Magne Aasbrenn : Mållagskrava til lovverket: Om rammevilkåra for nynorsk.
Jorid Saure: Kva har me lært av Fjell-prosjektet?
Live Havro Bjørnstad: Skulemålsarbeid i Hordaland: Ei oppsummering av arbeidet. Arbeidet frametter.
Åsmund Lien: Om tilhøvet mellom språk og identitet med Os kommune som utgangspunkt.
Eirik Helleve: Målbruksplanar – teori og praksis.
Knut O. Dale: Nynorsken sin plass i den vidaregåande skulen.
Ordstyrar: Hallgeir Dale
Laurdag 9. november skipar skulemålsnemnda i Hordaland Mållag til seminar i Bergen.
Seminaret er gratis og ope for alle interesserte. Me held til i 4. høgda i Fensal, Kong Oscars gate 15 frå kl. 11-15, og midtvegs i programmet vert det servert lunsj.
VIL DU VERA MED? MELD DEG PÅ TIL skule@maallag.no(frist 5. november).
Om innleiarane
Magne Aasbrenn: Leiar i Noregs Mållag. Har vore norsklærar på Fredrik II videregående skole i Fredrikstad i over 30 år.
Jorid Saure er leiar for prosjektet: Stolt av eige språk i Fjell kommune. Arbeider på Fjell ungdomsskule.
Åsmund Lien: Skulemålsskrivar i Noregs Mållag frå 1971 til 1983. Arbeidde deretter som kultursekretær i Os kommune.
Live Havro Bjørnstad: Prosjektleiar i Hordaland Mållag.
Eirik Helleve: Leiar i Voss Mållag. Utdanna etnolog og arbeider som avdelingsleiarpå Voss folkemuseum.
Knut O. Dale: Leiar i Odda Mållag. Norsklærar i den vidaregåande skulen i 38 år. Pensjonist i 2018.
Hallgeir Dale: Lærar i vaksenopplæringa i Sund. Har vore lærar og rektor i grunnskulen i Sund i mange år.
Lagt inn 23. okt. 2019, 06:23 av Live Havro Bjørnstad
Nynorskdagane i nye Alver kommune er opna, og Meland og Alversund feirar nynorsken med pub og konserten "Translasjonar - populærmusikk på norsk". Dette finn stad fredag 20. september på Folkemunne kafé i Knarvik Senter, og det kostar 100 kr å vera med (i døra eller via ticketco).
Meir om programmet:
Nynorsk pub frå klokka 19.30 Konsert med "Smooth Operators" frå kl. 20.00. Dei urframfører eit tingingsverk med utanlandske songar frå populærmusikken, men med tekst omsett til norsk. Etter konserten vert det kviss og allsong
Det vert seld drikke og smårettar
Lagt inn 16. sep. 2019, 07:04 av Live Havro Bjørnstad
Tilskipinga skal vera i Landro Bedehus torsdag 12. september kl 18:30 (Landrovågen 8), og Akselberg er invitert til å snakka ut frå overskrifta«Skuleelevar i Hordaland og skrift- og talemålet deira – i og utan for skulen».
Vidare program:
Gert Erik Nesbø spelar
Loddsal/basar – fine premiar.
Sal av kaffi, brus og kaker.
Alle er hjarteleg velkomne.
GRATIS INNGANG
Lagt inn 5. sep. 2019, 04:31 av Live Havro Bjørnstad