Referat frå styremøte

Referat frå styremøte i Hordaland mållag 12.02.2024

Stad: Kong Oscars gate 15.

Desse møtte: Ane Landøy, , Marie Morken, Solveig Grønlien, Fredrik Heimsæter, Endre Helland Gujord, Ragnhild Kvifte og Brit S. Fosse Reigstad.

Sak 5 /2024. Innkalling og referat frå 04.01.2024. Godkjent

Sak 6/2024. Økonomi

Ingen endringar frå sist.

Rekneskapen frå 2023 er godkjent.

Sak 7/2024 Årsmøtet i Ullensvang - Status

a) Til no er det ikkje så mange påmelde. Det vert sendt ut ein frist for

påmelding. Då ein har ein frist for avbestilling på hotellet.

b) Status på programmet på seminardagen.

- Gullhuset – får Hordaland mållag sin målpris. Ane tek kontakt med

dei.

- Ullensvang mållag ynskjer plass på programmet for å dele ut sin

målpris til Jon Fosse. Dei får plass etter at Hordaland har delt ut sin

målpris.

- Det er ikkje komme inn fråsegner.

- Me manglar framleis gode døme på praksis frå barnehagane. –

Arild etterlyser svar frå Ullensvang mållag og Sotra mållag.

c) Status på årsmøtesakene

- Årsmelding. Gjekk gjennom. Språklovs ansvarleg kjem med meir

innhald.

- Årsplanen 2024 - OK.

- Budsjett 2024 Gjekk gjennom framlegg til budsjett og justerte

nokre postar.

- Valnemnda. - Meldt å vera i rute.

- Fråsegner. Det er ikkje komme inn fråsegner.

- Landsmøte delegatar. Økonomien for 2024 er krevjande så me vil

ikkje nytta alle plassane me har. Erlend Bakke får tilbodet. I tillegg

til styret. Endre undersøkjer om han evt kan få støtte nokon stad.

Sak 8/2024 Tilbakemelding til styret i NM vedr. personalressurs.

Vart samt om endeleg tekst på høyringssvaret frå oss.


Sak 9/2024 Nynorskstafett i Hordaland hausten 2024

Veke 44 (28.oktober) eller 45 ( 4.november) Kjem tilbake til denne

saka. I ei arbeidsgruppe er Brit og Fredrik aktuelle.

Sak 10/ 2024 Aktuelt.

Helsing til Målungdommen i samband med Landsmøtet deira.?. Me

sender ei helsing til 800 kr.


Brit S. Fosse Reigstad

skrivar

Referat frå styremøte i Hordaland mållag 04.01.2024

Stad: Kong Oscars gate 15.

Desse møtte: Ane Landøy, Arild Reigstad, Marie Morken, Solveig Grønlien, Fredrik Heimsæter, Endre Helland Gujord, og Brit S. Fosse Reigstad.

Sak 1/2024. Innkalling og referat frå 05.12.2023 . Godkjent

Sak 2/2024. Gatekunst prosjektet.

- Me kan få sette opp ei aluminiumsplate med portrett av Ivar Aasen på Katten Vidaregåande skule .

- Det vert søkt midlar hjå Bergen kommune, Bergen mållag, Vestland fylkeskommune, Sparebank stiftelsen, Sparebank vest, Fana sparebank, Kavli stiftelsen, Andre?

Sak 3/2024 Årsmøtet 2. – 3.mars 2024

Lokalt kulturinnslag – Ane tar kontakt med Johannes H. Sekse om dette.

Seminardel.

- Noregsmållag- Opplæringslova- Ikkje fått svar- Ane purrar.

- Språkrådet – Utfordringar med språklova. Ikkje fått svar. Ane purrar.

- Nynorsk i barnehagen- Nynorsksenteret kan ikkje koma, men vil laga ein filmsnutt om korleis lokallaga kan arbeida med nynorsk i barnehagane. – Arild tar kontakt med dei og seier ja til dette.

Sahra finn praktiske eksempel.

- Arild kjem med utkast til tidsplan for seminardagen.

Årsmøtedagen.

- Årsmelding. Gjekk gjennom framlegget frå Ane og kom med innspel. Dokumentet vert sendt ut på ny runde til styret.

- Årsplanen 2024 . Gjekk gjennom framlegget til Ane og kom med nye innspel . Dokumentet vert lagt ut på ny runde til styret.

