Årsmøte 2016

lagt inn 14. aug. 2016, 03:05 av Bjørn Enes
Laurdag 12. mars kl 1130

Opning ved leiar i Hordaland Mållag, Astrid Olsen
Song, Vesle lerka
Presentasjonsrunde
Val av ordstyrarar, Ingrid Hovstad og Arild Reigstad og to skrivarar, Håkon Remøy og Øyvind Heitmann,
ordstyrar for i morgon er Bjørg Eli Eide og ein person som blir valt i morgon.
1140
Praktisk informasjon
– resolusjonar må leverast før kl 1800
Godkjenning av innkalling og sakliste
– ingen merknader
Opplysning om kven som skal få målprisen og kvifor, og at vi må utsetja tildelinga:
– Kjartan Rødland, journalist og redaktør i BT i mange år, forfattar, historikar, samfunnsengasjert,
dyktig føredragshaldar, redaktør for bygdebøker, lang fartstid, nytta nynorsk i stort sett alle
samanhengar, styret i HM meiner han er ein verdig vinnar av Målprisen 2016, overrekkinga
utsett og blir i Bergen sentrum etter påske.
Song, Nordmannen
1155
Webpunkt, ved webansvarleg Bjørn Enes
Nettside er tenleg for
1. intern kommunikasjon mellom mållaga
2. alt muleg frå HM – alt som ikkje av ein god grunn må vera hemmeleg
innsyn for andre, både vanlege medlemmer, interesserte, media og motstandarar
3. arkiv for offentlege ytringar
Side på sosiale media er tenleg for
Å dela informasjon med mange - kan nå langt- men blir fort borte !
Organisasjonsarbeid i dag er å dela ! Viktig å invitera vener på hendingar i mållaget !
1215
Tema til ordskifte :
Meir-offentleg-prinsippet
Fremja nettaktivisme, laga og dela innhald
Etablera eiga facebookside for HM ?
Etablera blogg/debattorgan
Formalisera funksjonen – t d «webansvarleg» ?
Video – Nynorsk på Torsdag kveld fra Nydalen
https://www.youtube.com/watch?v=ETwAh-Zqc_k
Nettsida – eit einvegs talerøyr – offisielt talerøyr for Hordaland Mållag, medan
sosiale media blir ein dugnad – ingen «redaktør» på same måten.
Ordskifte ved
Erlend Bakke, Bjørg Eli Eide, Håkon Remøy, Ingrid Hofstad, Runar Hagesæter, Astrid Olsen, Hans
Birger Drange, Alf Jansen, Håkon Tverdal, Knut O Dale, Harald Jordal, m fl
Arbeidet i laget blir meir offentleg, gjer det lettare å nå mange på kort tid.
Kanskje skrivaren bør bli webansvarleg, evt to personar i ein overgangsfase ?
Lokallaga kan bidra til nettsida, dela idear og informera om arrangement.
Knyta saman alle laga som allereie har nettside og sosial side. Moderator-funksjonen er viktig !
Facebooksida må vera open også for ikkje-medlemer, slik at debattane blir friskare og alt når lenger.
Kan oppretta internt forum som ei lukka Facebookside, dersom det er nødvendig.
Viktig å vurdera korleis ein bør utforma styrereferat når dei skal vera offentlege.
Muleg å bruka interne notat for saker som ikkje er avgjort i styret, desse treng ikkje vera offentlege.
1355
Innleiing om Odda-modellen – denne gongen om livet i vidaregåande skule i Odda, ved
Liva Thiis, elev ved Odda vgs, og Turid Bådsvik Hauso, avdelingsleiar ved Odda vgs
1415
Ordskifte ved
Alf Jansen, Astrid Olsen, Harald Jordal, Erlend Bakke, Håkon Tverdal, Knut O Dale og Håkon Remøy :
Viktig å fokusera på nynorsk som administrasjonsspråk, legga til rette for kurs i nynorsk for dei tilsette,
«mentor-ordning» og oppfølging etter kurset. Norsklærarane er ein ressurs – men «bokmålslærarar» gjer
at det blir lite nynorsk i undervisninga, dei kjenner seg utrygge på å bruka nynorsk...
Vi treng eit §8-forslag for å gjera Odda-modellen til ei nasjonal forskrift – før sjølv Odda fjernar
ordninga fordi dei ikkje får ekstrakostnadene dekka.
Den som blir tilsett som lærar, må kunna undervisa på begge målformene !
