Osterøy Mållag er skipa oppatt!
Leiaren i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge var til stades på årsmøte og helsa det nye styret. Årsmøte vart halden 29. oktober.
Ny leiar for Osterøy Mållag er Evy Bysheim Pedersen, me ynskjer dei til lukke og gler oss over ny kveik på Osterøy.
Nynorskstafetten vitja Alver, Arna og Øygarden kommune!
Det var eit tettpakka program når desse tre kommunane fekk vitjing frå sjølvaste Noregs Mållag under nynorskstafetten. Saman med Ingar Arnøy, skulemålskrivar i Noregs Mållag og representantar frå lokallag i dei tre kommunane, var me innom barnehagar, skular, kommuneleiing og privat næringsverksemd. Me fekk læra om kva utfordringar som finst, både i barnehage og skular, men også om ein fantastisk KJÆRLEIK til det nynorske språket som er å finne rundt kvar haug og hammar i nynorskfylket Vestland. Me takkar Noregs Mållag for at dei ville ta turen innom oss dette året, me trur at det har sett spor etter seg og gitt oss mykje lærdom som me tek med oss vidare i vårt arbeid.
Takk til alle som tok i mot oss denne veka, det set me stor pris på.
SEMINAR FOR LOKALLAG, LAURDAG 2. NOVEMBER
Det vart eit vellukka seminar for lokallag denne laurdagen og ein fin avslutning på ei travel veke med nynorskstafett.
Mange aktuelle tema på programmet, godt ordskifte, og ein ekskursjon til Bergen katedralskole (katten) for å helsa på sjølvaste Ivar Aasen.
Hordaland Mållag inviterer lokallag til seminar laurdag 2. november
Stad: Hotell Zander K, Bergen
10:30: Velkomen og presentasjon ved leiar Ane Landøy
10:45: Synnøve Marie Sætre: “Korleis arbeider me for ei god nynorskopplæring for alle?”
11:00: Randi Jåstad fortel om dialektfestivalen i Strandebarm
11:45: Spørsmål
12:00: Lunsj
13:00: Live Havro Bjørnstad: "Slik får du skulebiblioteket ditt med på nynorsklaget"
13:30: Ingar Arnøy: "Kvifor har det aldri vore meir nynorsk enn i dag - og korleis kan me få endå meir nynorsk?"
13:45: Spørsmål
14:00: Ekskursjon til Katten
14:30: Pause
15:00: Svein Olav Långåker: “Nynorskkommunane – LNK og lokallaga: Korleis kan me samarbeida til det beste for nynorsken og nynorskbrukarane”
15:30: Sahra om bokbesøk til barnehagar og skular
16:00: Takk for no og vel heim
Nynorskdagen 2024 på Katten! (Bergen katedralskole)
Tekst: Endre Helland Gujord og Sahra Torsvik
Det vart feiring av nynorskdagen måndag 13. mai, sidan 12. mai fall på ein sundag dette året. Katten målungdom synte fram eit kunstverk av Ivar Aasen laga av Slava Nemes som sjølv har vore elev ved skulen.
Heilt sidan tidleg 2023 har Hordaland Mållag arbeida med prosjektet i lag med Katten Målungdom. Me ynskte å syna fram Ivar Aasen som den fargerike personen han var. Fordi me i dag berre har svart/kvitt bilete av målhøvdingen, kan han synast som ein keisam person. Det er noko alle målfolk veit at ikkje stemmer i det heile! Tenk berre på herbariesamlinga hans. I tillegg til blomar hadde Ivar Aasen ei stor samling med lav, mose, bregne og gras som var sirleg ordna med norsk namn, latinsk namn og nummer (sjå Ivar Aasen sitt fantastiske herbarium på digitaltmuseum.no). Denne interessa og eigenskapen til å sjå det store i det små er eit karaktertrekk som går att hjå Aasen i alt hans arbeid. Me finn det i diktinga, i språkarbeidet, og i den grunnleggjande interessa han hadde for menneskeleg verksemd. Takka vere Aasen sine notatbøker der kvar side er dekt av både tekst og teikningar, veit me blant anna ein god del om korleis folk budde, kva dei åt, feiring av bryllaup, og korleis kleda deira såg ut. Folkekulturen interesserte Aasen, og mange vil seia han var ein samfunnsforskar på linje med teologen og samfunnsforskaren Eilert Sundt. Me snakkar altso om ein verkeleg kreativ, nysgjerrig og spennande person, og slik ynskja me å syna fram Aasen på nynorskdagen i 2024.
Det er ikkje enkelt å få løyve til å dekorera veggar med graffiti, sjølv ikkje i ein graffiti-by som det Bergen har blitt. Me måtte finna eigna veggar av ein viss storleik, og sjølvsagt få godkjenning frå eigar av bygget. Nokre sa nei, men til slutt fekk me ja frå rektor på Katten og Vestland fylkeskommune, som er eigar av skulebygget. Katten har stor antikvarisk verdi, der delar av bygget er freda. Difor måtte me gjera arbeidet so skånsamt som mogleg og kravet frå rektor var at biletet måtte vera på innsida. Katten har også ein tradisjon for veggmåleri, so det passa fint. Løysinga vart difor at kunstnar Slava Nemes laga biletet i studioet sitt, og so fekk me montert kunstverket i ein trappeoppgang på Katten, akkurat i tide til å feira nynorskdagen! Me fekk støtte frå Noregs Mållag, Bergen Mållag, Hordaland Mållag og Bergen kommune til prosjektet.