- Økonomi. Marie delte ut rekneskapen og gjekk gjennom postane.

- Budsjett 2024 – Marie gjekk gjennom framlegg til budsjett. Det vart vedtatt å gje 410 kr i rabatt til lokallaga på årsmøtet. Prisen vert då 2500 kr for full pakke pr. person.

- Valnemnda. Bjørg Eli Eide og Øystein Skjeveland står på val. Ane purrar på svar frå dei.

- Landsmøte delegatar. Kor mange og kven skal få reise? Dette må me vurdere då økonomien for 2024 er krevjande.

Påmeldinga til Årsmøtet i Hordaland mållag

- Dette året må me få e-postadresse til alle delegatane slik at årsmøtepapira kan sendast direkte til delegaten med kopi til leiaren i laget.

Sak 4/ 2024 Personalressursar – Høyring

Høyrings utkastet frå nemnda som har sett på personalressursane i organisasjonen vart diskutert. Såg på fordelar og ulemper med ulike løysingar. Saka kjem opp att på neste møte.

Neste møte måndag 12.februar 2024 kl. 16.30

Brit S. Fosse Reigstad

skrivar


Referat frå styremøte i Hordaland mållag 05.12.2023

Stad: Kong Oscars gate 15.

Desse møtte: Ane Landøy, Marie Morken, Solveig Grønlien, Endre Gujord, Ragnhild Kvifte, Arild Reigstad og Brit S. Fosse Reigstad

Sak 58/2023 Innkalling og referat frå 02.10. 2023

Merknad til sak 57/2023. Møte med Bergen Kommune 30.10.2023 ,

vert retta til : Sjå eige referat.

Referatet godkjent med denne rettinga.

Sak 59/2023 Økonomi.

Marie orienterte om den økonomiske stoda så langt.

- Alt er komme med på utgifter.

- Venter på momskompensasjon.

- Skal skrive faktura til Fylkeskommunen for lokallagsseminaret.

Med Målgåver, momskompensasjon, og refusjon frå fylkeskommunen ser det ut til å bli eit overskot.

Sak 60/2023 Årsmøte 2024

- Årsmøtedato endra til 2. og 3. mars 2024

- Ullensvang hotell. Prisen vert noko høgare enn tidlegare år.

- Den totale prisen pr. deltakar ser ut til å kunna bli ca. 2.400 kr.

- Frist for påmelding 3 veker før årsmøtet. På melding inkludert e-postadresse til dei som er påmelde.

Marie og Ane lagar teksten som vert sendt til lokallaga,

Program på seminardagen.

- Språklova – Språkrådet? Ane tar kontakt.

- Fokus på barnehage og nynorsk- Nynorsksenteret ? – Arild tar kontakt.

- Opplæringslova – Noregs Mållag? – Ane tar kontakt

- Startar laurdag kl.12.00 Registrering og mat.

- Arild lagar framlegg til tidsplan for seminaret 13.00- 17.30.

- Middag kl. 19.30

- Framlegg til målpris og eit kulturelt innslag. – Ane tek kontakt med Johannes H. Sekse.

Underhaldning laurdag kveld.

- Markus og Lied – Kjem, Marie har kontakt med dei.

Årsmøtet søndag.

- Kontakte valkomiteen- - Ane

- Rekneskap 2023 - Marie

- Budsjett –Marie lagar framlegg

- Årsmelding - Ane lagar framlegg

- Årsplan - Ane lagar framlegg

Sak 61/2023 Andre saker

- Arild refererte frå møtet i Landsrådet 18. og 19. november

- Retningsliner for språk i Vestland Fylkeskommune.

Desse retningslinene kan leggja grunnlaget for ein god plan.

Neste møte tysdag 04.01.2024 kl. 16.30 Kong Oscars gate 15

Brit S. Fosse Reigstad

referent


Referat frå styremøte i Hordaland mållag 02.11.2023

Stad: Kong Oscars gate 15.

Desse møtte: Ane Landøy, Marie Morken, Fredrik Heimsæter, Solveig Grønlien, Ragnhild Kvifte, Sahra Torsvik, Arild Reigstad og Brit S. Fosse Reigstad

Sak 52/2023 Innkalling og referat frå 02.10. 2023 - Godkjent

Sak 53/2023 Økonomi.

