Årsmelding 2016

lagt inn 14. aug. 2016, 03:01 av Bjørn Enes
Godkjend på årsmøtet i Hordaland Mållag 12. mars 2016.

I Hordaland Mållag har me 26 lag og 2951 betalande medlemmer i 2015. (Heile Noregs Mållag har på landsbasis 12026 betalande i 2015.) Me har hatt seks styremøte i perioden. Styret er: Astrid Olsen (leiar), Solveig Grønlien (nestleiar), Kåre Johan Mjør (kasserar), 1.vara Sahra Torsvik, 2.vara Arild Reigstad, 3.vara Bjørg Eli Eide. Frå Studentmållaget har Ingrid Hovstad møtt, og Oddvar Skre har møtt frå Skulemålsnemnda. Vemund Hjellbrekke vart attvald til styret, men det var ei misforståing. Han vart difor permittert. Jens Ådnanes hadde eit år att av styreperioden sin, men han måtte trekkje seg.

Difor har varafolka gjort ein mykje større jobb enn i vanlege år. Dei får her ein ekstra takk for innsatsen.

Oppfylgjing av arbeidsprogrammet

HM har fylgt opp dei fleste punkta, slik:

Opplæring i nynorsk; skule, barnehage, Oddamodellen, særeigen innvandraropplæring, nynorske lærestader Det har skjedd mykje når det gjeld nynorskopplæring i fylket. Mange lag driv godt skulemålsarbeid. Odda Mållag har kjempa hardt for at nynorskelevar skal ha rett til å gå i nynorskklasse på ungdomstrinnet. Dei og andre har reist diskusjonen om dette for å gjennomføre denne retten på lik line med slik det lovgyldig er på barnetrinnet. Fleire kommunar har no vedteke opplæring på nynorsk for nye framandspråklege. Men trass i arbeid for å få fleire til å velje nynorsk, er det i dag fleire som vel bokmål for seksåringane sine enn i fjor. Sjå og eigen skulemålsrapport.

Framfor kommune- og fylkestingsvalet skal Hordaland Mållag saman med Noregs Mållag og Odda Mållag skipa til eit møte om nynorsk sin plass i skulen, jf Oddamodellen Møtet vart godt førebudd og vellukka gjennomført 18.august i Litteraturhuset i Bergen. God stemning, der alle politikarane forplikta seg på å fremje nynorsk. – Nokre meir konkret enn andre, men alle var svært positive.

Kontakt med styresmakter HM var med på å skipa til to valmøte i Bergen, - eitt i lag med Odda Mållag og NM, og eitt i lag med Bergen Mållag. På båe møta forplikta samtlege politikarar seg til å stø opp om nynorsk, på ulike måtar. Nokre meir konkrete enn andre. Lokale mållag fylgjer opp politikarane i kommunane. Me har hatt kontakt med fylkesordføraren i samarbeid med Nils Mæhle i Bergen Mållag.

Setja vilkår for at kommunesamanslåingar ikkje skal gå ut over nynorsk Me hadde dette opp som eige punkt på den store Bergenskonferansen i april. Stortingsrepresentant Kjersti Toppe, Sp, med fleire, hadde kommentar etter ei djuptgåande innleiing ved Jan Olav Fretland frå Høgskulen i Sogn og Fjordane. Spørsmålet var og oppe på valmøta.

Næringslivsarbeid Sjå eigen rapport frå Øystein Skjæveland.

Mållovsarbeid Sjå eigen rapport frå Erlend Bakke.

Arbeid retta mot fagrørsla og arbeidsplassane Eit viktig målarbeid, der me har Haakon Aase og Terje Kollbotn som er med i eit sentralt utval i lag med NM og LO.

Kulturliv I år har me endeleg fått nynorskscene i Bergen sentrum. Hordaland Teater overtok scena og romma til Logen teater. Dette har mange jobba for i årevis.  HM fekk ein billett til premieren, Lampefeber, med Helge Jordal. (Astrid var der.) Mange gjer ein stor innsats med framføring av ulike kulturelle uttrykk, og ved å fremja nynorsk kulturliv på ulike måtar.

Blest HM har freista markera seg og blesta nynorsk på ulike måtar: Me starta med Bergenskonferansen (sjå punktet under), som samla mange og gjorde mållaget kjent gjennom omfattande spreiing av informasjonsfoldaren for konferansen samt invitasjonar til store delar av målrørsla, samskipnaden, universitets-og høgskulemiljøa i Noreg. Me reklamerte for nynorsk og oss sjølve ved å ha informasjonsbord på Nynorskkonferansen som Nynorsksenteret skipa til i oktober. I desember hadde HM bokdisk på førjulsmålkafeen i Bergen sentrum. Me var elles aktive med å bleste dei to valmøta med politikarane, som var i Bergen. Me sette opp plakatar, mobiliserte medlemmer og la ut informasjon om møta på papir og på nett. Me har heimeside på nettet, som Bjørn Enes oppdaterer.