Under lunsjpausen på Katten måndag 13. mai losa leiar i Katten Målungdom, Endre Helland Gujord oss gjennom programmet. Katten målungdom stod for avduking av biletet i lag med kunstnaren, før rektor på skulen Karen Kristine Rasmussen, fylkesordførar Jon Askeland og vår eigen Peder Lofnes Hauge sa nokre ord til dei frammøtte. Det var sjølvsagt også servert kake! Mange av dei 900 elevane ved skulen var innom for å sjå på kunstverket og smake på bakverket, og me kan fortelja at det berre var smular att. Ein vellukka og kjekk dag med andre ord. Kunstverket er eit framifrå bidrag til Katten Målungdom sitt grunnleggjande prosjekt, som er å synleggjera og vekkja interesse for målsaka på Katten. Me har von om at det vil skapa engasjement for språkleg mangfald og fagkunne, og sjølvsagt vera ein flott fargeklatt i skulekvardagen på Katten i mange år framover.
Foto: Johan Knutsen
Ei kjekk årsmøtehelg i Ullensvang!
Leiar, Ane Landøy delte ut Hordaland Mållag sin målpris til Gullhuset i Odda. Eigar av Gullhuset, May Helen Bleie får prisen for glitrande bruk av nynorsk på nettsida si, og i butikken. Ho gjev kundane den beste service og har også spanande smykkekunst i vareutvalet sitt.
Ullensvang Mållag delte også ut målpris. Dette året var det sjølvaste Jon Fosse som fekk prisen, som i år var eit portrett av vinnaren sjølv. Johannes Sekse delte ut prisen til Dag Rune Mo, som tok i mot prisen på vegne av Fosse. Bilete er måla av kunstnaren Mustafa Al Bayati.
Hordaland Mållag sitt årsmøte for 2024!
Laurdag 02. og sundag 03. mars
Velkomen til eit spennande program, og kjekt samver på Hotell Ullensvang i vakre Hardanger.
LAURDAG:
1200 Registrering, innsjekking og noko å bita i.
1300 Kulturelt innslag
1310 Opning og velkomen v/ Ane Landøy
1315 Frida Pernille Mikkelsen (Noregs mållag): Opplæringslova og andre aktuelle saker
1345 Spørsmål og ordskifte
1415 Beinstrekk
1430 Margrethe Kvarenes (Språkrådet): Ny språklov og utfordringane vi møter
1450 Spørsmål og ordskifte
1515 Beinstrekk
1545 Korleis kan lokallaga arbeida med nynorsk i barnehagen?
Video frå Nynorsksenteret
1615 Spørsmål og ordskifte: Erfaringar med nynorsk i barnehage
1700 Utdeling av Målprisen
1730 Slutt for dagen
1930 Middag. Underhaldning.
SUNDAG:
Årsmøte
09.20 Song og opning av årsmøte.
09.30 1. Oppnemning av ordstyrarar og skrivarar.
Fastsetjing av årsmøteføresegner.
Oppnemning av tillitsombod (røysteteljarar, fullmaktsnemnd, redaksjonsnemnd.)
Oppnemning av to medlemer til å skriva under protokollen.
09.45 2. Årsmelding 2023.
10.10 3. Årsrekneskap og ettersynsmelding.
10.30 4. Arbeidsprogram/årsplan 2024.
11.00 Pause med utsjekking frå hotellet
11.30 5. Budsjett og vedtak om kontingentsatsar for Hordaland mållag.
11.45 6. Fråsegner og eventuelle andre vedtak.
12.05 7. Val: styre med varafolk, revisor, valnemnd og utsendingar til Landsmøte i Noregs
mållag med varafolk
13.00 Lunsj og avreise
Nobelføredraget til Jon Fosse
Hordaland Mållag og Det Vestnorske Teateret ladar opp til «Jon Fosse ord for ord» ved å syna Nobelføredraget til Jon Fosse. Føredraget blir direkte-strøyma frå
Stockholm, til storskjerm i Skifte.
Me ynsker deg velkommen til å sjå på denne historiske hendinga, i godt lag med andre Fossefans og nynorskbrukarar.
Tordag 7. desember kl. 16.30 opnar døra til kulturbaren, Skifte i 3. høgda, sjølve føredraget startar kl.17.00 og vil vare til ca kl. 17.45. Baren held ope utover kvelden.
Arr. er gratis og du kan berre møte opp. (Inga påmelding/billett).
FOTO: HÅKON MOSVOLD LARSEN / NTB
Litteraturveka på Spildepollen skule.
På ein nydeleg vårdag med sol og blå himmel, reiste Hordaland Mållag til Glesvær for å vitja Spildepollen skule.
Elisabeth Lie er bibliotekar på Spildepollen skule, og ho fortel at nynorskdagen inspirerte henne og førte fram til ideen om litteraturveka. Nynorskdagen vart difor til ein fin avslutning på ei heil veka dedikert til litteratur og språk. Denne veka har elevane jobba med ulike tema slik som teater, forfattarrom, teikneserie, dialektord, ordleik og mykje anna. Spildepollen skule ligg sør i Øygarden kommune, og skulen har ca. 220 elevar frå 1 til 7 trinn.