Marie orienterte om den økonomiske stoda så langt.

- Små endringar sidan sist.

- Ingen grunn til bekymring.

Sak 54/2023 Årsmøte 9-10.03 2023.

Johannes H. Sekse har invitert oss til Ullensvang. Vi ber han om å finne kandidatar til målprisen, kontakte lokale krefter for kultur innslag og ta kontakt med pressa.

Marie har forslag til underhaldning laurdag kveld og tar kontakt der.

Marie kontaktar også hotellet og forhandlar om pris.

Program til seminardelen på årsmøtet vert sett opp som sak til neste styremøte.

Sak 55/2023 Evaluering - Lokallagsseminaret 21.10 2023

Som tilskipar er me nøgde med programmet og innleiarane. Held spesielt fram vara ordføraren i Vestland - svært positiv, Og ungdommane frå Katten målungdom.

Tilbakemeldingane på seminaret har vore gode.

Sak 56/2023 Landsrådsmøte 18.11.2023

Arild riser på dette for Hordaland mållag. Ane og Arild lagar tekst frå H.M.

Lokallaga her fått frist til 10.11. på tilbakemelding på undersøkinga om læringsressursar. Og eit par setningar frå kvart lokallag om det dei er nøgde med å har fått til, eller utfordringar ein ser.

Sak 57/2023 Andre saker

- Møte med Bergen Kommune 30.10.2023 Sjå eige referat nedst i dette referatet.

- Vestland fylkes kommune- Kulturkonferanse på Stord 23.november. Erlend Bakke reiser for Hordaland mållag.

- Strategiseminar – invitasjon frå Odda mållag til å vera med å arrangera dette i januar 2024.

Me takkar nei til denne invitasjonen i januar då me må konsentrera oss om seminaret på årsmøtet.

- Språklovsaker - sette opp som eige punkt på styremøta heretter.

- Heimesida til Hordaland mållag.

Me må gå gjennom heimesida og sjå at det er rett det som står der – Sahra retter opp.

- Marie etterlyser korrekt rekneskap for Bergenskonferansen.- Sahra tek kontakt.

- Det vert kjøpt inn diverse som ein kan ha som gåver frå Hordaland mållag.

- Historia til Målvinarlaget.

Framlegg frå Ane er at ein prøver å få i stand eit Mastergrad stipend på Universitet / Høgskulen på 20 000.

Bidragsytarar Bergen mållag?, Hordaland mållag ?, Noregs Mållag? Stord mållag?

Neste møte tysdag 05.12..2023. kl. 16.30 Kong Oscars gate 15

Kl.18. Juleavslutning på Roast, på hotell Scandic Ørnen ved Bystasjonen .

Brit S. Fosse Reigstad

referent


Referat frå styremøte i Hordaland mållag 02.10.2023

Stad: Kong Oscars gate 15.

Desse møtte: Ane Landøy, Marie Morken, Endre Helland Gujord, Fredrik Heimsæter, Ragnhild Kvifte, Arild Reigstad og Brit S. Fosse Reigstad


Sak 48/2023 Innkalling og referat frå 29.08. 2023 - Godkjent


Sak 49/2023 Økonomi.

Marie orienterte om den økonomiske stoda så langt.


Me ligg godt an i høve budsjett.


Sak 50/20 Lokallagsseminaret 21.10 2023

Orientere om at denne undersøkinga på seminaret.


Sak 51/2023 Andre saker 

Rosendal? - Ane tar kontakt med Kristian Bringedal om dette.

Alternativ 2 – Odda

Marie forhandlar med hotellet. Ho har også evt. framlegg til underhaldning.


Neste møte endra til torsdag 02.11..2023. kl. 16.30


Brit S. Fosse Reigstad

referent



Referat frå styremøte i Hordaland Mållag 29.08.2023


Tilstades: Ane Landøy, Endre H Gujord, Arild Reigstad, Marie Morken, Sahra Torsvik, Fredrik Heimsæter, Ragnhild Kvifte, Solveig Grønlien


Fråværande: Britt F Reigstad


43/23 Referat frå sist møte godkjend.


44/23 Økonomi

Utgifter til målgåver er høge men utstyret er klart til neste utsending.

4500,- er husleiga pr. mnd.

Økonomien er rimeleg god.