Styrka krava til kunnskapar i nynorsk generelt i lærarutdanningane.
1445
Nynorske læremiddel i vaksenopplæringa for framandspråklege, ved Haakon Aase
Vi har ein språkleg og kulturell arv å ta vare på, også overfor «våre nye landsmenn».
Innvandarar utgjer stor del av folketalet i mange kommunar, og er ein viktig føresetnad for at folketalet
ikkje går ned. Nynorsken er eit undertrykt språk, men mange kommunar har no valt å gå over frå
bokmål til nynorsk i opplæringa, det er ein god trend i tida. Det er også større etterspurdnad etter
nynorske læremiddel. Vi må kreva at læremidla skal komma til same tid og vera like omfattande på
begge målformene. Korleis kunne eigentleg nokon komma på å undervisa innvandarar på Voss på
bokmål ? Feil at vi skulle vera nøydde til å måtta argumentera mot sånt. Det mest brukte argumentet er
at dei må uansett bruka bokmål om dei skal «ut i verda». Realiteten er at det særleg i Bergen er mykje
bruk av nynorsk, og dei treng kunna det for å jobba og leva her.
Referansar frå konferansen sist måndag i Knarvik:
- M. Karlsen frå Rokkan-senteret sa innvandarane står i svært ulike situasjonar i norskopplæringa.
- Husby og Helland sa det er ingen faglege argument mot å læra innvandarar nynorsk her.
- Fire innleiarar la fram erfaringar med nynorskopplæring av innvandarar.
- Marit Aakre Tennø la vekt på den nynorske kulturarven.
Fokusera på at det er noko vi vil formidla, læra, overføra til dei som kjem hit: Kan tom. føra til auka
interesse for målsaka og målrørsla, innvandrarar også som nye medlemmer i mållaget !
Ordskifte ved
Knut O Dale, Astrid Olsen, Øystein Skjæveland og Erlend Bakke
Det pågår ein debatt i Hordaland Fylkeskommune om målbruksplan.
Kjem det ei fråsegn om denne saka frå landsmøtet, med krav om lovfesting av nynorsk opplæring ?
Kommunen må tora seia at dei vil ha nynorsk opplæring, tora å faktisk ta kontroll over opplæringa
Sjå ressursar på www.nynorsksenteret.no
Avgjerande i Fjell at innvandrarar får nynorsk opplæring for å behalda balansen mellom målformene.
Interpellasjon i fylkestinget ved Terje Kolbotn: Offensiv strategi for å styrka nynorsken i Bergen og
resten av Hordaland, saka er utsett til juni pga motstand frå borgarlege parti.
Viktig med politisk engasjement, få gjort konkrete politiske vedtak om opplæringsmålet.
Viktig å læra innvandarane opp i det språklege landskapet som faktisk fins i Noreg i dag, respekten for
dialektane og mangelen på normaltalemål.
1550 Erlend Bakke informerte om bok om Olav Lavik utgitt av Askøy Mållag:
«Kall meg rimsmed og jordtræl - Olav Lavik i liv og diktning»
1555
Situasjonen for nynorsk i randsona rundt Bergen, med fokus på val av nynorsk for førsteklassingane,
ved Sahra Torsvik
Ho har undersøkt situasjonen. Ei utfordring å få inn svar om kor mange elevar som har kva hovudmål.
Likevel tydeleg overvekt av bokmål.
Viktig å oppmoda næringslivet til å bruka nynorsk i nynorske kommunar.
Viktig å gjera strilane stoltare av målet sitt og identiteten sin !
Ungane lærer lesa og skriva i bhg, men dei private bhg gjer som dei vil, der er det mykje bokmål...
Bokmålsopplæringa til innvandarane blir brukt som argument for å bruka bokmål i informasjon frå
barnehagen. Måtte derfor fokusera på nynorsk i opplæringa for innvandarane. Likevel er dette blokkert
pga den eine personen som tar seg av opplæringa. «Men me ska kje gje øss !» Vil at kommunen skal
presisera målet i barnehagane i ny målbruksplan.
Viktig å kjøpa inn nynorske bøker til barnehagane, «marinera ungane i nynorsk» !
Video med Herborg Kråkevik – derfor er nynorsk viktig (dn tv)
1610
Ordskifte ved
Knut O Dale, Alf Jansen, Astrid Olsen, Harald Jordal, Haakon Aase
NM bør utfordra retten ungane har frå 8. klasse til å byta hovudmål !
