Protokoll frå årsmøte

Protokoll frå årsmøte i Hordaland Mållag 3. mars 2024

 

SAK 1a: Oppnemning av ombod


INNSTILLING FRÅ STYRET

Ordstyrarar

Fredrik Heimsæter

Aslaug Mork Tophol

 

Skrivarar

Sahra Torsvik

Kari Østervold Toft

 

Fullmaktsnemnd:

Brit Rabben

Bergit Utne Fjelde

 

Protokollunderskrivarar

Anita G. Johannessen

Johannes H. Sekse


 

Røysteteljarar:

Geir Olav Repål

Marta Nagel-Alne

 

Vedtak: Styret si innstilling vart vedteke.

 

SAK 1b Framlegg til årsmøteføresegner

Vedtak: Styret sitt framlegg til årsmøteføresegner vart samrøystes vedteke.  

 

Innstilling frå fullmaktsnemnda

Bergit Utne Fjelde la fram innstillinga frå fullmaktsnemnda.

Endring: Frå Meland Mållag kjem ikkje Astrid Anne Fjeldstad. Frå Voss Mållag kjem ikkje Nina Mork Brunvoll. Frå Bergen Mållag kjem Astrid Olsen i tillegg til utsendingane på deltakarlista. Det var 32 frammøtte utsendingar.

Vedtak: Årsmøtet godkjente fullmaktene frå alle dei frammøtte utsendingane. 

 

SAK 2 Årsmelding 2023

Leiar Ane Landøy la fram årsmeldinga.

 

Desse hadde ordet:

Kristian Bringedal og Knut O. Dale.

 

Vedtak: Årsmeldinga vart samrøystes godkjent 

Knut O. Dale leverte ein protokollmerknad til årsmøte frå Toralv Mikkelsen, Knut O. Dale og Sigrid Lerbak: «Årsmøte i Hordaland Mållag er særs nøgde med at Stortinget i 2023 endra Opplæringslova, slik at det er ein lovfesta rett til språkdeling i heile grunnskulen –også på ungdomstrinnet. Dette skjedde etter ein langvarig innsats frå Odda Mållag, Hordaland Mållag og Noregs Mållag».  

 

SAK 3 Årsrekneskap og ettersynsmelding

Kasserar Marie Morken la fram årsrekneskapen for 2023

 

Styret sitt framlegg til vedtak:

Rekneskapen for 2023 vert godkjent. Resultatet (overskotet) på kr. 31.387,25 skal gå

inn i eigenkapitalen. Renter for 2023 på konto 3525.09.05066 (fondet), kr 4 564,52,

vert lagt til fondet.

 

Desse hadde ordet:

Knut O. Dale og Anita G. Johannessen.

 

Vedtak, samrøystes:

Rekneskapen for 2023 vart godkjent. Resultatet (overskotet) på kr. 31.387,25 skal gå

inn i eigenkapitalen. Renter for 2023 på konto 3525.09.05066 (fondet), kr 4 564,52,

vert lagt til fondet.

 

SAK 4 Arbeidsprogram/årsplan 2024

Leiar Ane Landøy la fram arbeidsprogram/årsplan.

 

Desse hadde ordet:

Knut O. Dale, Astrid Olsen og Kristian Bringedal.

 

Tilleggsframlegg frå Toralv Mikkelsen, Knut O. Dale og Sigrid Lerbak:

Årsmøtet i Hordaland Mållag vil, i 2024 i samarbeid med aktuelle lokallag, arbeida for at den nye lovfesta retten til språkdeling på ungdomstrinnet vert innført i flest mogleg kommunar i språkdelte område i Hordaland frå skuleåret 2024/2025.

Vedtak: Framlegget vart vedteke med 22 røyster.

 

Vedtak framlegg til arbeidsprogram med vedteke endring: Arbeidsprogrammet/årsplan for 2024 vart samrøystes vedteke.

 

SAK 5 Budsjett og vedtak om medlemspengesats for Hordaland Mållag

Kasserar Marie Morken la fram styret sitt framlegg til budsjett og til årspengar.