Støtte til skrivar (person) 215.424,-

Målgåveutsendinga mellom 20. oktober og 20. november. 2023

Informasjon om at det går å kjøpe ein stol på Den Nationale scene - pris 10.000,-


45/23 Lokallagsseminar 21.10.2023 

Sahra, Ane og Fredrik lagar program.

Tidspunkt 10.30 - 16.00

Fylkesordførar Askeland og Teatersjef Solrunn Toft Iversen skal spørjast om å halda innlegg under seminaret.


46/23 Planlegging av Nynorskdagen 2024

Gatekunst portrett av Ivar Aasen i Kong Oscarsgate 22

Shara jobbar med saka.


47/23 Reise og overnatting

Fredrik reiser for Bergen Mållag til Nynorskhuset i Førde 27 september

Arild reiser på Landsrådsmøte i Oslo 17-20 november.

Hordaland Mållag skal sjå på arkivet etter Fana Mållag med representantar den 4. september kl. 17.00


Eventuelt

7. september vert Amadeus vist på Den Nationale Scene, mållags medlemmer er invitert for 200,- pr. billett.

Trengereid skule vert lagt ned etter sommarferien 2023.


Skrivar Solveig Grønlien





Referat frå styremøte i Hordaland mållag 19.06.2023

Stad: Kong Oscars gate 15.

Desse møtte: Ane Landøy, Marie Morken, Solveig Grønlien, Endre Helland Gujord, Arild Reigstad og Brit S. Fosse Reigstad


Sak 38/2023 Innkalling og referat frå 18.04. 2023 - Godkjent


Sak 39/2023 Økonomi.

Marie orienterte om den økonomiske stoda så langt.


Ingen bomber i budsjettet til no.


Sak 40/2023 Planlegging av Lokallagsseminar.

Seminardag 21.10 2023

Stad Zander K. – Ane tingar.


Idear til emne på seminaret:


Ane arbeidar vidare med programmet for dagen.


Sak 41/2023 Orienteringssaker.

å presentera «Garnes prosjektet»


Dei har også besøkt fleire skular på Askøy og skal også besøkje barnehagane. 


Det var eit godt møte med Per Songstad, områdeleiar med ansvar for nynorsksatsinga i Bergen. Kommunen var imøtekommande og løysningsorienterte.


Sak 42/2023 Ymse

Har gjort ein stor innsats ved å ved å påpeike at ulike institusjonar og statlege organ bryt språklova.

Han orienterte om arbeidet sitt.

Frå styret treng han no hjelp til å halde styr på alle papira.





Neste møte tysdag 29.08.2023. kl. 16.30


Brit S. Fosse Reigstad

referent



Referat frå styremøte i Hordaland mållag 18.04. 2023

Stad: Kong Oscars gate 15.

Desse møtte: Ane Landøy, Arild Reigstad, Marie Morken, Solveig Grønlien, Fredrik Heimsæter, Endre Helland Gujord, Ragnhild Kvifte og Brit S. Fosse Reigstad


Sak 27/2023 Innkalling og referat.

Referat frå 28.02.2023 - Godkjent.

Innkalling og referat frå 14.03.2023 - Godkjent


Sak 28/2023 Økonomi.

Marie orienterte om den økonomiske stoda så langt.

Det har vore ein del arbeid etter årsmøtet på Stord Hotell. 


Sak 29/2023 Planar for nynorskdagen 12.05.

Det er planar om ein Kronikk i BT. 

Lokallaga vert oppmoda til å stå på stands eller anna markering av dagen. NM sender ut tips til kva lokallaga kan gjere for å markere dagen. 


Sak 30/2023 Planlegging av lokallagsseminar.

Ein ser det slik at mai og juni er ei dårleg tid til å få folk til å bruke ein laurdag til å gå på seminar i mållaget. Difor kjem me tilbake til dette tidleg til hausten.


Sak 31/2023 Svar til NM på spørsmål om personalressurs.

Ane formulere eit svar til NM ut i frå innspel som kom i møtet.

Sender dette til styremedlemmene for kommentarar og evt. nye innspel.


Sak 32/2023 Andre saker

+Askøy  skule/barnehage







21.04.2023


Brit S. Fosse Reigstad

referent



Referat frå styremøte i Hordaland mållag 14.03. 2023

Stad: Kong Oscars gate 15.

