6/12-16: Nynorskbar om språk i akademia

Publiseringsdato: Dec 05, 2016 7:40:3 PM

Engelsk tek over for norsk i store delar av akademia. Kva konsekvensar har det for norsk og norsk fagspråk?

Er norsk mål noko me ikkje vil nytta når me drøftar meir teoretiske saker?

Kva hender om me ikkje lenger kan snakka norsk overalt i akademia?

Er dette eit problem eller gjer det oss berre positivt meir internasjonale?

Kva med dei som ikkje kan engelsk?

Hindrar det oss i å læra andre språk skikkeleg? Er det i så fall så fårleg?

Kva kan me gjera for å styrkja og utvikla språket vårt?

Dette er tema på Nynorskbaren i morgon, tysdag 6. desember kl 19:30.

Innleiing ved Astrid Olsen og Nils Mæhle.

Stad: Som vanleg i Logen Bar, høgda over Logen Teater.

Tilskipar Bergen Mållag

Inngangspengar: Kr.50,-

Alle interesserte er hjarteleg velkomne!