Årsmøte 2015

lagt inn 14. aug. 2016, 03:00 av Bjørn Enes

MØTEBOK ÅRSMØTE HORDALAND MÅLLAG 28. FEBRUAR OG 1. MARS 2015

Årsmøtet og seminar vart halde på Ågotnes hotell. Det var xx utsendingar på årsmøtet.

Seminar innheldt tri innleinar: Ingar Arnøy om Nynorsk for vaksne innvandrarar, Øystein Skjæveland om Nynorsk i barnehage og Oddamodellen, Hjørdis Maria Longva om Korleis fremja nynorsk i populærkulturen.

Sak 1. Opning og konstituering.

Leiar Astrid Olsen opna møtet. Det var ingen merknader til innkallinga.

Val av ordstyrarar: Alf Jansen og XXXX. Samrøyses valde

Val av røysteteljarar: XXXXXX Samrøystes valde

Val av fullmaktsnemnd: Astrid Olsen, Arild Reigstad og Solveig Grønlien. Samrøystes vald

Val av underskrivarar til møteboka: Eldbjørg Kræmer, Nils Mæhle og Marit Ørstad. Samrøystes valde


Sak 2. Utdeling av målpris.

Leiar Astrid Olsen delte ut målprisen til XXX Salatbar


Sak 3. årsmelding.

Leiar Astrid Olsen las opp årsmeldinga.

Desse hadde innlegg: Knut O. Dale, Oddvar Skre, nr 35 (Arna Mållag)

Det kom en merknad til årsmeldinga, frå Knut O. Dale: I årsmeldinga til Hordaland Mållag må det stå eit punkt om årsmøtet i arbeidsåret. Det må òg stå kven som er innvalde i styret og i valnemnda.

Godkjenning: Årsmeldinga vart samrøystes godkjend med merknaden frå Knut O. Dale.

Mållovsrapport: Mållovsrapporten var lesen av Soleig Grønlien

Næringslivsnemnda: Øystein Skjæveland las opp rapport frå næringslivsnemnda

Skulemålsnemnda: Oddvar Skre las opp rapport frå skulemålsnemnda

  • Innlegg til raportane: Nils Mæhle hadde innlegg.


Sak 4. Rekneskapen

Solveig Grønlien la fram rekneskapen

Desse hadde innlegg: Alf Jansen, Astrid Olsen og Håkon Aase.

Framlegg til merknad til rekneskapen, frå Håkon Aase: Årsmøtet godkjenner rekneskapen med føresetnad om at det kjem revisormelding på fyrste styremøtet etter årsmøtet.

Godkjenning: Rekneskapen vart samrøystes godkjend med merknaden frå Håkon Aase.


Sak 5. Arbeidsplan for 2015-16

Astrid Olsen la fram framlegg til arbeidsplan. Håkon Aase vitra om strategi for alt starta arbeid med nynorsk i fagrørsla. Dinest var det idemyldring.

Desse hadde innlegg: Knut O. Dale, Roald Å. Kleppe, Nils Mæhle, Hans Birger Drange, Håkon Aase, Haldor Telle, Marta Nagel Alne.

Framlegg til endringar/tillegg. Desse hadde framlegg:

a) Håkon Aase, nytt punkt: Arbeid rettamot fagrørsla og arbeidsplassane

- Vedtak: Saka vart sendt til styret. Samrøystes.

b) Roald Å Kleppe: Styret får i oppgåve å forma ut korte konkretiseringar av aktuelle tiltak under kvart hovudpunkt

- vedtak: Samrøystes vedteke

c) Nils Mæhle, nytt punkt: Årsmøtet i Hordaland Mållag 2015 går inn for å tilsetja løna arbeidshjelp i fylkeslaget. Styret for fullmakt til å arbeida vidare med saka.

- vedtak: Samrøystes vedteke

d) Knut O. Dale, nytt punkt: Framfor kommune- og fylkestingsvalet skal Hordaland Mållag saman med Noregs Mållag og Odda Mållag skipa til eit møte om nynorsk sin plass i skulen, jf Oddamoddelen.

- vedtak: Samrøystes vedteke


Sak 6. Budsjett

Astrid Olsen la fram framlegg til budsjett

Desse hadde innlegg: Marta Nagel Alne, Nils Mæhle, Knut O. Dale, Oddvar Skre og Øystein Skjæveland

Framlegg til endringar/tillegg:

a) Frå Astrid Olsen: Auka posten andre utgifter med 40.000

- Vedtak: samrøystes vedteke

b) frå Oddvar Skre: Hordaland Mållag skal ha målgåveaksjon i 2015 og setja av kr 180 000 på inntektssida og kr 40 000 på utgiftssida til dette arbeidet.