Desse møtte: Ane Landøy, Arild Reigstad, Marie Morken, Solveig Grønlien, Fredrik Heimsæter, Endre Helland Gujord og Brit S. Fosse Reigstad

 

Sak 20/2023 Innkalling og referat frå 28.02.2023.

Innkallinga godkjent. Godkjenninga av referatet vert utsett til neste møte,

 

Sak 21/2023 Konstituering av styret:

Ane Landøy – Leiar, Arild Reigstad- Nestleiar, Marie Morken – Kasserar, Brit S. Fosse Reigstad- Skrivar, Styremedlemmar: Solveig Grønlien, Fredrik Heimsæter og Endre Helland Gujord

1.vara Ragnhild Kvifte vert kalla inn til alle styremøte.

 

Sak 22/2023 Svar til Noregs Mållag  om personalressursane i Noregs Mållag

Spørsmål frå ressursgruppa er sendt ut til lokallaga med svarfrist før påske.

Hordaland mållag sin svarfrist 1.mai.

 

Sak 23/2023 Oppfølging av årsmøtet.

Seminardelen var variert. Såg ut som folk var nøgde og me har fått positive tilbakemeldingar.

·        Ein del praktiske ting me kan ta lærdom av. Styret skal laga ei sjekkliste med praktiske innformasjon for gjennomføring av årsmøte.

·        Marie tek kontakt med Noregs Mållag om profileringsmateriell.

 

Sak 24/2023 Søknad om støtte frå Sotra- og Øygarden mållag.

Målgruppa for 2 arrangementet med Sylfest Lomheim . Målgruppe alle som arbeidar i skule og barnehage, Begge tilstellingane er gratis.

Hordaland mållag løyver  4000 Kr . Anne skaffar kontonummer.

 

Sak 25/2023 Referat frå styremøte.

Sakene skal nummererast fortløpande for kvart kalenderår.

 

Sak 26/2023 Andre saker

-          Hordaland mållag har som mål å få opp att aktiviteten i enkelte lokale mållag.

-          Nynorskdagen 12.mai vert tatt opp på neste møte.

 

 

 

Neste møte Tysdag !8. april kl. 16.00 i Kong Oscars gate 15.

 

Brit S. Fosse Reigstad

referent


Referat frå styremøte i Hordaland mållag 28.02.2023.

Stad: Nytt kontor i Kong Oscars gate.

Desse møtte: Ane Landøy, Marie Morken, Sahra Torsvik, Arild Reigstad og Brit S. Fosse Reigstad

Sak 13/ 2023 Godkjenning av innkallinga – Godkjend

 

Sak 14/2023 Referat frå 06.02.23 – Godkjend

 

Sak 15/2023 Økonomi:

Rekneskapen for 2022 er godkjend av tilsynsmennene. Framlegg til budsjett for 2023 vart sett opp.

 

Sak 16/2023 Årsmøte 2023 – oppdatering/arbeidsfordeling.

Laurdag 11.03.2023

Ordstyrarar: Arild og Ane

·         Beinstrekken vert flytta til etter Anders Totland sitt innlegg.

·         Presentasjon av nynorskprosjekt i Alver – Kan Håkon Aase seie noko om dette – Marie undersøkjer.

·         Innleiarane får termokrus frå Noregs Mållag – Ane tingar.

Under middagen:

Takkar av dei som no går ut av verva sine i Hordaland mållag.

·         Sahra Torsvik, Anne Buseth Vassbotn, Marta Nagel-Alne, Torstein Vik Århus, Astrid Olsen og Kåre Mjør

 

Sundag:

·         Opning :      Ane

·         Referat: Sahra og Sigrid Lerbak

·         Årsmøteføresegner- Marie sender til Sahra.

·         Ordstyrar:   Hege Myklebust og Marie Morken

·         Tillitsombod:

o   Røystetejarar: - 2 stk peiker ut desse i møtet.

o   Fullmaktsnemnd: Fredrik Heimsæter og Brit Rabben

o   Redaksjonsnemnd

o   Skrive under protokollen: Ove Sverre Bjordal ( Bergen) , Anne Lise Grøm (Øygarden)

·         Årsmelding: Ane

o   Sett inn kulepunkt i avsnittet om språklovsarbeid for oversikts sin del

·         Rekneskap: Marie

o   4 ark skall inn i mappa.

o   Kontingent 2924 . .60 kr og 30kr  for familie medlemmer

·         Budsjett:     Marie

o   Sahra undersøkjer med Live når det gjeld søknad Fana sparebank om pengar.