Avgjerande at mange begynner med nynorsk i første klasse !
Ha annonse i lokalavisa før innskriving «Hugs å velja nynorsk for ungen din !» - det er ofte nok å berre
nemna det !
1620
Sidemål i bokmålsklassar, med vekt på tidleg opplæring, ved Erlend Bakke
Bergen kommune har gjort to vedtak: 1) Forsøk med sidemål frå 3. klasse og
2) Dei i Bergen som har nynorsk som hovudmål skal sikrast eit læringsmiljø på nynorsk.
Erlend Bakke er lei av omgrepet «sidemål»: Me burde gjera meir for at alle elevar skal få læra nynorsk
som eit av sine «hovudskriftmål» - eit meir positivt omgrep, elevane ville føla seg meir plikta til å
meistra begge då ! Kva med «Hovudmål 1» og «hovudmål A» ?
Alle elevar skal etter lova meistra begge dei norske måla etter 10. klasse – men kva er realiteten ?
1635 Ordskifte ved
Arild Reigstad, Håkon Remøy, Hans Birger Drange, Solveig Grønlien, Astrid Olsen, Øystein
Skjæveland, Knut O Dale, Harald Jordal
Kronprinsesse Mette Marit snakkar om «norsk» og «nynorsk» !
Kan det vera muleg å få til jamstilling ved at alle elevar feks får annakvar prøve på kvart mål,
undervisning på begge mål, ein karakter i kvart mål og berre bruka namna nynorsk og bokmål ?
Komplisert å kalla det eine 1 og det andre A ? Norsk 1 og Norsk 2 ?
Dette er gode omgrep for framtida !
Nynorsk må forfordelast – og det forstår tilogmed Bergen bystyre !
Bør ha same krav til nynorsk og bokmål i vidaregåande skule, og to obligatoriske eksamensstilar.
Strategisk fordel å læra nynorsk godt, bokmål lærer ein uansett ved å veksa opp i Noreg.
1700
Lokallagsrunde - utsendingane står fritt til å fortelja om målarbeid og idear
Frode Flesland, Osterøy Mållag (ca 90 medlemmer)
Styret er attvalt år etter år, treng «nytt blod» no.
Har vore aktivt med i adresseprosjektet til kommunen, inne i namnekomiteen, klaga sjølv på ni namn.
Arbeider med opplæringsspråk for innvandrarar, trur det går gjennom i kommunestyret.
Laget gir Norsk Barneblad til 5. klassane og bøker til barnehagane.
Bygdanytt, lokalavisa for Arna og Osterøy, bruker mykje bokmål, positiv redaktør, han hevdar det er
praktiske grunnar til at dei brukar bokmål, vil jobba vidare, muleg saman med Arna Mållag.
Kommunen vurderer samanslåing med Bergen, der språk må vera tema.
Alf Jansen, Voss Mållag (112 medl)
Arrangerte valkampmøte i fjor haust, la vekt på nynorsk opplæringsmål for innvandrarar, det er vedteke,
og målbruksplan for kommunen, okt 2014 leverte mållaget forslag, kjem opp som sak no i vår.
Gir bokpakkar til barnehagar, og delar ut målpris og målblom, får positiv omtale av det i lokalavisa.
Viktig å bruka kvarandre, ikkje finna opp krutet på nytt
Øyvind Heitmann, Arna mållag (69 medl)
Øystein Skjæveland, Kvinnherad mållag (ca 150 medl)
Fjelberg vedtok nynorsk administrasjonsmål som første kommunen i landet for 130 år sidan, mållaget
fekk god merksemd i lokalavisa om jubileet.
«Det fins alltid noko å feira !» - Sjekk oppslagsverk og gamle aviser/tidsskrift !
Ingrid Hovstad, Studentmållaget i Bergen (187 medl)
Arbeider for at utdanningsinstitusjonane skal nytta nynorsk feks på nettsidene, i skriv og annonser
Laget skal fungera som ein møtestad for nynorskstudentar.
Godt samarbeid med Hordaland Mållag.
Arrangerer Nynorskbar saman med Bergen mållag, nynorskkurs for lærarstudentar
Laget er 70 år i år.
Johannes Heradstveit, Kvam mållag
Laget har eit stabilt medlemstal, «flyt» litt på at det er mange andre i bygdene som støttar godt opp om
nynorsken. Tilogmed store verksemder som Bjølvefossen og Oma Fjellstrand båtbyggeri brukar
konsekvent nynorsk. Mange kommunar i Hardanger kallar seg herad, gir området eit nynorsk særpreg.