 

Budsjett

Framlegg frå Knut O. Dale:

Landsmøtekostnader aukar frå 61.000 til 70.000

 

Framlegg frå Kari Østervold Toft:

Kurs, tilskot og seminar aukar frå 7.500 til 10.000

 

Desse hadde ordet:

Ane Landøy. Anita G. Johannessen, Marta Nagel-Alne, Live Havro Bjørnstad, Toralv Mikkelsen, Marianne Hansen, Marie Morken, Kari Østervold Toft, Knut O. Dale og Karin Monstad.

Framlegget frå Knut O. Dale fekk 13 røyster og fall.

 

Framlegget frå Kari Østervold Toft vart samrøystes vedteke.

 

Vedtak heile budsjettet:

Budsjettet vart samrøystes vedteke med endringar. Årsresultat er då endra frå 15.000 til 12.500.

 

Årspengar

Styret sitt framlegg til vedtak:

Årspengane for 2025 vert: 60 kroner pr. medlem, 30 for familiemedlemmer.

 

Vedtak: Styret sitt framlegg vart samrøystes vedteke.

 

SAK 6 Fråsegner og eventuelle andre saker

Det var ikkje kome inn fråsegner eller ande saker innan fristen 3 veker før årsmøtet.

 

Tre dagar før årsmøtet sende Odda Mållag inn ei sak med tittelen: «Noregs Mållag må prioritera Hordaland i bruk av økonomiske midlar.» Odda Mållag sende i februar denne høyringsfråsegna om personalressursar i Noregs Mållag til Noregs Mållag. Fråsegna vart lagt i mappene til utsendingane laurdag 2. mars.

 

I høve til § 3.5 i lova til Hordaland Mållag kan årmøtet gjera unnatak og vedta å ta opp seinare innkomne saker.

 

Styret v/leiar Ane Landøy la fram følgjande innstilling:

I § 3.5 i lova til Hordaland Mållag står det: «Lokallaga må melda inn saker ein vil ta opp, seinast 3 veker  før årsmøtet. Styret skal senda ut sakspapir og innkomne saker med si vurdering 14 dagar før årsmøtet. Årsmøtet kan gjera unnatak og vedta å ta opp seinare innkomne saker.» Unntak for fristen i lova  er tatt med for å kunna handsama aktuelle saker som dukkar opp etter at fristen er gått ut.

Denne saka kom styret i HM ihende torsdag denne veka. I tillegg til at den er komen inn langt etter fristen er det på sin plass å opplysa om at Hordaland Mållag sende ei sak til landsmøtet i 2022 med tittelen «Kartlegging av og utgreiing om personalressursane i Noregs Mållag.» Den vart vedteke, det  vart nedsett ei arbeidsgruppe med representantar frå styret, skrivarstova og fylkeslaga  som skulle kartleggja og utgreia saka. Lokallag og fylkeslag har vore invitert til å koma med innspel til arbeidet med frist 16. februar. Odda Mållag sende då inn dette innspelet til arbeidsgruppa. Arbeidsgruppa sitt arbeid er no avslutta og oversendt styret i NM som har møte denne helga for å utarbeida ei innstilling til landsmøtet i april om  korleis Noregs Mållag skal bruka personalressursane sine.

Styret i Hordaland Mållag vil på denne bakgrunn rå årsmøtet til å avvisa å behandla saka. 

Desse hadde ordet til saksførehavinga:

Knut O. Dale og Marie Morken.

Vedtak: Framlegget frå styret vart vedteke mot 1 røyst. 

SAK 7 Val: styre med varafolk, ettersynsfolk, valnemnd og utsendingar til landsmøte med varafolk

Bjørg Eli Eide la fram innstilling frå valnemnda på styreleiar, styremedlemer med varafolk og ettersynsfolk.

Leiar: Ane Landøy, attval, 1 år

 

Styremedlemmer: 

Marie Morken, Meland Mållag, attval 2 år:

Solveig Grønlien, Odda Mållag, ikkje på val

Arild Reigstad, Arna Mållag, ikkje på val

Brit S.F. Reigstad, Arna Mållag, ikkje på val.