Eit av høgdepunkta denne veka var når forfattar Ruth Lillegraven kom på vitjing og bokbad. Ruth Lillegraven er kjend for barnebøkene i Klode-klubben serien, men ho har også skrive bøker og dikt for vaksne. Carmen og Mathilde er elevar på 5 trinn på Spildepollen skule, og dei hadde laga klar mange gode spørsmål til forfattaren. Jentene hadde gleda seg, og førebudd seg godt til forfattarbesøket. Vanlegvis er dette noko Ruth Lillegraven tilbyr 3 og 4 trinn, men her var det altså heile skulen på omlag 220 elevar som var publikum. Spørsmåla til forfattaren handla om alt frå favorittmat til favorittbok, og korleis det er å vera forfattar. Det var ganske stille i auditoriet når forfattaren las frå bøkene sine til borna, så stille det kan bli når så mange born i alderen 6 til 13 år er samla saman. Ruth las både dikt og utdrag frå Klode-klubben bøkene til stor begeistring frå elevane. Ruth Lillegraven har vitja 17 skular i Øygarden kommune gjennom DKS systemet denne veka, og det er tydeleg at bøkene hennar er svært populære hjå borna, kanskje særleg fordi dei tek opp aktuelle tema slik som miljøvern og venskap. Ruth Lillegraven kunne fortelja at ho fekk god mottaking på alle skulane og at det hadde vore kjekt å få vitja Øygarden kommune.
Fredag var det avslutning på litteraturveka på Spildepollen skule, og nynorskdagen vart feira. Alle borna vart delt inn i fem grupper, der elevane vart blanda saman frå alle dei sju ulike trinna på skulen. I løpet av dagen fekk alle ein tur innom dei fem stasjonane og Hordaland Mållag fekk vera med. Me fekk både snakka med borna og sett alt det kreative dei hadde jobba med i løpet av veka. Borna var svært engasjerte og hadde mykje kunnskap om både litteratur og språk, og kvifor me feirar nynorskdagen. Elevane var særs begeistra for stasjonen med dialektord. Denne stasjonen var ute og ord frå striladialekta var spreidd over eit stort område. Elevane måtte gå på leit etter ord som var gøymt ulike stader på skuleplassen. Det var ikkje alle elevane som visste kva ord som tølma, eller svera tydde for noko, men dei var ivrige i å diskutera seg fram til kva det kunne bety. Dialektord er noko skulen vil satsa meir på framover seier bibliotekar Elisabeth, ho er bekymra for at striladialekta forsvinn gradvis frå talemålet til dei unge, og det ynskjer ho å gjera noko med.
På pauserommet til lærarane gjekk praten om språk og dialekt, og alle var samd i at denne veka hadde hatt positiv effekt på elevane. Målet var å engasjera og inkludera elevane, og skapa språkglede og interesse for både litteratur og mangfaldet i det nynorske språket. I tillegg til å bli stolt over, og glad i eiga dialekt. Litteraturveka har vore ein suksess på Spildepollen skule, og kjem til å bli ein årleg tradisjon. Kanskje kan dei inspirera andre skular til å prøva seg på noko liknande?
Språk er alt!
Det legendariske jamstellingsvedtaket frå 12. mai 1885 var ein merkedag for norsk språkpolitikk. Frå den dagen vart nynorsk, eller landsmål som det vart kalla den gongen, eit offisielt språk i Noreg. Frå 1. januar 2022 har lov om språk (språklova) vore i kraft, for å sikra både rettar og plikter som gjeld norsk språk.
Språklova skal «styrkje norsk språk, slik at det blir sikra som eit samfunnsberande språk», og lova skal verna om språket vårt. I paragraf 1 står det at «[f]øremålet med lova er også å sikre at offentlege organ tek ansvar for å bruke, utvikle og styrkje bokmål og nynorsk.» Det «omfattar eit særleg ansvar for å fremje nynorsk».
Lova legg altså ansvaret for språket og språkbruken på staten, fylkeskommunane og kommunane, men det er særleg statsorgan som etter nærare reglar er plikta til å bruka både bokmål og nynorsk. I nynorske område som Vestland fylke skal statsorgan bruka nynorsk i lysingar og informasjon som gjeld desse områda, og som skal ut i ålmenta. Lova har heilt klårt stor verdi, men i praksis fungerer ho ikkje slik me ynskjer. Berre på nokre få månader har Hordaland Mållag funne og klaga på 84 brot på lova. Me kunne ha funne mange fleire.
Klagene frå Hordaland Mållag peikar på korleis språket vårt har blitt forvalta i det offentlege, og korleis statsorgan bryt språklova gong på gong.
«Spordrift i Bane NOR SF bryt språklova med utlysing av ledig stilling som elektrikar på Voss», «Vest politidistrikt bryt språklova med å vera registrert med bokmål i Einingsregisteret» og «Statens vegvesen held fram med å bryta språklova i stillingsutlysingar».
Dette er nokre få døme på brev frå oss.