Harald Jordal, Odda mållag (149 medl)
Laget har hatt eit aktivt år, arbeidd mykje med Oddamodellen.
Arrangerte kulturkveld i haust, lagar lokalhistorisk skrift «Odda i manns minne», sel 1100-1200 eks,
gjer at laget har det sutalaust økonomisk, ein del av kontakten mellom mållaget og folket i kommunen,
bladet trykker også bokmålsartiklar om dei er gode.
Gav målpris til elevrådet ved ungdomsskulen sidan dei gjekk til kommunestyret og ba om å behalda
Oddamodellen.
Solveig Grønlien
Bjørg Eli Eide, Bergen mållag (ca 500 medl)
Jobbar opp imot bystyret og snakkar varmt om vedtaka dei har gjort og om korleis dei vil følgja opp.
Har bede fylket om midlar til nynorsk-stilling.
Held kafe ein måndag i mnd, saman med SmiB.
Skal ha ny nynorskkonferanse i 2017, denne gongen med Universitetet i Bergen som vertskap
Olai Otterå, Sotra (ca 135 medl)
kulturkveld kvar haust
gir bøker til bhg, gir bokliste der bhg vel bøker dei har lyst til å ha, for 2500 kr
på Sotra er det rundt 30 bhg, gir til 5-6 per år
til neste år har truleg alle fått
lokalavisa er med kvar gong og gir oss litt blest
Erlend Bakke, Askøy mållag (ca 50 mdl)
Askøy er «språknøytral» som Bergen, utfordringar som i Bergen, glad for vedtaket i Bergen bystyre, vil
prøva å få til liknande prioritering av oppl i nynorsk for elevar med bokmål som hovudmål. Laget har
god kontakt med politisk leiing i kommunen.
Har delt ut bøker til bhg, lenge sidan sist, men bør kanskje bli ein tradisjon ?
Har gitt ut årshefte tidlegare, men ikkje dei siste åra.
To skular som har nynorsk opplæringsmål, og det er dei vi rekk å prioritera.
Sara Thorsvik, Øygarden (50 medl)
kulturkveld for eldre
har Facebookside – alle i styret er admin – godt å legga ut under «Øygarden Mållag» og ikkje privat
prøver å finna andre å ha kontakt med på FB
Astrid Olsen, Hordaland Mållag
Ha det gøy – gjer ting som de likar å gjera saman !
Ha uformelle idedugnadar i lokallaget !
Ha kontakt med andre – bruk nettsidene !
Verv nye medlemer !
1750
Song, Nai jifta deg jænta
1750
Førehandsmelding om ei fråsegn frå Odda Mållag / Harald Jordal
Førehandsmelding om fråsegner frå Bergen Mållag / Astrid Olsen og Nils Mæhle
Søndag 13. mars kl 0915
Opning av dag 2.
Song: Til lags åt alle
Johannes Heradstveit frå Kvam blir vald til ordstyrar saman med Bjørg Eli Eide frå Bergen.
Ny presentasjonsrunde sidan det er komme fleire nye deltakarar.
0920
Opplesing av tre innkomne fråsegner.
Dei to frå Bergen Mållag:
«Nynorskbyen Bergen
Årsmøtet i Bergen Mållag vil rosa byrådet i Bergen for å gje nynorsken ein sentral plass i den politiske
plattforma si.
Me viser vidare til kor viktig det er å leggja til rette for nynorsk i barnehage og skule, både i Bergen og i
randsonene utanfor Bergen. Elevar med nynorsk som hovudmål må få behova sine ivaretekne på alle
klassesteg, inkludert ungdomsskulen.
Årsmøtet ber om at nynorsk språk og kultur får ein tydeleg plass i den endelege behandlinga av
skulebruksplanen. Konkret vil dette m.a. innebera at skulane Riple og Haugland ikkje vert lagde ned.»
«Nynorsken må sikrast i reformarbeidet
Årsmøtet i Bergen Mållag viser til at Vestlandet står overfor nye utfordringar: Samanslåing av
kommunar og av høgare utdanningsinstitusjonar. Store og sentraliserte kommunar og
utdanningsinstitusjonar kan truga stillinga nynorsken har hatt til no, om ein ikkje grip sjansen til å gjera
nynorsken til ein avgjerande del av dei nye strukturane heilt frå starten av.
