Målprisen 2019 til Reigstad Bygg og Eigedom

Publiseringsdato: Mar 18, 2019 2:26:13 PM

Me ynskjer Reigstad Bygg og Eigedom hjarteleg til lukke med Målprisen 2019! Dei er ein verdig vinnar:

Reigstad Bygg og Eigedom har nynorsk som ein medviten del av idenditeten sin, og nyttar nynorsk i marknadsføring og kundekontakt. Dei gjer såleis ein flott innsats for å halda på det nynorske bruksspråket i lokalmiljøet og står fram som eit godt føredøme for andre i verksemder i området.

Med Målprisen 2019, ynskjer Hordaland Mållag også å trekkja fram korleis verksemder som Reigstad Bygg og Eigedom, der nynorsken er i bruk som ein naturleg del av det daglege virket, er med på å auka den språklege sjølvtilliten og medvitet til alle nynorskbrukarane som direkte eller indirekte er kontakt med verksemda.