·         Arbeidsprogram:    Ane

·         Lovendring:            Ane

·         Fråsegner:

o   Det er komme inn to framlegg til fråsegn frå Nils Mæhle. Desse vert sendt direkte vidare til Noregs Mållag – Ane tar kontakt med Nils Mæhle om dette. ( Ein sender ikkje årsmøtefråsegner innan eigen organisasjon)

·         Val:  Astrid

o   Ane tar kontakt med Astrid. Rettar opp feil og styret lagar to framlegg til valet. Avhengig av om det vert vedteke endringar i lova.

 

Sak 17/2023 Minneord:

a.      Oddvar Skre      – Astrid

b.      Birte           -- Sahra

 

Sak 18/ 2023

Sahra sender ut påminning om at kvar enkelt delegat gjer opp for seg på hotellet.

 

Sak 19/2023 Eventuelt.

·         Arild kontaktar Askøy mållag v/ Hans Birger Drange -

·         Marie kontaktar Ulvik mållag v/ Trygve Solberg

·         Dei som kan frå styret møter på Hotellet laurdag 11-11.30

 

Brit S. Fosse Reigstad

referent




Referat frå styremøte i Hordaland Mållag 17.01.2022

Stad: Kong Oskarsgate.

Tistades: Marie Morken, Britt S. Reigstad, Arild Reigstad, Ane Landøy, Sahra Torsvik og Solveig

Grønlien

Fråfall: Marthe Nagel-Alne

1. Godkjenning av innkalinga og sakslista - ingen merknader.

2. Godkjennig av referat frå styremøte 13.12.2022 - ingen merknader..

3. Økonomi

Målgåver - Marie orienterte. Meir overskot enn budsjettert.

4. Årsmøte 11-12.03.2023

- Status: Førsteutkast til årsmelding ligg ved.

- Me gjekk gjennom utkastet til årsplan.

5. Orienterinssaker:

- Målgåveutsending 10.06.2023

- Målpris - aktuelle kandidatar.

- Bergenskonferansen - Solveig, Ane og Sahra deltok på denne.

- Ane har vore på møte i personalressurs gruppa til Noregs Mållag, landsrådsreferatet.

6. Flytting/rydding av kontoret - me er her ut ferbruar.

7. Andre saker:

- 27.02.2023 - Marie Morken rydder i papira då.

- 28.02.2023 - Innkomne skriv i samband med årsmøtet vert behandla.

- 31.01.2023 -styremøte i Hordaland Mållag


Skrivar Solveig Grønlien

Referat frå styremøte i Hordaland Mållag 13.12.2022 kl. 17.30

Tistades: Britt J. Reigstad, Arild Reigstad, Ane Landøy, Marie Morken, Sahra Torsvik, Martha Nagel-Alne

og Solveig Grønlien

Stad: Kong Oscars Gate 15

Saker:

1. Godkjenning av innkalling - ok

2. Godkjenning av saklista - ok

3. Referat frå sist møte - ok

4. Økonomi

- Orientering om budsjett:

Målgåvene ligg litt under budsjett.

Vi må evaluera målgåveutsendinga

14.01.2023 Bergenskonferansen søkjer om støtte. Vedtak: vi gjev kr 10.000 som

underskots garanti,

8 marsinitiativet - avslo søknad om stønad.


5. Orienteringssaker

- Avtale om å sjå når det nye kontoret er meir klart, litt dyrare leige i månaden der.

6. Planlegging av årsmøte 11-12.03-2023 på Stord

- Fordeling av oppgåver:

● Kontakt med hotellet - Marie Morken

● Serminardelen - Arild Reigstad

● Underhaldning under middagen - kl.19.30 - Totland

● Årsmeldinga - Ane Landøy

● Rekneskap og budsjett - Marie Morken

● Årsplan - Ane Landøy

● Valnemnda - Astrid går ut av valnemnda, Ane snakkar med alternative kandidatar.

Valnemnda konstituerer seg sjølve, dette må inn i vedtektene.

● Også vedtektsendring om “tak” på talet utsendingar

● Målprisen - Marie Morken ordnar

● Fastsettjing av årsmøteføresegnene

● Ordstyrar må være spurd på førehand

● Saklite sendes ut ein mnd. før årsmøte.