Fredrik Heimsæter, Bergen Mållag, attval 2 år.

 

Målungdommen vel eitt medlem til styret.

Varamedlemmer: 

1. vara, Torstein Vik Århus, ny, 1 år

2. vara, Guro Kvalnes, ny, 1 år

3. vara, Mari Mehl, ny, 1 år


Ettersynsfolk: 

Matti Wiik (Bergen Mållag), attval 2 år

Terje Nilsen (Bergen Mållag), ikkje på val

 

Vedtak: Framlegga frå valnemnda vart vedtekne med akklamasjon.

 

Ane Landøy la fram innstilling frå styret på valnemnd og utsendingar til landsmøtet

 

Valnemnd

Leiar, Bjørg Eli Eide – attval, 2 år

Øystein Skjæveland – attval, 1 år

Karin Monstad – ikkje på val

 

Vedtak: Framlegga frå styret til medlemmer i valnemnd og leiar i valnemnda vart vedtekne med akklamasjon.

 

Utsendingar til landsmøtet i Noregs Mållag:

Ane Landøy

Solveig Grønlien

Marie Morken

Arild Reigstad

Erlend Bakke

Bjørg Eli Eide

Øystein Skjæveland

 

Varafolk:

1. Anne Lise Grøm

2. Kristian Bringedal

3. Karin Monstad

Framlegg frå Knut O. Dale:

Terje Kolbotn vert utsending i staden for Øystein Skjæveland.

 

Framlegg frå Astrid Olsen:

Terje Kolbotn som 1. vara i staden for Anne Lise Grøm

 

Desse hadde ordet:

Knut O. Dale, Ane Landøy, Astrid Olsen, Marie Morken, Brit Fosse Reigstad og Kari Østervold Toft

 

Vedtak, framlegg frå Knut O. Dale:

Øystein Skjæveland 26 røyster, Terje Kolbotn 3 røyster og 3 røyster var blanke.

 

Vedtak, framlegg frå Astrid Olsen:

Anne Lise Grøm 28 røyster, Terje Kolbotn 3 røyster.

 

Vedtak: Framlegga frå styret på utsendingar med varafolk til landsmøtet vart vedteke.

 

 

 

Dato/stad                                                           Dato/stad

 

 

 

 Anita G. Johannessen       Johannes H. Sekse

________________________                                                               __________________________

  Anita G. Johannessen                                                                                 Johannes H. Sekse


Protokoll frå årsmøte i Hordaland Mållag 12. mars 2023 

Sak 1 Oppnemning av ombod og årsmøteføresegner 

Styret sine framlegg til ombod: 

Ordstyrarar 

Hege Myklebust 

Marie Morken 

Fullmaktsnemnd 

Brit S. F. Reigstad 

Fredrik Heimsæter 

Røysteteljarar 

Nils Mæhle 

Knut Bruvoll 

Skrivarar 

Sahra Torsvik 

Marta Nagel-Alne 

Protokollunderskrivarar 

Ove Sverre Bjørdal 

Anne Lise Grøm 

Vedtak: Framlegga frå styret vart samrøystes vedteke. 

Fastsetjing av årsmøteføresegner: 

Vedtak: Styret sitt framlegg til årsmøteføresegner vart samrøystes vedteke. 

Sak 2 Årsmelding 

Leiar Ane Landøy la fram styret si årsmelding for 2022. 