Statsorgan har som sagt ansvar for å bruka nynorsk i område som etter språklova har nynorsk som fleirtalsspråk. Det er fordi nynorskkommunane og nynorskbrukarane har krav på å få informasjon frå staten på sitt eige språk, enkelt og greitt. Slik er lova, men likevel ser me systematiske brot på henne. Er det manglande kunnskap om språklova og språkrettane til folket som er årsaka? Offentlege organ skal rett og slett kjenna og fylgja dei grunnleggjande reglane for offentleg kommunikasjon. Bryt dei desse reglane systematisk, bør dei få bot for brot. Språkrådet - det statlege tilsynsorganet for språklova - vurderer no slike verkemiddel, særleg fordi brota på språklova er så omfattande i universitets- og høgskulesektoren.
Når det er sagt, så opplever me at mange blir glad for at dei blir sett etter i korta. Dei lovar bot og betring – og det beste er at dei meiner det! Dette gjeld til dømes Vest politidistrikt, Mattilsynet, Fiskeridirektoratet, Statens vegvesen og Innovasjon Noreg. Dei fleste er samde i at nynorsk er viktig, og forstår at dersom me skal halda nynorsk oppe som samfunnsberande språk, så må det finnast reglar som sikrar språkleg mangfald og språkleg demokrati. Klagene frå Hordaland Mållag har som mål å få meir nynorsk i kvardagen for alle, og vona er at nynorsk som bruksspråk blir heilt sjølvsagt i offentleg forvaltning. Det vil koma oss alle til gode, men så lenge det i røynda ikkje er slik, vil Hordaland Mållag gjera slik Ivar Aasen sa det: Me tykkjer stødt, at det høver best, å hjelpa den som treng det mest!
På vegne av Hordaland Mållag:
Ane Landøy, Erlend Bakke og Sahra Torsvik
Nytt styre i Hordaland Mållag!
Årsmøtet var på Stord 12. mars.
Ane Landøy, Arild Reigstad, Marie Morken, Solveig Grønlien, Brit Solveig Fosse Reigstad, Fredrik Heimsæter.
Endre Helland Gujord, Ragnhild Kvifte, Magnus Torvik og Haakon Aase var ikkje til stade når bilete vart teken.
Utlysing frå Kvam Mållag!
Kan DU gjendikta Dolly Parton eller Johnny Cash til nynorsk?
The Man in Black møter The Coat of Many Colors! To av countrymusikkens viktigaste artistar blir vigde plassen når LittLarm igjen heidrar kunsten å skriva tekst til musikk. Kva blir «Jolene» på norsk? «Ring of fire»? Nokon som dristar seg på «Dumb blonde»? Du som kjenner Parton og/eller Cash har garantert favorittar, men tek du utfordringa og gjendiktar yndlingssongen?
Kvam Mållag utfordrar med dette lekmann og lærd over heile landet til å kasta seg inn i den uhøgtidlege tevlinga om dei beste Parton/Cash-gjendiktingane på dialekt eller nynorsk. Vinnartekstane vert framførte av vårt eige husband m/gjester på arrangementet LittLarm i Norheimsund, som går føre seg under Bygdalarm-festivalen laurdag 1. juli 2023.
● Tevlinga går kort og godt ut på å ta føre seg ein (eller fleire) av dei mange songane til artistane og skriva ei gjendikting som er originalen verdig. Då Cash har lånt fleire av sine mest kjente songar frå andre ordsmedar, så seier me – kva så? Køyr på! Dette skal vera moro og uhøgtidleg!
Reglar:
-Deltakarane får stor fridom. Bokstavtru omsetjing vil ikkje naudsynlegvis verta premiert. Det viktigaste er å fanga opp stemninga og bodskapen i teksten, og ein må gjerne tilpassa han til norsk samtid.
-Minst like mykje vekt vert lagd på at verselengder og rytmar er intakt, at flyten vert god, slik at songen kan framførast nokolunde likt med originalen.
-Teksten skal vera nynorsk-basert eller på dialekt. Dersom han er på dialekt, set me pris på at dette er gjort mest mogleg gjennomført. Legg gjerne ved forklaringar.
-Ein jury sett saman av forfattarar, musikarar og representantar frå arrangørane kårar ein vinnar og to delte andreplassar (basert på anonymisert lesing av bidraga) – dei tre vinnarlåtane vert alle framførte.
-Legg ved namn og kontaktinformasjon.
Premiar:
I tillegg til å få gjendiktinga framført av husbandet, vil vinnaren av konkurransen få både heider og ære og eit dagspass til Bygdalarm.
Tidsfrist:
Teksten må vere arrangørane i hende innan 1. juni 2023.
Kontaktinformasjon:
Send di gjendikting saman med originalteksten til littlarm@bygdalarm.no
Målprisen for 2023 går til Brilleriet på Stord!
Brilleriet har ein tydeleg, nynorsk identitet i butikk og på nett, og er eit førebilete som syner at det godt går an å vere ei heilskapeleg nynorskverksemd.
Ein glitrande vinnar, og me ynskjer til lukke med prisen!
Leiar av Hordaland Mållag, Ane Landøy delte ut målprisen til dagleg leiar av Brilleriet, Arnhild Myklebust.
Her kjem heile grunngjevinga:
I 2023 går Hordaland Mållag sin målpris til Brilleriet på Stord.
Brilleriet er ei gjennomført nynorskverksemd.
