Årsmelding 2013

lagt inn 14. aug. 2016, 02:54 av Bjørn Enes

Melding frå årsmøtet mars 2013 til årsmøtet mars 2014


Hordaland Mållag er det største fylkesmållaget, med sine 3275 medlemmer. Her finst 23 aktive mållag. Styret har desse medlemmene: Astrid Olsen, leiar, Solveig Grønlien, nestleiar, Kåre Johan Mjør. Kassarar, Vemund Hjellbrekke, skrivar, Jens Ådnanes, styremedlem, Eli Randmo, fyrste vara. Oddvar Skre er leiar i skulemålsnemnda og har møterett på alle styremøta. Styret har hatt 7 styremøte. Elles i skulemålsnemnda sit Erlend Bakke, Astrid Myren. Ingrid Hovstad, Arild Reigstad. Øystein Skjæveland er leiar i næringslivsutvalet. Erlend Bakke fylgjer opp mållova.


Skulemålsnemnda har eit stort ansvarsområde; - barnehage, grunnskule, vidaregåande og høgskule.   (Eigen rapport ved Oddvar Skre.)


Språkåret 2013 har prega målarbeidet i fylket. Nynorskstafetten, med den orange aktivistbussen har vitja over 30 ulike stader/kommunar. Dette har generert mykje aktivitet i lokallaga. Det har vore møte med mållagsstyre, lag, kommunepolitikarar, skular og rådmenn.


Teaterprosjektet Bondestudentar, av og med Liv Hatle, har vore ei storsatsing. Dette er eit samarbeid mellom Fana, Bergen og Hordaland Mållag. Dugnadskomiteen har jobba mykje og lenge med å få framsyningar ulike stader. Til no er stykket vist i Litteraturhuset i Bergen, i Kultursalen i Fana, i Oseanna i Os, på Radøy, i Åsane, i Fjell, i Odda, på Voss, i Kvam, i Etne og på Husnes. Over 300 har sett stykket. Enno står fleire framsyningar att. Regissør har vore Arvid Ones og lys, lyd og scenemann har vore Jan Holden.

Teaterprosjektet har vore vellukka og godt. Men det har teke mange arbeidstimar, særleg frå Oddvar  Skre og Bjørn Enes i dugnadskomiteen. Andre har og vore med i denne komiteen frå tid til anna. Men desse to har lagt ned fleire månaders dugnadsinnsats i dette.

(Eigen rapport frå dugnadskomiteen.)


Fleire lag har hatt godt samarbeid i året som gjekk. Konserten med Henning Sommero, med songar få «Neonlys på Ivar Aasen», var eit samarbeid mellom Mållaga i Nordhordaland og Bergen. Haakon Aase frå Meland Mållag var den som var initiativtakar.

Ottar Grepstad hadde ein turne om Ivar Aasen, der fleire lag samarbeidde om seminar, m.a. var BUL-Ervingen og Bergen Mållag ansvarlege for seminaret i Gimle i Bergen.

Det vellukka val-politikarmøtet i Bryggemuseet i Bergen om sidemålet, var samarbeid mellom Odda Mållag, Ullensvang Mållag, Bergen Mållag, Vestmannalaget og Hordaland Mållag. Knut O. Dale i Odda var initiativtakar.

Lærarmållaget, Vestmannalaget, Bergen Mållag og Hordaland Mållag hadde eit godt inspirasjonsseminar for lærarar. Initiativtakar var Håvard Tangen i Lærarmållaget.

Samarbeid mellom mållag og lag i NMU og SMIB er og styrka. Men her treng vi å utvida samarbeidet.


Det har vore forfattarkveldar, biblioteksarrangement, språkfaglege innleiingar, seminar, nynorskbarar og ulike møte, internt og eksternt, gjennom ulike lag i Hordaland. Vi spesifiserer ikkje dette her, men vil likevel nemne noko særskilt: Husnes Mållag realiserer no ei ny barnebok og CD med songar. Vi vonar mange vil kjøpe desse og samarbeide med barnehagar. Alt for ofte møter ungane bokmål i barnehagen, i område der vi trudde nynorsk stod sterkt.


Det har vore mange offentlege debattar om nynorsk i året som gjekk.

Hordaland teater har endeleg kome nærare ei permanent nynorskscene i Bergen sentrum. HM er medeigar av Hordaland teater og var på årsmøte der. Vi vart og representert gjennom ei skriftleg helsing i jubileumsboka deira i 2013.


Folkeakademiet er vi og medlem av, og deltok på årsmøtet i 2013.


Heimesidene våre har fått eit kraftig løft, og vert fortløpande oppdaterte.


Utsending/medlemsbrev på papir, sende vi ut i september. Det er dyrt å sende ut slikt via posten. Men vi har svært lojale medlemmer i Hordaland. Vi fekk inn meir enn kr. 60 000,- netto i målgåver etter sendinga. (Sjå rekneskapen.)


Mållovsansvarleg Erlend Bakke har lagt ned eit stort arbeid gjennom å skrive svært mange brev til ulike instansar om brot på mållova. Dette arbeidet har mange lagt merkje til på landsbasis. Erlend Bakke er namngjeten for dette arbeidet, og mange statlege organ har skjerpa seg pga arbeidet hans.


Målprisen 2013 gjekk til Høgskulen i Bergen. Vi delte ut prisen og hadde eit godt møte med administrasjonen på Høgskulen. Dei var ivrige nynorskfolk, og såg fram til at dei nye lokala som opnar i Bergen i august 2014, er skilta på nynorsk.


Det er mykje vi ikkje har gjort i Hordaland Mållag, og av planane vi hadde: Viktige arbeidsoppgåver som studiesirklar og kurs, - kontakt med fylket, LNK og samferdsleføretaka, - arbeid for nynorsk blant innvandrarar, sidemålsundervisning og skiping av nye eller nytt liv i sovande lag. Arbeidsoppgåvene har vore mange. Noko er gjort, noko er ugjort.

Vi vil likevel oppsummere at Hordaland Mållag er eit levande fylkeslag med aktivitet innan mange område og i mange lag.


Det finst målpolitisk usemje om normering i fylket. Vi har svært dyktige folk som er usamde i normeringsspørsmålet, i Hordaland.

Vi vil og nemne at «Årets nynorsking» Gunnar Skirbekk, er medlem i fylket vårt.

Comments