Desse hadde ordet: Knut O. Dale 

Knut O. Dale frå Odda Mållag leverte inn ein protokollmerknad til årsmeldinga, som fylgjer: <<I årsmeldinga skulle det ha stått ein statistikk over fordelinga mellom nynorsk og bokmålselevar i Hordaland. Likeeins skulle det ha vore teke med kor mange nynorskelevar som byter til bokmål når dei byrjar ungdomsskulen. 06.10.21 vedtok hovudutvalet for opplæring og kompetanse «at det vert gjennomført vidare kartlegging av korleis elevar og tilsette møter nynorsk i skulekvardagen». Årsmeldinga seier ikkje noko om kor langt dette arbeidet har kome. Bakgrunn for vedtaket i hovudutvalet for utdanning og kompetanse er at halvparten av nynorskelevane i Hordaland byter hovudmål i den vidaregåande skulen»

Vedtak: Årsmeldinga vart samrøystes godkjent 

Sak 3 Årsrekneskap og ettersynsmelding Marie Morken la fram årsrekneskapen for 2022

Styret sitt framlegg til vedtak: 

Rekneskapen for 2022 vert godkjent. Resultatet (overskotet) på kr 132.878,03 skal gå inn i eigenkapitalen på konto 3525.07.02041. Renter for 2022 på konto 3525.09.05066 (fondet) kr 4,564,52 vert lagt til fondet. 

Desse hadde ordet: 

Øystein Skjæveland, Håkon Tverdal 

Samrøystes vedtak: Rekneskapen for 2022 vert godkjent. Resultatet (overskotet) på kr 132.878,03 skal inn i eigenkapitalen på konto 3525.07.02041. Renter for 2022 på konto 3525.09.05066 (fondet) kr 4,564,52 vert lagt til fondet. 

Sak 4 Arbeidsprogram 

Ane Landøy la fram styret sitt framlegg til arbeidsprogram. 

Desse hadde ordet: 

Knut O. Dale, Anita Garlid Johannessen, Øystein Skjæveland, Astrid Olsen, Kristian Bringedal, Ane Landøy, Knut O. Dale og Marie Morken. 

Framlegg 1 frå Knut O. Dale: 

Det skal sendast ut fire målgåvebrev i året. 

Framlegget vart trekt. 

Framlegg 2 frå Knut O. Dale: 

Hordaland Mållag skal utvikle vidare samarbeidet med Sogn og Fjordane Mållag. 

Vedtak: Framlegget vart samrøystes vedteke. 

Framlegg 3 frå Øystein Skjæveland: 

Hordaland Mållag skal arbeida for at det vert så mange nynorskelevar som råd i Hordland, og for å motverka målbyte i skulen frå nynorsk til bokmål. For å nå desse måla vil laget mellom anna byggja vidare på ymse pågåande prosjekt og samarbeida med andre institusjonar. 

Vedtak: Framlegget vart samrøystes vedteke. 

Samrøystes vedtak på heilskapen: Arbeidsprogrammet vart samrøystes vedteke med dei endringane som vart vedtekne i møtet. 

Godkjenning av utsendingar, framlegg frå fullmaktsnemnda 

Alle utsendingar fyller vilkåra for røysterett med unntak av Askøy Mållag som ikkje har levert årsmelding for 2022, men leiar har meldt at årsmelding blir levert med det første. Fullmaktsnemnda tilrår årsmøtet å vedta at utsendinga frå Askøy Mållag får røysterett på vilkår av at årsmelding vert levert. 

Vedtak: tilrådinga frå fullmaktsnemnda vart samrøystes vedteke 

I ettertid har det vorte oppklart at den siste årsmeldinga Askøy Mållag har er for 2021. Utsendinga frå Askøy fyllte derfor ikkje vilkåret i vedtaket og hadde derfor ikkje røysterett. Det hadde ingen konsekvens for utfallet av sakene som vart handsama på årsmøtet. Det var 28 utsendingar med røysterett. 

Sak 5 Budsjett og vedtak om medlemspengar for HM 

Marie Morken la fram styret sitt framlegg til budsjett for 2023. 

Desse hadde ordet: 

Anita Garlid Johannessen, Håkon Tverdal, Geir Olav Repål, Marie Morken, Hege Myklebust. 

Styret sitt framlegg til vedtak: 

Budsjettet som heilskap for 2023 vert vedteke. 

Samrøystes vedtak: Budsjettet som heilskap for 2023 vert vedteke. 

