Strategimøte for nynorsken si framtid i Hordaland

Publiseringsdato: May 08, 2017 1:35:16 PM

Laurdag 20. mai skipar Odda Mållag i samråd med Hordaland og Noregs Mållag eit ope møte om framtida til nynorsken i Hordaland. Her vert det innleiingar og strategisk tenking kring temaet. Programmet finn du i den vedlagde fila.

Velkomen til Gimle i Bergen (Kong Oscars gate 18) kl. 11!

------------------

Tidspunkt: Laurdag 20.05.17 frå kl.11.00 til 16.00.

Møtestad: Gimle i Bergen

Opning: Magne Aasbrenn: Hordaland, det viktige målfylket!

Arild Reigstad: Relasjonsbygging. 10 min

Terje Kollbotn: Arbeidet for nynorsken i Hordaland. 15 min

Erlend Bakke: Nynorsk skulemål i Hordaland: Ei historisk oversikt. 15 min

Målbyte i Øygarden. 10 min

Oversikt over målstoda i Arna. 10 min

Vigleik Brekke: Fjell-prosjektet. 15 min

Steinulf Tungesvik: Er tolvåringar myndige? Jamfør retten born har til å byta skriftspråk når dei er 12 år. 15 min

Geir Angeltveit: Nynorsk i vaksenopplæringa. 10 min

Knut O. Dale: Den viktige sidemålsstilen. 10 min

Per Morken: Språk og lærarautonomi. 10 min

Magne Aasbrenn: a) Nynorsk som jamstelt skriftspråk. 10 min b) Krav til politikarane: Kva har dei ulike partia lova. 15 min

Einar Ådland, Astrid Olsen og Per Morken: Språk- og kulturkampen på Strilelandet. Er bergensarane språkimperialistar? 20 min

Øystein Skjæveland: Strategiar frametter. Kven gjer kva og korleis? 15 min

Ordstyrarar: Vigleik Brekke og Øystein Skjæveland

Framfor vala i 2013 og 2015 var det opne møte om sidemålsstilen (2013) og Oddamodellen (2015)

Kva meiner dei ulike partia om sidemålsstilen, Odda-modellen, lovfesting av læremiddel for innvandrarar? Om desse spørsmåla arrangerer Hordaland Mållag og Odda Mållag eit ope møte i Bergen måndag 21.august.

Tilskiparar av møta 20.05. og 21.08.17 er Hordaland Mållag og Odda Mållag.

Om innleiarane/deltakarane på møtet:

Arild Reigstad er styremedlem i Hordaland Mållag. I mange år var han hovudtillitsvald for grunnskulelærarane i Bergen kommune.

Terje Kollbotn er fylkestingsrepresentant for Raudt. Har vore kommunestyrerepresentant for Raudt i Odda i mange år. Han har sett Odda-modellen på dagsorden mellom anna i møte med Hordalands-benken på Stortinget.

Erlend Bakke er leiar i Askøy Mållag og medlem i skulemålsnemnda i Hordaland Mållag.

Steinulf Tungesvik er advokat. Han har vore leiar i Hordaland Senterparti og leiar i Noregs Mållag. Ymse politiske ombod, til dømes statssekretær i samferdsledepartementet.

Einar Ådland har vore leiar i Hordaland Mållag. Han var og leiar i Kringkastingsringen. Arbeidde i informasjonsavdelinga på Universitetet i Bergen. Var redaktør i Dag og Tid på 70-talet.

Astrid Olsen er leiar i Hordaland Mållag. Til dagleg lærar på Ågotnes skule.

Per Morken har vore rektor på Bø vidaregåande skule og Sotra vidaregåande skule. Er no kommunestyrerepresentant for Arbeidarpartiet i Øygarden. Var nestleiar i Europabevegelsen. Sat i skulemålsnemnda til Noregs Mållag på 70-talet.

Øystein Skjæveland har hatt ulike ombod i målrørsla, m.a. leiar i Hordaland Mållag. Dagleg leiar og eigar av verksemda Isrosa i Herøysund i Kvinnherad.

Geir Angeltveit er kommunestyrerepresentant for Venstre på Stord. Medlem i Hordaland fylkesting. Arbeider på eit asylmottak for einsleg unge innvandrarar. Var pådrivar for å få nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar på Stord.

Knut O. Dale er leiar i Odda Mållag. Har og vore leiar i Hordaland Mållag. Til dagleg norsklærar på Odda vidaregåande skule.

Vigleik Brekke var i mange år redaktør for Kystradioen. Mållagsmedlem. Arbeider som informasjonsrådgjevar i Fjell kommune.