Det etter vår vurdering oppsiktsvekkjande at denne viktige språk- og kulturfaktoren ikkje har vore med i
grunnlagsmaterialet for dei to reformene. Årsmøtet ber om at dette vert retta opp når samanslåingane
skal gjennomførast. Dette inneber at det må leggjast konkrete planar for bruk og styrking av nynorsk på
alle plan.»
0930
Årsmelding, Astrid les
0940
Skulemålsrapport, Oddvar les
0950
Næringslivsrapport, Øystein les
0953
Mållovsrapport, Astrid les
0955
Ordskifte om meldingane ved
Knut O Dale og Oddvar Skre m fl
Problematisk at skulemålet har gått ned frå 50 % til 38 %, kva kan ein gjera for å endra på det ? Det
trengst ein skrivar i Hordaland som ikkje berre arbeider med skulemål. Det burde vera mogleg å gå til
sak mot dei som bryt lova om skulemål, der dei slår saman nynorsk- og bokmålsklasser, om det ikkje er
mogleg å få til eit samarbeid med skulen/kommunen. Når det gjeld språkblanda klasser, meiner
rektorane sjølve dei gjer det beste dei kan, og meiner gjerne at toleransen blant bokmålselevane blir
betre for nynorsk i desse blanda klassane.
Innlevert to merknader skriftleg.
Merknad til skulemålsrapporten frå Hallgeir Dale, Sotra Mållag:
Formuleringa «Sotra Mållag driv sitt eige arbeid med nynorsk i barnehagane uavhengig av HM,
hovudsakleg i Sund kommune» bør endrast slik at dei to siste ledda vert tekne ut og pukntum sett etter
ordet «barnehagane».
Merknad til årsmeldinga frå Haakon Aase, Noregs Mållag:
Masfjorden Mållag er ikkje oppattskipa, men det har vore godt arbeid i gang for å få laget reist opp att.
1015
Rekneskap, Kåre Johan les
Ordskifte ved H Jordal, I Hovstad, A Olsen, Ø Skjæveland, K J Mjør, H Aase, K O Dale
1040
Arbeidsplan, Astrid les
Ordskifte ved Kåre Johan Mjør, Øystein Skjæveland, Harald Jordal, Torgrim Ljones, Oddvar Skre
Prioritera å laga Facebook-side.
Starta nye lag og vekka liv i sovande lag.
Verva medlemer.
Viktig å ha fokus på nynorskopplæringa til barnehagelærarane.
Innlevert to skriftlege endringsforslag:
Kåre Johan Mjør:
«Framlegg til tilleggspunkt til arbeidsprogram: Skipa nye lokallag og få liv i sovande lag.»
Harald Jordal:
Endring i andre setning :
«HM vil jobba for å auka kjennskapen til og kunnskapen i nynorsk og å få fleire...»
Astrid Olsen:
Tillegg til nest siste punkt: «Oppretta Facebook-side.»
Samrøystes vedteke med dei nemnde endringane.
1115
Budsjett, Kåre Johan Mjør les
1120
Ordskifte om budsjettet ved
K O Dale, O Skre, H Aase, A Olsen, Torgrim Ljones, B E Eide, H Remøy, H Jordal, Einar Ådland
Ønske om å konkretisera budsjettet for skrivarstillinga. Oppmoding til lokallag som har pengar, om å
vera med på å spleisa på skrivaren. Meir utgreiing om fondet, korleis kapitalen blir plassert, og kva den
kan brukast til. Framlegg om å bruka av fondet til skrivarstillinga. Bør utsetta dette til neste år, sidan
nok pengar er sett av no til ei stilling i eitt år. Bør få ein fast finansiering av stillinga, slik at ein slepp
spleiselag kvart år. Foreslå for landsmøtet å bruka meir midlar på Hordaland, det vart nemnt 500.000 kr.
To skriftlege framlegg kom opp :
Framlegg frå Harald Jordal, Odda Mållag: «Årsmøtet i Hordaland Mållag ber styret førebu evt bruk av
fondet i høve til skrivarstillinga til neste årsmøte i Hordaland Mållag.»
Samrøystes vedteke.
Framlegg frå Oddvar Skre, Fana Mållag og skulemålsnemnda HM: «Budsjettet for skulemålsarbeidet
2016 blir auka frå 20.000 til 25.000 kroner. Midlane vert tekne av overskotet.»
Vedteke mot ei røyst.
Budsjettet samla sett med dei to endringsframlegga, blei vedteke samrøystes.