Styret sitt framlegg til medlemspengar for 2024: 

Årspengane vert: 60 kroner pr. medlem, 30 for familiemedlemer. 

Samrøystes vedtak: Årspengane vert: 60 kroner pr. medlem, 30 for familiemedlemer. 

Sak 6a. Vedtektsendring 

Ane Landøy la fram styret sine endringsframlegg. 

Desse hadde ordet: 

Øystein Skjæveland til § 3.4. Sigstein Århus til § 4.3. Knut O. Dale, Hege Myklebust, Øystein Skjæveland, Ane Landøy, Astrid Olsen, Håkon Tverdal, Anita Garlid Johannessen, Marie Morken til §3.9. 

Øystein Skjæveland kom med ei språkleg presisering: 

- leggja til ordet totalt til framlegget til § 3.4 

Sigstein Århus kom med ei språkleg presisering: 

- endre § 4.3 sin ordlyd til «<Leiar si røyst tel dobbelt når det er likt røystetal»>. 

Styret slutta seg til desse endringane. 

Styret sitt framlegg til § 3.4, nest siste setning 

Gjeldande lov: 

Og vidare: 1 utsending meir for kvar påbyrja 50 medlemer. 

Framlegg til endring

Og vidare: 1 utsending meir for kvar påbyrja 100 medlemer, opp til 6 utsendingar totalt. 

Vedtak: Styret sitt framlegg vart samrøystes vedteke. 

Styret sitt framlegg til § 3.5, 4. og 5. setning 

Gjeldande lov: 

Lokallaga må melda inn saker ein vil ta opp, seinast 14 dagar før årsmøtet. Styret skal senda ut sakspapir og innkomne saker med si vurdering ei veke før årsmøtet. 

Framlegg til endring

Lokallaga må melda inn saker ein vil ta opp, seinast 3 veker før årsmøtet. Styret skal senda ut sakspapir og innkomne saker med si vurdering 14 dagar før årsmøtet. 

Vedtak: Styret sitt framlegg vart samrøystes vedteke. 

Styret sitt framlegg til § 3.9 b), 1. og 2. setning 

Gjeldande lov: 

Fire styremedlemer med tre varamedlemer i rekkefølgje. Styremedlemene vert valde for to år om gongen, og halvparten står på val kvart år, første gongen etter lutkast. 

Framlegg til endring

Fem styremedlemer med tre varamedlemer i rekkefølgje. Styremedlemene vert valde for 2 år om gongen, men slik at skiftevis to og tre er på val kvart år. Varamedlemer vert valde for eitt år om gongen. 

Vedtak: Styret sitt framlegg vart samrøystes vedteke 

Styret sitt framlegg til § 3.9 f

Framlegg til tillegg: 

Årsmøtet vel leiaren for valnemnda. Styret har mandat til å supplera valnemnda ved behov. 

Vedtak: Styret sitt framlegg vart samrøystes vedteke. 

Styret sitt framlegg til § 3.9 g

Gjeldande lov: 

Tre medlemer og to varamedlemer i rekkefølgje til ei skulemålsnemnd. Leiar vert vald særskild for eitt år om gongen. To medlemer vert vald for to år om gongen og er på val annakvart år. Varamedlemene vert valde for eitt år om gongen. 

Framlegg til endring

Pkt. g) går ut. Viser til endringsframlegg i §§ 3.9 b) og 4.1 og gjeldande lov §4.4. 

Vedtak: Styret sitt framlegg vart samrøystes vedteke. 

Styret sitt framlegg til § 3.10 

Gjeldande lov: Valnemnda lagar framlegg til årsmøtet om nytt styre, ettersynsfolk og skulemålsnemnd. Styret føreslår utsendingar til landsmøtet og valnemnd for årsmøtet. 

Framlegg til endring: Valnemnda lagar framlegg til årsmøtet om nytt styre og ettersynsfolk. Styret føreslår utsendingar til landsmøtet og valnemnd for årsmøtet. 

Vedtak: Styret sitt framlegg vart vedteke mot 1 røyst. 

