Skulemål‎ > ‎

Skulemålsrapport 2016

Skulemålsnemnda i Hordaland Mållag har hatt tre møte i 2016 for å planleggja tiltak for å styrkja nynorsken i skule og barnehage. Den nye fylkessekretæren Live H. Bjørnstad har vore med på dei to siste av desse møta. Oppgåva for skulemålsnemnda fell i tre deler, nemleg

  1. Få fleire foreldre til å velja nynorsk ved overgang frå barnehage til skule.

  2. Stoppa målbytet til bokmål i ungdomsskule og vidaregåande skule.

  3. Styrkja sidemålsundervisninga for å gjera fleire elevar tospråklege og skapa meir positive haldningar til nynorsk hos lærarar og elevar.

I tillegg har skulemålsnemnda v/Arild Reigstad skrive brev til kommunar i Hordaland med oppmoding om å innføra opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar. Til no har 10 nynorskkommunar i fylket gjort dette, i tillegg til Odda kommune, men det står att 20 kommunar.

Nynorsk i barnehage og skule. Skulemålsnemnda meiner at språket i barnehagen er viktig, fordi det er med og avgjer foreldra sitt val av målform, og for at barn skal få eit naturleg forhold til nynorsk. Nesten alt som blir sunge og lese i barnehagane i Hordaland, er på bokmål, og det finst ingen retningsliner for dette. For at foreldra skal få eit reelt val, må krav om nynorsk inn i rammeplanane for barnehagar i nynorskkommunane. Skulemålsnemnda har også i år sendt innlegget «Nynorsk best i vest» til lokalavisene rundt Bergen for å få fleire foreldre til å velja nynorsk. Nemnda planlegg og ei brosjyre om dette som skal gå ut til småbarnforeldre i nynorskkommunar gjennom barnehagane og lokale mållag. Fleire lokallag som Sotra og Lindås mållag driv alt slikt arbeid, i Lindås er det til dømes eit nynorsk leseprosjekt i barnehagane som blir støtta av Nynorsk Kultursenter. Barnehagebrosjyra vår vil byggja på NM si standardbrosjyre tilpassa Hordaland. Skulemålsnemnda v/Håkon Remøy har fått eit prisoverslag frå trykkeri, og nemnda vil arbeida vidare med dette fram til skulestart til hausten. I tillegg vil nemnda organisera barnehagebesøk med informasjon om nynorsk for barn og tilsette i barnehagar. Aktuelle for barnehagebesøk frå mållaget er Øystein Skjæveland og Håvard Øvregård, som begge har erfaring frå tidlegare barnehagebesøk.

Bystyret i Bergen vedtok i juni trass i lovnader før kommunevalet om det motsette, å leggja ned Riple skule, den siste nynorskskulen i Fana bydel i Bergen. Både leiar i Bergen Mållag, Nils Mæhle og Oddvar Skre, som er leiar skulemålsnemnda og i Fana Mållag, hadde samtalar med skulebyråden og AP-gruppa i Komite for skule og oppvekst utan at det nytta, politikarane hadde tydelegvis bestemt seg på førehand. I tillegg til Riple la Bergen kommune også ned Haugland skule i Arna, men denne nedlegginga får ikkje så store konsekvensar for nynorsken som nedlegginga av Riple sidan elevane der blir overført til ein annan nynorskskule, medan Riple-elevane blir overført til ein bokmålsskule.

Nynorsken går stadig tilbake i grunnskulen i Hordaland, og er no nede i om lag 38%. I Odda har det vore ei positiv utvikling, slik at omkring 60% no har nynorsk, og målbytet i ungdomsskule og vidaregåande er lågt (2-3%). På andre sida har Fjell, nabokommunen til Bergen i vest, ein nynorskprosent på 34%. I Bergen er det no berre Arna bydel og Salhus krins i Åsane som har nynorsk, og i Arna er nynorskprosenten nede i 25% og minkar stadig. I dei andre kommunane i randsona (Sund, Os, Lindås, Meland og Øygarden) ligg nynorskprosenten på 70-80%, men ein tredjedel av nynorskelevane byter til bokmål i ungdomsskule og vidaregåande (sjå vedlagte tabell).

Tiltak for å stoppa målbytet. Ein stor del av nynorskelevane i barneskulen i Hordaland byter til bokmål når dei går over i ungdomsskulen, og endå fleire ved overgangen til vidaregåande skule. I kommunane i randsona rundt Bergen og i Sveio som er nabokommune til Haugesund ligg dette målbytet på 20-30%, men ute i fylket er det nede på 5-10%. Årsaka er delvis at bokmålet er mykje meir dominerande og synleg nær Bergen enn i resten av Hordaland, men ein viktig grunn er også at i språkdelte kommunar rundt Bergen blir ofte bokmål- og nynorskelevar undervist i blanda klassar. Forsøk i Odda har vist at språkdelte klassar («Oddamodellen») reduserer målbytet kraftig. I Fjell kommune, der målbytet er særleg stort, har kommunen og UiB sett i gang eit prøveprosjekt med språkdelte klassar som alt no ser ut til å visa godt resultat. Skulemålsnemnda v/Oddvar Skre var til stades på språkseminaret 3. mai 2016 ved Fjell ungdomsskule der dette prosjektet vart presentert, og nemnda vil arbeida for at fleire kommunar innfører språkdeling, til dømes ved at det blir opna for at ordninga med parallellklassar i anna målform blir utvida til å omfatta ungdomsskulen.

Styrking av sidemålet. I Bergen og andre kommunar med overvekt av bokmålselevar er det viktig å arbeida for tidleg sidemålsstart, for dess tidlegare elevane møter nynorsk, dess lettare lærer dei språket og får eit meir naturleg forhold til det, noko som også verkar positivt på evna til å uttrykka seg på hovudmål (bokmål). Det nye AP-byrådet i Bergen har innført tidleg sidemålsstart frå 3. klasse ved tre språkdelte skular i Arna, men skulemålsnemnda vil arbeida for at ordninga blir innført ved fleire bokmålsskular i Bergensområdet. I tillegg til tidleg sidemålsstart er det viktig å arbeida gjennom politiske kanalar for å halda oppe ordninga med to jamstelte skriftlege eksamenar i norsk ved ungdomsskular og vidaregåande skular. Dette arbeider også Odda Mållag v/Knut O. Dale med, og dei arrangerte 2. desember 2016 eit vellukka sidemålsseminar på Flesland der også NM-leiar Magne Aasbrenn deltok, saman med fylkespolitikarar og andre frå Hordaland Mållag, mellom anna leiaren Astrid Olsen. Frå skulemålsnemnda deltok Arild Reigstad og Oddvar Skre.

Innlegg i media. Bergens Tidende prenta 10. september 2016 avisinnlegget «Jamstelte skriftmål for alle», som var underskrive av Erlend Bakke og Oddvar Skre for skulemålsnemnda. Innlegget vårt kom etter BTs leiar-artikkel «Nynorsk for alle» (24. august) og Hordaland Unge Høgres innlegg «Tvang funkar ikkje» (2. september), som båe handla om framlegget frå Høgres programkomité om å avskaffa obligatorisk sidemålsoppplæring. I innlegget argumenterte me for at BT hadde hatt rett i å stempla programkomitéframlegget som «kunnskapsløst, kulturløst og udannet», og soleis for å vera i strid med gjeldande norsk språkforvalting. Me oppmoda Hordaland Unge Høgre til å innsjå det, og til å arbeida imot komitéframlegget.

Oddvar Skre og Erlend Bakke

for skulemålsnemnda i Hordaland Mållag

Comments