Butikkane deira i Helseparken på Leirvik og Heiane storsenter har særpreg og lokalt tilsnitt, i
lyse og innbydande lokale med plassbygde hyller snikra av lokale handverkarar, og eit rikt
utval av brillemerke du ikkje finn i kjedebutikkane. Lokala er pynta med plakatar av mange
ulike og unike brillemodellar, og nynorsk tekst, sjølvsagt.
Vitjar du heimesidene deira vil du også bli sjarmert, slik vi vart. Heimesida vitnar om solid
språkmedvit. Det er ei glede å sjå korleis dei leikar seg med det nynorske språket når dei
omtalar briller, linser, solbriller og optikartenester. Alt formidla med glimt i auget.
Brilleriet er eit språkleg førebilete. Ved å bruke nynorsk i verksemda, er dei med på å løfte
fram den nynorske kulturarven og språket, og alle nynorskbrukarar er takksam for det.
Særleg viktig er det for elevar i skulen at verksemder og organisasjonar er med på å
synleggjere nynorsk som kvardagsspåk. Det gjer noko med oss å sjå språket vårt i dagleg
bruk, det styrkjer den nynorske identiteten og stadskjensla vår, og kan vere med på å gjere
folk meir trygge i sine eigne spåkval. For unge menneske er det viktig med slike språklege
og kvardagslege førebilete som Brilleriet er. Vi opplever ei verksemd som har funne språkleg
kveik, og har også eit verdisyn som set pris på menneskeleg mangfald, og som syner det
tydeleg ved å bruke modellar som ser ut som meg og deg. Her er dei endå ein gong eit godt
førebilete, for både ung og gamal, og står i mot kroppspress og eit skjønleikssyn som stadig
blir smalare, og vanskeleg for oss alle å leve opp til.
Brilleriet har ei historie som går attende til 1969, og på heimesida kan du lese om korleis
grunnleggaren fekk pengar frå ei rik tante i Amerika for å kunne starte opp verksemda, til
forskjellig samarbeid med andre aktørar i brille- og optikarverda, til dei til slutt i 2017 valde å
gå ut av alle samarbeid for å kunne ha sin eigen unike og lokale profil. Eller sagt med
Brilleriet sine eigne ord: «Me er dei same, men no er me oss sjølve».
I dag er det mange komersielle aktørar som argumenterar med at dei blir vanskeleg å finne
på internett dersom dei bruker nynorsk, og brukar google- eller andre søkemonitorar som
årsak til at dei ikkje nyttar nynorsk. Sjå då berre til Brilleriet! Eit godt døme på ei vellukka
nynorskverksemd som du lett finn på nett. Kan dei, kan alle andre også.
«Me ser deg djupt inn i auga» , skriv Brilleriet om å ta synstest hjå dei, og vi kan ikkje anna
enn å setje pris på den språklege, kreative leiken og gleda som gjennomgåande pregar
denne nynorskeverksemda. Me har sans for auga ditt! Seier Brilleriet, og Hordaland Mållag
har sans for Brilleriet. Brilleriet er verkeleg ein verdig mottakar av årets målpris 2023.
Velkomen til årsmøte for Hordaland Mållag 2023,
på Stord
Bergenskonferansen for nynorsk 2023!
Bergen Mållag og Katten Målungdom skipar til spennande konferanse om språkbyte.
Alle er hjarteleg velkomen.
Tid: laurdag 14.01.23 kl. 10.30
Stad: Det akademiske kvarter
Program:
11:00 Oppstart og velkomen til konferansen ved Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag
11:15 Trude Bukve - Haldningar til språk
12:00 Pause
12:15 Ragnhild Andersson: Kvifor skuleelevar bør skriva nynorsk
13:00 Videoinnslag: "Rapport om språkbyte" Nynorsksenteret, med Jorid Saure og Liv Astrid Skåre Langnes
13:30 Lunsjpause
14:15 Paneldebatt om språkbyte
15:00 Dialektprisutdeling
15:15 Pause
15:30 Forfattarbesøk av Arnfinn Kolerud
16:00 Sluttapell
16:30 Middag på Kulturhuset
19:00 Konsert på Det akademiske kvarter
Bergen Mållag inviterer til forfattartreff med Anders Totland!
Forfattar Anders Totland kjem til Bergen.
Stad: Gimle i Kong Oscars gate 18 laurdag 3. desember kl. 13.00.
Totland sin siste roman «Til jord skal du bli» er riven bort frå butikkhyllene.
«Ein tøysetrillar», kallar forfattaren boka. «Til jord skal du bli» er ei julehistorie utanom det vanlege.
Her er det snø, julegåver, juletre og julepynt, men også gangsterar, forsømte barn, drap, blod og
gørr. Den pensjonerte presten Jacob Juul får litt for mykje i hendene denne førjulstida. På få dagar går han
frå å vere pensjonert prest til å bli bestefar og drapsmann. Korleis skal han redda seg sjølv og vesle
Isabelle Donnatina frå gangstarane og kva i all verda skal han gjere med den daude torpedoen i
vedskjulet?
Bokbloggar Kjell Magne Gjøsæter, gjev «Til jord skal du bli ein seksar», og skriv:
«Den er morosam, hjertevarm og sjarmerende på ein sjuk, sjuk måte. Anders Totland har skapt eit
strålende univers med ein sjarmoffensiv av karakterer. Dette er ei bok som vil treffe eit bredt spekter
av lesarar. Eg kan ikkje anna enn å la meg bli trollbundet av den vanvittige historien. Les den. Du vil
ikkje angre» .
