Bergen Mållag 2020

Publiseringsdato: Sep 06, 2020 2:14:34 PM

Gode målvener!

Dette er underlege tider, og naturlege møteplassar er vanskelege å halde i live.

Styret er likevel i sving, og det nye styret ser slik ut:

Bjørg Eli Eide leiar, Mona Stormark nestleiar, Ane Landøy skrivar, Matti Wiik kasserar, Geir Håland styremedlem.

Varamedlemmer er Borghild Gramstad og Nils Mæhle.

Styret har starta eit spanande samarbeid med fylkesbiblioteket for å trygge nynorskelevar tilgang på nynorske fagbøker og annan litteratur. Me vil kome attende med meir informasjon etter kvart.

Nynorskbaren i Logen bar på Det Vestnorske Teateret er framleis i live, men det har vore vanskeleg å finne tider grunna koronarestriksjonar og drifta elles på teateret. Me vil kome attende til dykk så snart det skjer noko, så følg med på fjesboka.

Bergen fyller 950 år og dette vil me gjerne vere med og feire. Bergen Mållag vil saman med Det Vestnorske Teateret finne meir ut om nynorsken sin plass i byen mellom dei sju fjella. Dette skjer i Logen bar 9. oktober kl. 19.00. Set av fredagskvelden, så kjem me attende med program med spanande gjester........

Me vil gjerne oppmode gamle og nye medlemmer til å engasjere seg i laget. Ta gjerne kontakt med styret med gode idear til aktivitetar eller saker me kan jobbe saman om. Skulemål er alltid like aktuelt, og ein eigen nynorskklasse i Bergen sentrum er den draumen me ber på. Nynorsk i barnehagane i Bergen kan det etter vårt syn aldri bli nok av. Dette er berre to av dei sakene me vil arbeide med framover.

Du høyrer frå oss!