Organisasjonsarbeid, internt og med andre Bergenskonferansen var eit samarbeid mellom BM, HM, NM, Høgskolen i Bergen og andre nynorskfolk. Me deltok på årsmøtet i Hordaland Teater, som medeigar. Me var og på årsmøtet til Folkeakademiet. NMU-leiren på Osterøy var me innom, der me fekk halde ei lita helsingsinnleiing. På dei to valmøta i Bergen samarbeidde me med NM og mållaga i Odda og Bergen. Me deltok aktivt på Nynorskkonferansen som Nynorsksenteret skipa til to dagar i oktober. Me var med på ein idedugnad som Bergen Mållag inviterte til 15.oktober. Fleire mållag kom dit. Ei rekkje idear kom på bordet. – Lesarbrevverkstad, nettverkstad, kontakt med barnehage- og lærarstudentar, synleggjering av LM i april, nynorskside i BT, oppfylgjing av nynorsk i offentlege etatar (særleg NAV), språkmeldinga frå Bergen kommune, verving, senda takk til folk som skriv kronikkar og lesarbrev på nynorsk i avisene, samarbeid med Hordaland Teater (HM er medeigar), Oddamodellen, samarbeidsmøte mållag imellom, nynorskkafe, norskopplæring for innvandrarar, nynorsk konsert, nynorskklassar i randsona, organisering på tvers av lag, ut frå interesser. Solveig Grønlien var med på møte om vaksenopplæring i Granvin, i samarbeid med Kvam, Ullensvang og Voss.

Leiaren var på landsrådsmøte i NM i november, der var og styrerepresentant i NM, Haakon Aase.

Me har kontorsamarbeid med BUL-Ervingen, der me brukar møterom, eit skåp og lagerplass.

Arrangera seminar, som satsinga på Bergenskonferansen Denne todagarskonferansen var ein nynorskkonferanse der det kom over 100 folk. Saker der: Ny institusjonsstruktur innanfor høgare utdanning. Språklege konsekvensar med vekt på nynorsk, Bergen som nynorskbyen i Noreg, Norskfaget i lærarutdanninga. Status og utfordringar, Kommunereforma – konsekvensar for nynorsken? Nynorskforsking, Media og nynorsk.

M.a. sidan Nynorsksenteret hadde den store Nynorskkonferansen i Bergen, prioriterte me ikkje å laga eige seminar om hausten. Fleire av medlemmene våre var der.

Stø opp om tilskipingar til dei lokale mållaga I perioden har me løyvt pengar til laga i Kvam, Sotra og Kvinnherad, NMU og tidsskriftet Røyst.

Tilsetja løna arbeidshjelp i fylkeslaget. Styret fekk fullmakt til å arbeida vidare med saka. Dette har me arbeidd ein god del med. I sommar fekk me nyss om at ein som ville passa ekstra godt til ei slik stilling, kanskje hadde høve til å takka ja. Nokre månader såg det ut som om han vart den utkåra. Men så måtte han takka nei likevel. Me har sett ned eit utval som skal få på plass stillinga. Der er Gro Morken frå NM, Nils Mæhle frå BM og Bjørg Eli Eide og Astrid Olsen frå HM. Me har jobba med det organisatoriske og ikkje minst med å få meir pengar til stillinga. Difor går me inn for at målgåva til HM i 2015 skal gå uavkorta til dette. Nils Mæhle har hatt møte med Hordaland fylkeskommune, for å be om at dei og stør stillinga økonomisk. Det same vil han/me be Bergen kommune om. Årsmøtet vårt løyvde 150 000,-, BM 20 000, NM 50 000. Vi driv no og søkjer pengar frå ulikt hald.

Det er mykje me gjerne ville ha gjort. Me treng folk som jobbar målsak i arbeidstida. Me har så mange planar, - få liv i sovande og nye lag, blest, kontinuerleg kontakt med skulesjefar og andre. Me er i randsona så det susar. Me tapar terreng når det gjeld tal på nynorskelevar i skulen. Me må stogga nynorskflukta som 1.klasseforeldra særleg stend for. Opplæringsmål i barnehage og alle skuleslag er viktig.

Det er komne mange asylsøkjarar til fylket vårt. Me har mange arbeidsinnvandrarar, og. Det er avgjerande at innvandrarar ikkje vert loste inn i bokmål, noko dei stort sett er råka av i dag. Ein del kommunar i fylket har siste året betra seg, når det gjeld opplæringsmål for framandspråklege.

Me burde hatt nokre tilsette skulemålsskrivarar, nokre organisasjonsarbeidarar, nokre blestfolk. Men vi må i det minste få ein tilsett (i eit år...)

Masfjorden Mållag er snart oppattskipa. Haakon Aase var der for å halde innleiing.


I Hordaland opplever me lite hets mot nynorsk. Mange har vyrnad for både målet og arbeidet me driv for å fremja nynorsk. Likevel observerer me diverre at nynorskprosenten går ned i fylket. Randsonene er under sterkt press. All tenkjeleg god nynorskbruk kan me gleda oss over. M.a. er det no fleire foreldre i Bergen sentrum, som vil ha nynorsk for borna sine. Men om ikkje fleire vel nynorsk for fyrsteklassingane sine, ser ikkje framtida like ljos ut for skriftspråket vårt.

Comments