Og sjølvaste Peder Lofnes Hauge seier om boka:
«Denne bør de faktisk lese alle saman. Rett og slett ei herleg historie».
Anders Totland har på sju år gitt ut ein drøss med bøker i mange sjangrar og for alle aldrar. Han har
skrive faktabøker for barn, kokebok, dokumentarbok om folkeopprøret mot vindkraft,
ungdomsromanar, vaksenromanar og no også «tøysetrillar».
Du får kaffi og noko å bita i, og sjanse til å kjøpa boka.
Gratis inngang!
Alle er velkomne!
Kjenner du nokon som ikkje er medlem av mållaget? Få dei til å sende ei tekstmelding med NYNORSK
til 2490. Det kostar 200 kroner første året (og då er dei medlem ut 2022 og 2023)
Hordaland Mållag skipar til motivasjonsseminar for lærarar!
17. november kl. 14.00 - 17.00
Stad: Litteraturhuset i Bergen, Fosse-stova
Program:
14:00: Velkomen
14:15: Jorid Saure frå Nynorsksenteret - Korleis fremje motivasjon for nynorsk i opplæringa?
15:00: Pause
15:20: Magne Aasbrenn - Nye vinklingar på sidemålsundervisninga
16:20: Leander Djønne snakkar om arbeidet med boka Oskespiralen - det vert opplesing frå boka
Mat og drikke er inkludert (meld frå om allergiar). Seminaret er gratis!
Meld deg på til sahra.torsvik@mallag.no
Kvam Mållag gav ut målprisen for 2022 til festivalen Bygdalarm!
Prisen er eit kunstverk av Otto Tveit, ei teikning av Ivar Aasen med sitatet: "Det er for seint å stengja buret når fuglen er flogen".
Ida Sørheim og Sigbjørn Rykkje frå festivalstyret tok imot prisen frå jurymedlem Ingunn Hildonen Teigland frå Kvam Mållag. Ho hadde dressa seg opp i Bygdalarm-klede.
Grunngjeving:
Det var ein samstemt jury som kåra Bygdalarm til vinnaren av målprisen i Kvam for 2022.
Festivalen har ein gjennomført og identitetsbyggjande profil med den nynorske målforma i
sentrum.
Bygdalarm har sidan oppstarten i 2007 vore med på å gjera nynorsk endå «kulare». Festivalen har
ei relativt stor målgruppe og kommuniserer med publikum på ein levande måte. Spesielt retta mot
ungdomar som gjerne står midt i eit val om kva språk dei skal nytta resten av livet, gjer Bygdalarm
ein framifrå jobb med å visa kor kul og fin den nynorske målforma er.
Bygdalarm-festivalen har ein profil som innbyggjarane i Kvam kan vera stolte av. Me er stolte over
Bygdalarm, og festivalleiinga har god grunn til å vera stolt over arbeidet sitt med festivalen.
Helsing
juryen for Målprisen 2022
ved juryleiar Astrid Farestveit Selsvold
Ingunn Hildonen Teigland, Evelyn Lygre Ljones, Torleiv Ljones, Sjur Vågen og Astrid Farestveit
Selsvold har vore med i juryen.
Bli med på motivasjonsseminar for lokallag!
12. november 2022
Tidsplan:
10:30: Velkomen, dagsorden og presentasjonsrunde (inkludert Skulemålsnemnda, Språklovsansvarleg, Næringslivsansvarleg og Organisasjonskonsulent)
11:00: Prosjekt og god praksis: Arna mållag, Alversund mållag, Meland mållag
12:00: Lunsj
12:45: Peder Lofnes Hauge og Steinulf Tungesvik samtalar om korleis påverke politikarar i eigen kommune
13:15: Verving med Live Havro Bjørnstad
13:45: Bjørn Enes om nasjonalt kompetansesenter for immateriell kulturarv lagt til Bergen
14:00 Pause
14:15: Kommunikasjon og samhandling mellom lokallaga og fylkeslaget: Kva ønskjer vi?
15:15: Open post
15:30: Avslutning
Seminaret blir gjennomført med støtte frå Vestland fylkeskommune.
Vi dekkjer alle reiseutgifter på billegaste måte. For å komme fram til møtestart kan det bety eigen bil. Vi håpar i såfall at fleire kan køyre saman. Reiserekningsskjema vert utdelt på seminaret. Lunsj og kaffimat vert dekka.
Stad: Zander K, Bergen.
Meld deg på innan 26.10 - send e-post til sahra.torsvik@maallag.no, eller tekstmelding til 47060425.
Hald av datoen!
12. november blir det seminar for lokallag.
Meir informasjon kjem snart.
Den store vervedagen!
Laurdag 1. oktober er DEN STORE VERVEDAGEN i Noregs Mållag.
Bli medlem resten av 2022 og heile 2023 for 200 kroner. Melder du deg inn i Noregs Mållag stør du også automatisk ditt lokallag og fylkeslag. Send NYNORSK til 2490.
Eit godt møte i Odda om Oddamodellen!
07. september 2022 inviterte Odda mållag og partiet Rødt til eit ope møte om Oddamodellen.