- vedtak: Samrøystes vedteke

c) Frå Nils Mæhle, ny utgiftspost: Hordaland Mållag skal setja av kr 150 000 til tilsetjing av løna arbeidshjelp.

- Vedtak: Samrøystes vedteke

- Vedtak heile budsjettet: Samrøystes vedteke


Sak 7. Fråsegner

Det var tri framlegg til fråsegner. Alle vart samrøystes vedteke.

Desse hadde ordet under ordskiftet: Knut O. Dale, Håkon Aasen, Roald Å Kleppe

rå Odda Mållag, intern fråsegn:

Årsmøtet i Hordaland Mållag vil i det komande året arbeida aktivt for å auka oppslutninga om Oddamodellen – spåkdeling på alle teoretiske fag på ungdomsskuletrinnet – i Hordaland, spesielt i kommunar som er språkdelte. Dette vil vera eit viktig verkemiddel for å styrkja nynorsken i grunnskulen og motverka målbyte på ungdomstrinnet i grunnskulen og i den vidaregåande skulen. Hordaland Mållag vil samarbeida med Odda Mållag og Noregs Mållag for å gjera dette til ei nasjonal ordning i språkdelte område. Hordaland Mållag vil arbeida aktivt for å påverka fylkespartia i Hordaland og Hordalandsbenken på Stortinget i denne saka. Målet med arbeidet er for det første å få lovfesta Oddamodellen som ei allmenn og nasjonal ordning og for det andre å få fastslått at staten skal dekja meirkostnadene kommunane vil få med språkdelinga på ungdomssteget i grunnskulen.


Frå Nils Mæhle, ekstern fråsegn:

FRÅSEGN ÅRSMØTET I HORDALAND MÅLLAG 2015

 KOMMUNEREFORMA – KONSEKVENSAR FOR NYNORSKEN?

Hordaland Mållag viser til arbeidet med kommunerereforma og har merka oss at spørsmål som gjeld bokmål og nynorsk ikkje er tekne opp i førearbeida.

Årsmøtet i Hordaland Mållag bed om at desse instansane prioriterer dette spørsmålet i arbeidet frametter:

-          - Statsråd Jan Tore Sanne

-          - Hordalandsbenken på Stortinget

-          - Fylkesmannen i Hordaland

-          - Hordaland fylkeskommune

-          - Kommunane i Hordaland

Årsmøtet i Hordaland Mållag vil særleg be om at alle kommunestyra i Hordaland handsamar spørsmålet som eiga sak.


Frå Nils Mæhle, ekstern fråsegn:

NORSKOPPLÆRING FOR VAKSNE INNVANDRARAR PÅ NYNORSK

Hordaland Mållag veit at mange nynorskkommunar gjev norskopplæring for vaksne innvandrarar på bokmål. Me meiner dette er eit trugsmål for bruk av nynorsk i det norske samfunnet.

Årsmøtet i Hordaland Mållag bed om at dei aktuelle departementa og kommunane tek tak i saka. Dette inneber både opplæring på nynorsk og utarbeiding av tenlege læremiddel. Desse læremidla skal koma til same pris på bokmål og nynorsk. 

Årsmøtet i Hordaland Mållag bed spesielt om at nynorskkommunane i Hordaland ser til at denne opplæringa vert på nynorsk.


Sak 8. Val

Valnemnda ved Øystein Skjæveland la fram framlegg til nytt styre:

Leiar: Astrid Olsen. Samrøyses vald

Styremedlem for 2 år: Solveig Grønlien. Samrøystes vald

Styremedlem for 2 år: Vemund Hjellebrekke. Samrøystes vald

Ikkje på val: Kåre Johan Mjør og John Helleland Ådnanes.

Vara til styret: Alle vart samrøyses valde

1. Sahra Torsvik

2. Arild Reigstad

3. Bjørg Eli Eide

4. Øyvind Heitmann

5. Silje Namtvedt


Framlegg til skulemålsnemnd. Alle vart samrøystes valde.

Oddvar skre, leiar

Erlend Bakke

Ingrid Hovstad


Vara til skulemålsnemnda. Alle vart samrøystes valde.

1. Hallgeir Dale

2. Mona Stormark

3. Astrid Myren

4. Edit Jørgenvik

5. Arild Reigstad


Framlegg til ansvarleg for næringslivsnemnda: Øystein Skjæveland. Samrøystes vald

Framlegg til ansvarleg for mållovsnemnda: Erlend Bakke. Samrøystes vald.

Framlegg til Ettersynsmenn: Livar Aksnes og Arne Apold. Båe vart samrøystes valde.


Styret la fram framlegg til valnemnd:

Øystein Skæveland (ikkje på val)

Martin Årseth (ny). Samrøystes vald

Alf Jansen (ny). Samrøystes vald.


Comments