Arbeidsprogram 2013

lagt inn 14. aug. 2016, 02:52 av Bjørn Enes

Hovudmål:

Å auke kjennskapen til nynorsk, og å få fleire til å bruke nynorsk og fremja nynorsk på alle område i samfunnet.

Delmål:

1. Organisasjonsarbeid.

Hordaland Mållag ynskjer å:

  • Få liv i sovande lokallag og i samarbeid med NMU bidra til å få liv i sovande målungdomslag.

  • Arbeida for betra kontakt med lokallaga og målungdomslaga, t.d. gjennom felles arrangement.

  • Samarbeida med andre fylkeslag på Vestlandet og med Noregs Mållag om felles tiltak på tvers av fylkesgrensene.

  • Arrangera studiesirklar og kurs i organisasjonsarbeid

  • Verva nye medlemmer

  • Kontakt medlemene for å få ressurspengar til ulike arbeidsoppgåver. Samla elektronisk kontaktinformasjon for å gjera denne kontakten lettare.

  • Styrka skulemålsarbeidet


2. Barnehage, skule og oppvekst

For at barn skal læra nynorsk så tidleg som råd, vil Hordaland Mållag arbeida for at det fins lesestoff på nynorsk på alle alderstrinn i barnehagar og skular, og at læremiddel finst på nynorsk.

Tiltak:

  • Arbeida for fleire lese- og songbøker på nynorsk i barnehagane.

  • Informera om nynorsk for barnehagetilsette og for foreldra.

  • Arbeida for å oppretta nynorske parallellklassar i bokmålskrinsar og forsvara nynorsken ved skulemålsrøystingar.

  • Arbeida for at læremiddel for framandspråklege finst på nynorsk.

  • Arbeida for ei betre sidemålsundervisning, og for at bokmålsungdom skal sjå nytten og verdien av å kunna skriva nynorsk.

  • Arbeida for å bremsa nynorskflukt i nynorske skulekrinsar

  • Arbeida for å betra nynorskundervisinga


3. Nynorsk for innvandrarar

Hordaland Mållag skal arbeida for betre tilgang til nynorske læremiddel for innvandrarar og for at nynorsk i større grad vert nytta som opplæringsmål i nynorskkommunar

Tiltak:

  • I samarbeid med LNK arrangera møte med kommunane for å betra på situasjonen.

  • Hjelpa kommunane til å skaffa læremiddel i nynorsk for innvandrarar.

  • Samla røynsler frå lokallaga og formidla dei i nyhendebrev til laga.


4.Gjera nynorsken meir synleg

Nynorsk en er generelt for lite synleg i media, næringslivet, organisasjonslivet og i offentleg administrasjon, og ei hovudoppgåve for Hordaland Mållag er å gjera han meir synleg i samfunnet og såleis gjera det lettare for folk å ta han i bruk.

Tiltak:

  • Arbeida for meir nynorsk i alle media, og oppmuntra til at det blir nytta nynorsk på nettet og i lesarbrevspaltene.

  • Oppmuntra til og rosa bruk av nynorsk i næringslivet.

  • Sjå til at mållova vert etterlevd.

  • Arbeida for at Hordaland fylke held fast på nynorsk som administrasjonsmål og at store statlege føretak som Haukeland Sjukehus respekterer mållova.

  • Arbeida for å få fleire frivillige lag og organisasjonar til å nytta nynorsk.

  • Arbeida for at dei store samferdsleføretaka i Hordaland (som Skyss, Tide og NSB) og interkommunale føretak (som BIR, BKK og BRB) nyttar meir nynorsk i marknadsføringa og i informasjon til publikum.

  • Følgja opp «Nynorsk i offentleg ordskifte» – eit prosjekt for å gje systematisk attendemeldingar til dei som skriv nynorsk offentleg, til dømes i lesarbrev i avisene.


5. Kulturlivet.

Hordaland Mållag vil arbeida for at nynorsk blir ein grunnleggjande del av ein vestnorsk identitet.

Tiltak:

  • Stø opp om nynorsk kulturliv og samarbeida med mellom andre forfattarmiljøet i Hordaland og Hordaland Teater om Nynorsk Kultursentrum i Bergen og andre felles tiltak.

  •  Gjennomføra «Språkårprosjektet» Bondestudentar i samarbeid med Fana Mållag, Bergen Mållag, skodespelaren Liv Hatle og regissøren Arvid Ones.


6. Medlemskontakt

Tiltak:

  • Hordaland Mållag vil i 2013 senda ut skrivet «Nytt om nynorsk i Hordaland» til alle medlemmene i fylket.


13. februar 2013 – Årsmøtet i Hordaland Mållag

Comments