Panelet bestod av:
Hege Bae Nyholt - Utdannings- og forskningskomiteen
Jeanette Syversen - Hovudutval for utdanning og kompetanse i Vestland fylkesting
Synnøve Marie Sætre - fungerande leiar for Noresg Mållag
Svein Olav Langåker - LNK
Terje Kollbotn - Rødt
Målet for møtet var å arbeide fram ein stategi for å sikre lovfesta rett til språkdelt ungdomsskule (Oddamodellen). Det vart synt til Hurdalsplattformen, der det var det semje om at det er viktig å sikre to språkløp gjennom heile skulegongen til elevane, og kunnskapsministeren sine lovnader om å innføre språkdeling i ungdomsskulen. Mållaga kring i landet vart oppmoda til å skape ein offentleg debatt for å auke medvit om fordelane med språkdeling til opplæringslova skal på høyring til neste år. Det vart også snakka om digitale verkemiddel, dei MÅ også vere tilgjengeleg på nynorsk slik at ein kan trygge nynorskelevar sin skulekvardag.
Få med deg Nynorskdagane i Alver kommune!
Dei tre mållaga Alver, Meland og Radøy har for fjerde gong laga eit flott program for ei heil veke.
Fredag 23. september: opning av Nynorskdagane. Konsert med foreningen for Bygd og By.
Kl. 19.00 på Samfunnshuset Skogen, Sletta.
Laurdag 24. september: Elias Mjåtveit-seminaret 2022.
Kl 11 - 15 Meieriet Kulturhus, Frekhaug.
Sundag 25. september: Eliasfestivalen skipar til familiekonsert:
Ro, Ro til Siraland.
Kl. 17.00 Nordhordaland Folkehøgskule, Frekhaug.
Mandag 26. september: Stadnamnvandring i Knarvik.
Kl. 11.00 - oppmøtestad: parkeringsplassen ved Knarvik ungdomsskule.
Måndag 26. september og tysdag 27. september: På flukt - eit samtaleprosjekt basert på boka "Polarnatt" av Sunniva Relling Berg.
Stad: Strilabiblioteket Frekhaug, Knarvik og Manger.
Måndag 26. september: Lesestund for vaksne.
Kl. 18.00, Strilabiblioteket Knarvik.
Tysdag 27. september: Ivar Aasen som lyrikar og komponist
Om samlinga Symra (1863)
Kl. 12.00 Seniorsenteret Knarvik sjukeheim.
Tysdag 27. september: Mørkemann - mi reise til kristenkonservatismen og tilbake. Bokprat med Emil André Erstad.
Kl 18.30 Strilabiblioteket Manger.
Onsdag 28. september: Om stadnamn. Føredrag ved journalist i NRK, Gøril Grov Sørdal.
Kl. 19.00 Strilabiblioteket Knarvik.
Torsdag 29. september: Stadnamnvandring Hopsdal/Mundal.
Kl. 11.00. Oppmøte på parkeringsplassen på Hopsdal.
Torsdag 29. september: Med målet som middel: ein samtale med tre prisvinnande forfattarar.
Kl. 19.00 Strilabiblioteket Knarvik.
Fredag 30. september: Pubkveld.
Kl. 19.00 Alver hotell.
Sundag 30. september: Stadnamnvandring på Hjertåsgarden.
Kl. 11.00 til 13.00: oppmøte til FRAMO, Hjertås.
Sundag 30. september: konsert med Sigrid Moldestad og koret Måltrastena.
Kl. 19.00 Nordhordaland Folkehøgskule, Frekhaug.
Ope møte 7. september 2022 om Oddamodellen
Med mål om å få gjennomslag for at Oddamodellen skal koma med i opplæringslova, vert det arrangert eit ope møte i Odda på onsdag den 7. september 2022. Leiar i Utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget Hege Bae Nyholt og Jeanett Syversen frå opplæringsutvalet i fylkestinget og fungerande leiar i Noregs Mållag Synnøve Marie Sætre kjem.
Om du har meiningar om Oddamodellen og ønskjer å påverka politisk for å sikra språkdelte klassar også på ungdomstrinnet, må du nytta sjansen til å delta. Møtet opnar for innlegg, spørsmål og meiningsutveksling. Har du erfaringar å dele, vil Hege Bae Nyholt kunne høyra kva du har å sei.
Odda Mållag stiller med kaffi og kaker.
Minneord for Oddvar Skre
Ein lun og omsorgsfull stridsmann
Oddvar Skre døyde 2. juli, 83 år gammal.
Av Peder Lofnes Hauge, Ane Landøy og Elen Telle
Publisert i BT 07.07.2022
Det var med sorg me tok imot meldinga om at Oddvar Skre har gått ut av tida.
Oddvar Skre var målmann, og me kan trygt seia at han var det heilt til det siste. Han strålte av glede då han møtte oss på landsmøtet i Noregs Mållag på Gardermoen i april. Me visste at han sleit med helsa, men å reisa på landsmøtet var noko han verkeleg ville!
Oddvar Skre vaks opp i Fana i ein lærarfamilie. Norskdomsrørsla var ei viktig ramme for livet, og både ungdomslag, mållag og Venstre stod sterkt. Faren var både lærar og klokkar, og han var med på å innføra nynorsk kyrkjemål og ta i bruk Nynorsk salmebok i Fana.