● Fråsegner


7. Neste møte i styret 17.01.2023 kl. 17.30 - Kong Oscarsgate 15.

8. Ymse

- Arna bydel er nynorsk. Innhaldet på informasjonstavlene på togstasjonen må vere på

nynorsk.

Skrivar Solveig Grønlien

Referat frå styremøte i Hordaland Mållag 08.11.2022

Til stades: Ane Landøy Marie Morken, Arild Reigstad, Brit Fosse Reigstad, Marta Nagel-Alne og Sahra Torsvik

1. Referat frå sist gong og innkalling vart godkjent.

2. Planlegging av lokallagsseminar laurdag 12. november

- Me har 36 påmeldte deltakarar.

- Me såg gjennom program og sjekka om me ynskjer endringar/tillegg.

- Program og inviterte innleiarar er no i utgangspunktet klart.

- Ane er møteleiar.

- Det er mogleg å få reisegodtgjering ved utfylt skjema.

3. Planlegging av inspirasjonsseminar for lærarar torsdag 17. november

- Arild er møteleiar.

- Me har 18 påmeldte lærarar per no, og det verkar som dei kjem frå ein del ulike skular.

- Tre innleiarar, og så ser me om det er tid til ein open post til slutt.

4. Høyringssvaret vårt til Kulturplanen for Vestland er sendt inn saman med Sogn og Fjordane.

5. Marie har gjort ein god ryddejobb saman med Sahra i arkivinnhaldet i skåpa.

6. Økonomi

- Marie informerte om den økonomiske stoda.

- Det var ingen store endringar frå sist, og me ligg godt an.

- Styret drøfta mellom anna kor ein eventuelt kan søka om meir midlar til ulike typar tilskipingar.

7. Endringar i styret og nemnd

- Frå og med då Sahra gjekk inn i skrivarstillinga er Brit valt som fast styremedlem. Marta har rykka opp

til fyrste vara, Anne til andre.

- I skulemålsnemnda har det også vore endringar: Pernille Fjørtoft Grøsvik og MagnusTorvik har blitt

faste medlemar. Morten Holmefjord er valt som vara.

- Endringane i styret og skulemålsnemnda er samrøysta vedteke.

8. Arbeidsgruppe for implementering av songprosjekt

- Me oppnemner Marie Morken (leiar), Anne Buset Vassbotn og Fredrik Heimseter til denne

arbeidsgruppa, og supplerer eventuelt med fleire.

9. Landsrådsmøtet (med seminar)

- Marie og Sahra informerte frå seminar og møte.

- Det kjem eit eige referat frå landsrådsmøte kor ein kan lesa meir.

10. Reiserekninga

- Me har ferdigstilt eit reiserekningsskjema til bruk i fylkeslagssamanheng.

11. Årsmøte

- Styret drøfta nokre praktiske forhold rundt årsmøtet neste år.

12. Neste styremøte

- Det vert 13. desember klokka 17.30.

Styremøte i Hordaland Mållag 11.10.2022 kl1630.

 

Tilstades: Marta Nagel Alne,Sahra Torsvik,Marie Morken,Brit Fosse Reigstad,Arild Reigstad,Ane Landøy,Solveig Grønlien.

 

 

b.  Planlegging av inspirasjonsdag for lærarar  17.11. 2022 er nesten klart.

     5.   Årsmøte  i Hordaland Mållag vert på Stord 11.og 12.03.2023.

     6.   Marie tek ein ryddedugnad i arkivet som kom frå kjellaren, 17.10.

7. Erlend Bakke klagar på manglande nynorsk hos Statens Vegvesen, og Språkrådet har purra på svar frå Vegvesenet.

      8.  a.Unneland og Neshaugane barnehagar i Arna fekk besøk av Sahra, Arild og Ingar; gode samtaler

            b. Sahra, Ane, Ingar og Solveig  var på Voss og Hardanger Kompetanseråd. Vi held fram med samarbeidet

            c.  Øygarden mållag skal ha møte med alle barnehagane i kommunen. Vil fylja «Arna- modellen.»

            d.   Nynorsk satsing på Slettebakken skule.

  e.   Bergen Mållag jobbar med Bergenskonferanssen.

f.    Mållaga i Alver kommune har skipa vellukka Nynorskdagar med eit imponerande og variert program og god oppslutnad. Sjå også Strilakulturen .no – mange gode songar.

g.  Vestland fylkekommune sin kulturplan har høyringsfrist 4.11. Ane skriv høyringsutkast, evt i samarbeid med Sogn og Fjordane. Hovudpoeng: Vestland fylke sitt nynorskansvar.