Styret sitt framlegg til § 4.3 

Framlegg til tillegg: 

Leiar si røyst tel dobbelt når det er likt røystetal. 

Vedtak: Styret sitt framlegg vart samrøystes vedteke. 

Styret sitt framlegg til § 4.4, 1.-3. setning 

Gjeldande lov: 

Styret kan setja ned nemnder og arbeidsutval for ymse arbeidsområde, og utarbeida mandat for desse. Styret utarbeider mandat for skulemålsnemnda. Styret kan innkalla ombod og leiarar av nemnder og utval til styremøte ved behov. 

Framlegg til endring: 

Styret kan utnemna ombod og setja ned nemnder og arbeidsutval for ymse arbeidsområde, og utarbeida mandat for desse. Styret kan innkalla ombod og leiarar av nemnder og utval til styremøte ved behov. 

Vedtak: Styret sitt framlegg vart samrøystes vedteke. 

Styret sitt framlegg til § 5.1, 1. setning 

Gjeldande lov: 

Denne lova kan årsmøtet brigda med 2/3 fleirtal når framlegget til endring er kunngjort minst ein månad føreåt. 

Framlegg til endring: 

Denne lova kan årsmøtet brigda med 2/3 fleirtal når framlegget til endring er kunngjort minst 14 dagar føreåt. 

Vedtak: Styret sitt framlegg vart samrøystes vedteke. 

Sak 6b. Personalressurs 

Ane Landøy la fram saka frå ei arbeidsgruppe oppnemnt av Noregs Mållag til drøfting. 

Desse hadde ordet: 

Knut O. Dale, Astrid Olsen, Ane Landøy og Anne Lise Grøm. Ane Landøy oppmoda lokallaga om å jobba med dette. 

Sak 6c. Fråsegn: Målvinarlaget ved Stord lærarskule 

Nils Mæhle la fram saka. 

Desse hadde ordet: 

Marie Morken, Nils Mæhle og Astrid Olsen. 

Samrøystes vedtak: Fråsegna vert oversendt Noregs Mållag 

Sak 7. Val 

Astrid Olsen, leiar i valnemnda, la fram framlegga til styremedlemer, ettersynsfolk, næringslivsansvarleg og språklovsansvarleg. Leiar Ane Landøy la fram styret sitt framlegg til medlem i valnemnda og leiar i valnemnda. 

Styret 

Leiar: Ane Landøy - attval, 1 år 

Styremedlem: Solveig Grønlien - attval, 2 år 

Styremedlem: Arild Reigstad - attval, 2 år 

Styremedlem: Fredrik Heimsæter, ny, 1 år (etter Sahra Torsvik som gjekk ut i perioden) 

Styremedlem: Brit S. F. Reigstad, ny, 2 år 

Styremedlem: Marie Morken - ikkje på val 

Styremedlem: Endre Helland Gujord, ny (oppnemnt av Katten Målungdom) 

1. varamedlem Ragnhild Kvifte (Osterøy) 1 år ny 

2. varamedlem Magnus Torvik (Sotra) 1 år ny 

3. varamedlem Haakon Aase (Meland) 1 år ny 

Ettersynsfolk 

Terje Nilsen - ny, 2 år 

Matti Wiik attval, 1 år 

Næringslivsansvarleg 

Øystein Skjæveland - attval, 1 år 

Språklovansvarleg 

Erlend Bakke - attval, 1 år 

Vedtak: Framlegga frå valnemnda vart vedteke med akklamasjon. 

Valnemnd 

Karin Monstad – ny, 2 år 

Bjørg Eli Eide, - ikkje på val 

Øystein Skjæveland, - ikkje på val 

Framlegg til leiar av valnemnda: 

Bjørg Eli Eide 

Vedtak: Framlegga frå styret vart vedteke med akklamasjon

Dato/stad 

Bergen 4/5-23 

Ove Sverre Bjørdal 

Ove Sverre Bjørdal 


Dato/stad 

Hellesøy 23/4-23 

Anne Lise Grøm 

Anne Lise Grøm