Dermed var det også slik at Oddvar var på sitt fyrste landsmøte i Noregs Mållag allereie i 1955. Den frilynte kristne trua var sentral i familien.
Oddvar møtte kona, Gyri, i det kristelege studentlaget i Bergen. I vaksenlivet har han delteke i Den Norske Kyrkja og var aktiv i arbeidet med å få fram og halda ved like gamle kyrkjevegar og pilegrimsvegar i Fana.
Både me i Fana Mållag, Hordaland Mållag og Noregs Mållag har hatt stor glede av arbeidskapasiteten og arbeidsgleda til Oddvar Skre. Han har hatt interesse av heile det målpolitiske feltet.
Då den yngste sonen skulle byrja på skulen, arbeidde Oddvar for å oppretta nynorskklasse, og sidan har skulemålsarbeidet vore særleg viktig for Oddvar.
Han var skulemålsansvarleg i Fana Mållag gjennom mange år, og sidan 2010 har han vore leiar i laget. Oddvar har hatt tillitsverv samanhengande for Hordaland Mållag i over tre tiår.
Både som leiar i Hordaland Mållag i fire år, medlem i skulemålsnemnda og ikkje minst som leiar i skulemålsnemnda i til saman 24 år.
I 2012 fekk han Kulturprisen for sitt breie engasjement for kulturlivet i Fana og Ytrebygda. Han var ein sentral person i Fana kyrkjekor, Osbanens venner, Fana historielag og Fana Mållag.
Han har vore aktiv i Fana ungdomslag, spesielt innanfor folkedans. I tillegg fekk han prisen for arbeidet med husmannsplassen Hamn og for å ta vare på lokalhistoria i Fana.
Oddvar Skre var svært aktiv og også leiar i Hordaland Nei til EU og Naturvernforbundet Hordaland, der fylkeslaget har utnemnt han til æresmedlem. Han var Venstre-mann heilt frå ungdomen, gjekk ut av partiet i 2005 og vart deretter medlem i SV.
I politikk- og organisasjonsliv tok Oddvar gjerne ordet for å halda innlegg. Anten det var landsmøte, seminar eller mindre medlemsmøte. Han snakka på ein mild måte og framførte eigne standpunkt, ofte med eit lunt smil.
Det som også var med Oddvar, var at han kunne trø til og stå i ein strid om det måtte til. Ikkje for å framheva seg sjølv, men fordi han ikkje hadde samvit til å la urett passera. Då stod han støtt i den politiske blåsten, også då med velgrunna argument.
Oddvar Skre var ein lun og omsorgsfull stridsmann, og det var godt å arbeida saman med han. Han ville gjerne sjå heile mennesket og var oppteken av å bli godt kjend med dei han arbeidde saman med. Han var interessert i kva andre meinte og tok seg tid til å lytta, sjølv om han ikkje var samd med dei.
Me kan sjå målstriden som ein stafett. Nokre tek kortare etappar, medan andre tek lengre etappar med mange bratte bakkar. Slik me ser det, har Oddvar teke ein av dei verkeleg lange etappane.
Takk for taket. Alle gode tankar til kona Gyri og borna og den næraste familien.
Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag
Ane Landøy, leiar i Hordaland Mållag
Elen Telle, nestleiar i Fana Mållag
Målprisen frå Hordaland Mållag går i år til Mikkelparken familiepark og leikeland. Dei får prisen for gjennomført nynorskbruk i innhald og marknadsføring. Me ynskjer dei hjarteleg til lukke med vel fortent pris!
Årsmøtet i Hordaland Mållag brukar vanlegvis dela ut prisen, men då årsmøtet i år var digitalt, måtte ein tenka annleis: Fredag 19. mars møtte difor prisvinnarane Inga Måkestad, driftsleiar, Dag Instanes, dagleg leiar, og nestor Lars Instanes Johannes Sekse frå mållaget til prisutdeling i Mikkelparken ferietun.
LES MEIR OM TILDELINGA HER.
YouTube-lenkje: https://youtu.be/gAO2JSa4XF0 -
Seminar om vilkåra for nynorskelevane i eit målbyteperspektiv
fredag 19.02.21
frå kl 10.00 til kl 13.30 med pause frå kl 11.30 til kl 12.00.
Bakgrunnen for seminaret er at halvparten av nynorskelevane byter skriftspråk frå dei byrjar i fyrste klasse i grunnskulen til dei går ut or den vidaregåande skulen. Slik er det og i Hordaland.
Seminaret er ope vil verta sendt på YouTube og vil såleis vera tilgjengeleg for alle. Etter innleiingane er det berre innleiarane som kan delta ordskiftet. Men dei som fyljer seminaret på YouTube, kan skriftleg koma med kommentarar, synspunkt og spørsmål som vert formidla vidare av ordstyraren.
Les meir om programmet HER.
Skulemålseminar 9. november (2019)
Laurdag 9. november skipar skulemålsnemnda i Hordaland Mållag til seminar i Bergen.
Seminaret er gratis og ope for alle interesserte. Me held til i 4. høgda i Fensal, Kong Oscars gate 15 frå kl. 11-15, og midtvegs i programmet vert det servert lunsj.
VIL DU VERA MED? MELD DEG PÅ TIL skule@maallag.no (frist 5. november).