Valmøte: Kva er nynorsken sin status som jamstilt skriftsspråk?

Publiseringsdato: Aug 04, 2017 1:0:30 PM

Noregs Mållag, Odda Mållag og Hordaland Mållag byr inn til debattmøte måndag 21. august klokka 18 og møtestaden er Litteraturhuset i Bergen.

På møtet vil me få innleiingar av Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, Åse Wetås, direktør i Språkrådet, Gunhild Berge Stang, ordførar i Fjaler og 2. kandidat for Venstre i Sogn og Fjordane, Helga Mannsåker, universitetsstipendiat og Liva Thiis som er leiar i Sørfjorden Målungdom og elev på Odda vidaregåande skule.

Tema på møtet vil vera sidemålsordninga, språkdelte ungdomskular (Odda-modellen) og lovfesting av nynorske parallellutgåver av læremiddel for vaksne innvandrarar.

Stortingskandidatane frå partia vert invitert til å stille opp til debatt.

Dette er programmet:

Direktør i Språkrådet Åse Wetås: Sidemålsordninga, ein føresetnad for språkleg jamstelling. 15 minutt

Leiar i Noregs Mållag Magne Aasbrenn: Målkrava framfor stortingsvalet. 15 minutt

Ordførar i Fjaler Gunhild Berge Stang: Kvifor er sidemålsstilen så viktig for ein nynorskkommune? 10 minutt.

Universitetsstipendiat Helga Mannsåker: Trygge nynorskbrukarar i språkdelte ungdomskular. 10 minutt. (Helga Mannsåker har nett levert ei doktorgradsavhandling i norsk.)

Leiar i Sørfjorden Målungdom Liva Thiis: Språkdelte ungdomsskular frå ein elevsynsstad. 10 minutt.

***

Innleiingar frå dei politiske partia. Dei 9 partia får 4 minutt kvar, til saman 36 minutt

Pause: 19.40 – 20.10

Oppfølging av innleiingane og ordskifte med avslutningsinnlegg frå politikarane: 20.10 – 21.30