1150
Årspengar : Framlegget frå styret vedteke samrøystes.
1205
Val, ved Øystein Skjæveland
Det oppsto ein spesiell situasjon ved at det har vore uventa endringar i styret, to styremedlemer har fått
permisjon eller gått ut sidan sist årsmøte. Skulemålsnemnda skal elles ha fem medlemer.
Øystein presenterer kandidatane. Framlegg om at Arild Reigstad blir valt for eitt år, og Morten
Myksvoll og Ingrid Hovstad for to år kvar, slik at ein no kjem i rute att etter endringane i styret.
Leiaren og styret og varamedlemene vart valde samrøystes i tråd med framlegget frå valnemnda.
Leiar i skulemålsnemnda blir valt for eitt år. Erlend Bakke og Arild Reigstad sat i fjor, og framlegget er
at dei blir valde for eitt år, to nye representantar, Hallgeir Dale og Håkon Remøy, for to år.
Leiaren blei vald med to fråhaldande, og nemnda og varamedlemene vart valde samrøystes.
Desse blei vidare valde samrøystes :
Mållovsansvarleg Erlend Bakke
Næringslivsansvarleg Øystein Skjæveland
Nettansvarleg Bjørn Enes
Ettersynsfolk Livar Aksnes og Arne Apold
Astrid Olsen foreslår tre til å skriva under møteboka for dette møtet :
Astrid Reigstad, Hallgeir Dale, Hans Birger Drange
Astrid foreslår som ny valnemnd Øystein Skjæveland og Alf Jansen.
Styret finn ei ny til valnemnda, ei kvinne, før sommaren. (Alf Jansen kom til i valnemnda i fjor.)
Astrid foreslår som utsendingar til landsmøtet :
Astrid Olsen, Solveig Grønlien, Oddvar Skre, Arild Reigstad, Ingrid Hovstad, Øystein Skjæveland,
Erlend Bakke, Håkon Remøy, Anne Buset Vassbotn og Hans Birger Drange
Varafolk :
Harald Jordal, Johannes Heradstveit og Knut Farestveit
Forslaga vart vedtekne samrøystes.
1250
Fråsegner
Harald Jordal, Odda Mållag :
«Årsmøtet i Hordaland Mållag vil oppmoda Hordalandsbenken på Stortinget reisa forslag om endring
av forskrift til opplæringslova slik: Retten til språkdeling vert utvida til å gjelda ungdomssteget.
Kommunen får kompensert for meirutgiftene.»
Samrøystes vedteke
«Nynorskbyen Bergen
Årsmøtet i Hordaland Mållag vil rosa byrådet i Bergen for å gje nynorsken ein sentral plass i den
politiske plattforma si.
Me viser vidare til kor viktig det er å leggja til rette for nynorsk i barnehage og skule, både i Bergen og i
randsonene utanfor Bergen. Elevar med nynorsk som hovudmål må få behova sine ivaretekne på alle
klassesteg, inkludert ungdomsskulen.
Årsmøtet ber om at nynorsk språk og kultur får ein tydeleg plass i den endelege behandlinga av
skulebruksplanen. Konkret vil dette m.a. innebera at skulane Riple og Haugland ikkje vert lagde ned.»
Samrøystes vedteke.
«Nynorsken må sikrast i reformarbeidet
Årsmøtet i Hordaland Mållag viser til at Vestlandet står overfor nye utfordringar: Samanslåing av
kommunar og av høgare utdanningsinstitusjonar. Store og sentraliserte kommunar og
utdanningsinstitusjonar kan truga stillinga nynorsken har hatt til no, om ein ikkje grip sjansen til å gjera
nynorsken til ein avgjerande del av dei nye strukturane heilt frå starten av.
Det er etter vår vurdering oppsiktsvekkjande at denne viktige språk- og kulturfaktoren ikkje har vore
med i grunnlagsmaterialet for dei to reformene. Årsmøtet krev at dette vert sett som vilkår for
eventuelle samanslåingar. Dette inneber at det må leggjast konkrete planar for bruk og styrking av
nynorsk på alle plan.»
Samrøystes vedteke med endringsframlegg frå Haakon Aase som forhandla fram i møtelyden.
1300
Astrid gav Kåre Johan ei gåve sidan han gir seg som kasserar.
Korte helsingar
1305
Avslutning med song: Småsporven
Astrid Reigstad Hallgeir Dale Hans Birger Drange
Comments