Høyringa om Vestlandsregionen er i gang

Publiseringsdato: Oct 29, 2016 4:51:12 PM

Fylkestinget i Hordaland vedtok 5.oktober 2016 å leggja ut på høyring intensjonsplanen om å slå saman Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland til ein ny Vestlandsregion.

Høyringsprosessen er no igang. Hordaland Fylke har laga ei informasjonsside der du både finn høyringsbrev, intensjonsplanen som er lagt ut til høyring og høyringssvara etter kvart som dei kjem inn.

Alle kan senda inn høyringsfråsegner eller -svar, både organisasjonar, verksemder og privatpersonar. Per. 8. november er det kome inn 28 høyringssvar som alle går inn for nynorsk som administrasjonsspråk. Dei som har svart er:

Her er høyringsuttalane sortert etter når dei blei mottatt:

Hordaland Mållag oppmodar både medlemmer og andre vestlendingar til å sende inn svar som fremjer krav om at administrasjonssporåket i den nye regionen må bli nynorsk, slik det er i det store fleirtalet av dei kommunane som vert del av regionen. (Og slik det er i dag både i Hordaland og i Sogn og Fjordane).

Høyringsfristen er 30. november. Høyringssvar skal sendast til Hordaland Fylkeskommune , adresse hfk@hfk.no . Send gjerne og ein kopi til Noregs Mållag nm@nm.no-