynorsk blir ein grunnleggjande del av ein vestnorsk identitet.

Tiltak:

  • Stø opp om nynorsk kulturliv og samarbeida med mellom andre forfattarmiljøet i Hordaland og Hordaland Teater om Nynorsk Kultursentrum i Bergen og andre felles tiltak.

  •  Gjennomføra «Språkårprosjektet» Bondestudentar i samarbeid med Fana Mållag, Bergen Mållag, skodespelaren Liv Hatle og regissøren Arvid Ones.


6. Medlemskontakt

Tiltak:

  • Hordaland Mållag vil i 2013 senda ut skrivet «Nytt om nynorsk i Hordaland» til alle medlemmene i fylket.


13. februar 2013 – Årsmøtet i Hordaland Mållag

Årsmøte i Hordaland Mållag 2013

lagt inn 14. aug. 2016, 02:50 av Bjørn Enes

16. mars 2013, Litteraturhuset i Bergen


Møtet tok til klokka 15.00, leiar i Hordaland Mållag, Martin Årseth helste velkomen.


Konstituering

1. Val av møteleiing og skrivar

Ordstyrar: Astrid Olsen og Olav Skeie

Skrivar: Jens Helleland Ådnanes

Underskrivarar av møtebok: Mari Lysne, Oddmund Vevle, Hanna Kvalheim Hekkelstrand.

Røysteteljarar: Ingunn Teigland, Livar Aksnes.


2. Godkjenning av innkalling, saksliste og dagsorden.

17 røysteføre til stades.

Askøy Mållag har ikkje fått sendt inn årsmelding, men årsmøtet gjev løyve til at representantar får rettar på lik line med andre.



Årsmøtesaker

1. Årsmelding og rekneskap 2012

Årsmeldinga for Hordaland Mållag vart lagt fram av Martin Årseth.

Merknad til Tillitsvalde:

Livar Aksnes påpeikar at han er oppført som ettersynsmann, men at han ikkje er vorten informert om dette. Kåre Johan Mjør, kasserar, seier at Aksnes er vald til ein av to revisorar, men ved ein glipp ikkje vorten informert om dette. Arne Apold har revidert rekneskapen.

Merknad til Øvrige merknader:

Erlend Bakke spør kvifor målgåveaksjonen ikkje vart gjennomført i 2012. Kåre Johan Mjør svarar at produksjonen av bladet ikkje vart ferdig, og at styret ikkje berre ville senda ut ein blankett.

Andre merknader:

Livar Aksnes etterlyser at medlemstalet for Hordaland Mållag er oppført i årsmeldinga. Kåre Johan Mjør opplyser at talet på medlemmer er 3056, og at dette skal vera med i neste årsmelding.

Vedtak: Årsmeldinga vart godkjent.


Årsmeldinga frå skulemålsnemnda vart lesen opp av Erlend Bakke.

Vedtak: Årsmeldinga vart godkjend.


Rekneskap

Kasserar Kåre Johan Mjør la fram rekneskapen.

Vedtak: Rekneskapen vert godkjent slik han ligg føre.


2. Arbeidsprogram 2013

Arbeidsprogrammet for 2013 vart lagt fram av Solveig Grønlien.

Arbeidsprogrammet fekk følgjande endringar:


Nytt kulepunkt under Organisasjonsarbeid (frå Øystein Skjæveland)

  • Kontakt medlemene for å få ressurspengar til ulike arbeidsoppgåver. Samla elektronisk kontaktinformasjon for å gjera denne kontakten lettare.

Samrøystes vedteke.

Nytt kulepunkt under Barnehage, skule og oppvekst (frå Astrid Olsen)

  • Arbeida for å bremsa nynorskflukt i nynorske skulekrinsar

Samrøystes vedteke

Nytt kulepunkt under Organisasjonsarbeid (frå Erlend Bakke)

  • Styrka skulemålsarbeidet

Samrøystes vedteke

Nytt kulepunkt under Barnehage, skule og oppvekst (frå BUL)

  • Arbeida for å betra nynorskundervisinga

Samrøystes vedteke




Tillegg til første kulepunkt under Organisasjonsarbeid (frå Øyvind Heitmann)

  • Få liv i sovande lokallag og i samarbeid med NMU bidra til å få liv i sovande målungdomslag.

Samrøystes vedteke




3. Budsjett, årspengar 2013

Kåre Johan Mjør la fram budsjettet for 2013, med merknad om at budsjettet for medlemspengar er for lågt og skal vera 150 000 kroner, ikkje 110 000.

Budsjettet vart samrøystes vedteke med desse endringane.

Utgifter til blestarbeid vert auka til 10 000 kroner.

Utgifter til årsmøte vert auka til 46 000 kroner.


Årspengar 2014

Medlemstalet er 3056, medlemspengar 50 kroner, 25 for familiemedlemer.


4. Fråsegner

Ingen fråsegner.


5. Utdeling av målpris

Målprisen for 2013 går til Høgskolen i Bergen.


6. Val til styre og til landsmøteutsendingar

Valnemnda ved Øystein Skjæveland la fram si innstilling. (NB: Dette skjedde tidlegare i møtet, då Skjæveland måtte reisa tidleg.)

Styret i Hordaland Mållag:

Leiar: Astrid Olsen, nyvald eitt år

Nestleiar: Solveig Grønlien, attval to år

Styremedlem: Vemund Hjellbrekke, nyvald to år

Ikkje på val: Kåre Johan Mjør, Jens Helleland Ådnanes.


Vara til styret, valde for eitt år:

1. vara: Eli Randmo

2. vara: Arild Reigstad

3. vara: Marita Helleland Ådnanes

4. vara: Silje Namtvedt

5. vara: Karin Monstad


Skulemålsnemnda:

Leiar: Oddvar Skre

Erlend Bakke

Astrid Myren

Ingrid Hovstad

Arild Reigstad

Vara:

1. Mona Stormark

2. Hallgeir Dale

3. Edit Jørgenvik

Valnemnda sine innstillingar vart samrøystes vedtekne.

Valnemnd

Arne Apold, Øystein Skjæveland (ikkje på val) og Martin Årseth (vald for to år).


Landsmøteutsendingar:

Astrid Olsen

Vemund Hjellbrekke

Jens Helleland Ådnanes

Solveig Grønlien

Øystein Skjæveland

Ingvild K. Vevle

Oddvar Skre

Martin Årseth


Vara:

Ragne Gjengedal

Oddmund Vevle

Eli Randmo

Arild Reigstad








______________________________________

Jens Helleland Ådnanes, skrivar:






_____________________________ ____________________________ _________________________________

Mari Lysne, Oddmund Vevle, Hanna Kvalheim Hekkelstrand.

Underskrivarar av møteboka

1-8 of 8