Nyhende
Målprisen 2021 til Mikkelparken!
Målprisen frå Hordaland Mållag går i år til Mikkelparken familiepark og leikeland. Dei får prisen for gjennomført nynorskbruk i innhald og marknadsføring. Me ynskjer dei hjarteleg til lukke med vel fortent pris!Årsmøtet i Hordaland Mållag brukar vanlegvis dela ut prisen, men då årsmøtet i år var digitalt, måtte ein tenka annleis: Fredag 19. mars møtte difor prisvinnarane Inga Måkestad, driftsleiar, Dag Instanes, dagleg leiar, og nestor Lars Instanes Johannes Sekse frå mållaget til prisutdeling i Mikkelparken ferietun. LES MEIR OM TILDELINGA HER. |
Digitalt skulemålseminar 19. februar
Seminar om vilkåra for nynorskelevane i eit målbyteperspektiv fredag 19.02.21 frå kl 10.00 til kl 13.30 med pause frå kl 11.30 til kl 12.00. Bakgrunnen for seminaret er at halvparten av nynorskelevane byter skriftspråk frå dei byrjar i fyrste klasse i grunnskulen til dei går ut or den vidaregåande skulen. Slik er det og i Hordaland. Seminaret er ope vil verta sendt på YouTube og vil såleis vera tilgjengeleg for alle. Etter innleiingane er det berre innleiarane som kan delta ordskiftet. Men dei som fyljer seminaret på YouTube, kan skriftleg koma med kommentarar, synspunkt og spørsmål som vert formidla vidare av ordstyraren. YouTube-lenkje: Les meir om programmet HER. |
Skulemålseminar 9. november
Seminaret er gratis og ope for alle interesserte. Me held til i 4. høgda i Fensal, Kong Oscars gate 15 frå kl. 11-15, og midtvegs i programmet vert det servert lunsj. VIL DU VERA MED? MELD DEG PÅ TIL skule@maallag.no (frist 5. november). |
Haustkonsert med Fana Mållag
Sundag 22. september vert det haustkonsert i Fana, kl 18-20 i Fana menighetshus (kapellsalen). Billetten kostar 200 kr (born gratis). Programmet vert slik: Annlaug Børsheim (kveding og felespel) Fana Kyrkjekor v/ ny dirigent (Ann-Torill Lindstad) Sidsel Lønningen / Eiliv Olsen (diktlesing med klarinett) Fanatalentene v/ Ragnhild Sæle Bergflødt Allsong Konserten er støtta av Bergen kommune. |
Nynorsk pub på Nynorskdagane i Alver
Nynorskdagane i nye Alver kommune er opna, og Meland og Alversund feirar nynorsken med pub og konserten "Translasjonar - populærmusikk på norsk". Dette finn stad fredag 20. september på Folkemunne kafé i Knarvik Senter, og det kostar 100 kr å vera med (i døra eller via ticketco). Meir om programmet: Nynorsk pub frå klokka 19.30 Konsert med "Smooth Operators" frå kl. 20.00. Dei urframfører eit tingingsverk med utanlandske songar frå populærmusikken, men med tekst omsett til norsk. Etter konserten vert det kviss og allsong Det vert seld drikke og smårettar |
Nyskipa Ågotnes Mållag inviterer til møte med Gunnstein Akselberg
Tilskipinga skal vera i Landro Bedehus torsdag 12. september kl 18:30 (Landrovågen 8), og Akselberg er invitert til å snakka ut frå overskrifta «Skuleelevar i Hordaland og skrift- og talemålet deira – i og utan for skulen». Vidare program: Gert Erik Nesbø spelar Loddsal/basar – fine premiar. Sal av kaffi, brus og kaker. Alle er hjarteleg velkomne. GRATIS INNGANG |
Valmøte med paneldebatt
Me ynskjer alle velkomne til valmøte ved Hordaland Teater, 21. august kl. 19. Hit kjem Per Jon Odéen for å leia ein brei politisk debatt om nynorsken sin plass i nye Vestland fylke. I panelet sit sentrale politikarar frå mange av dei største partia: Marthe Hammer (SV), Jeanette Syversen (R), Agnes Hoshovde Bernes (V), Jon Olav Økland (KrF), Øyvind Strømmen (MDG), Alexander Fosse Andersen (SP), Iril Schau Johansen (H) og Reidar Staalesen (AP). Nye Vestland fylke skal vera eit nynorskfylke. Men kva inneber det? Kva språkpolitikk som skal liggja til grunn for nye Vestland fylke, og kva rolle Bergen vil kunna ha som nynorskby og vestlandsk hovudstad? Under desse spørsmåla vil me prøva å finna ut av kva politikarane meiner om saker som: tidleg start med nynorsk for både nynorsk- og bokmålselevar, tiltak for å hindra språkskifte i ungdomsskule og VGS, sikra ein digital nynorsk skulekvardag for nynorskelevar, språkbruksplanar for fylket og kommunane, Nynorskens hus i Bergen og Bergen som nynorskby. Vel møtt og godt val! |
Målprisen 2019 til Reigstad Bygg og Eigedom
Me ynskjer Reigstad Bygg og Eigedom hjarteleg til lukke med Målprisen 2019! Dei er ein verdig vinnar: Reigstad Bygg og Eigedom har nynorsk som ein medviten del av idenditeten sin, og nyttar nynorsk i marknadsføring og kundekontakt. Dei gjer såleis ein flott innsats for å halda på det nynorske bruksspråket i lokalmiljøet og står fram som eit godt føredøme for andre i verksemder i området. Med Målprisen 2019, ynskjer Hordaland Mållag også å trekkja fram korleis verksemder som Reigstad Bygg og Eigedom, der nynorsken er i bruk som ein naturleg del av det daglege virket, er med på å auka den språklege sjølvtilliten og medvitet til alle nynorskbrukarane som direkte eller indirekte er kontakt med verksemda. |
Årsmøte i Hordaland Mållag 16. og 17. mars
Hordaland Mållag held årsmøte på Alver Hotel helga 16. og 17. mars. HER finn du oversyn over programmet. |
BLI MED PÅ BERGENSKONFERANSEN FOR NYNORSK 2019!
Les meir om programmet HER. Meld deg på HER. |