       9.   Neste styremøte i Hordaland Mållag vert 8.11          

Målgåveutsending veke 47 og 48.

                   

 

 

           Skrivar : Solveig. 

Referat frå styremøte i Hordaland Mållag tysdag 13.09.2022  kl. 1730.


Tilstades: Sahra Torsvik, Arild Reigstad, Britt Reigstad, Ane Landøy, Marta Nagel Alne, Marie Morken, Solveig Grønlien. Torstein Vik Århus på skjerm (sak 4).


1. Referat frå sist møte vart godkjend.


4.Torstein var med her, digitalt.Mandatet til skulemålsnemnda: “Skulemålsnemnda til Hordaland Mållag skal arbeida for å styrka posisjonen og statusen til nynorsk som språk i Hordaland Mållag sitt medlemsområde i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule. Skulemålsnemnda skal arbeida  direkte opp mot skular/barnehagar, og kan også arbeida politisk, dersom det er etter oppdrag frå styret, for å fremja nynorsk språk i skule/barnehagar. Skulemålsnemnda skal samarbeida med lokallag og Noregs Mållag for å organisera arbeidet ved eventuelle skulemålsrøystingar, og halda kontakt med lokallaga i randsonene for å ha best mogleg oversikt over stoda for nynorsk språk, og auke og styrke bruken av nynorsk. Skulemålsnemnda rapporterer til Hordaland Mållag. Styreleiar  kallar inn leiar i skulemålsnemnda  til styremøte ved behov ”. 


2a. Digitalt arkiv: Leiar jobbar med saka inne på Google Disk og oppretter mapper undervegs.

   

2b. Inspirasjonsdag for lokallaga 12.11.2022. kl 11- 17.. Framlegg til program vart godkjend

      

2c. Referata frå styremøta skal ligge på nettsidene.

     Vedtak:Heilt enkelt referat sende ut til laga og ligg på nettsida.

   

2d. Inspirasjonsdag for lærarane på Terminus 17.11. Dei 30 fyrste påmelde får plass. Noregs Mållag har bevilga 25000.

       Vedtak:Framlegget til programmet er delvis klart og vert godkjend, Arild og Ane arbeider vidare..

 

2e. Årsmøte 2023 vert på Stord Hotell  11. og 12. 03. 2023. 


3. Økonomi. Marie informerte. Førebu målgåveutsending nov. des. veke 47 eller 48.  


5. Sahra har fått svung på facebook sida vår og fått ny e-post  adresse.

    Bergen kommune har bevilga 1.7 mill. til nynorsk. Arna er satsingsområde. Sahra held kontakt med skulane. Nynorsk 1.klasse i Bergen må fylgjast opp.


6. Haustseminar og landsrådsmøte i NM 21-23 oktober 2022 i Oslo. Vi innstiller på å sende Marie, med Marta og Solveig som vara. Sahra deltek også på haustseminardelen.


7a. Ane og Sahra deltok på ein Interessant debatt i Odda, om Oddamodellen og språkopplæring i skulen.

   

7b. Ane og Sahra  deltok også på eit godt inspirasjonsseminar  9.- 10.sept. i Noregs 

       Mållag, Oslo.

    

      Møtet heva 19.30


      Solveig Grønlien er skrivar.



Referat frå styremøte i Hordaland Mållag 09.08.2022


Stad: Kong Oskarsgate

Tid: 17.00

Tilstades: Arild Reigstad, Sahra Torsvik, Britt Solveig Fosse Reigstad, Marie Morken, Ane Landøy, Solveig Grønlien


Saksliste

Ok - utan merknader.


Framlegg til Noregs Mållag sentralt om Ane som deltakar i utval om personalressursar. 


Ane held fram med å arbeide med  digitalt arkiv.


13. september og 11. oktober 


Gjekk gjennom status for inntekter dette året

Utsending av målgåvebreva - Marie sender ut i samarbeid med Bring medio august.


Oppdatert versjon låg ved innkalinnga

 Inspirasjonsmøte/seminar for lokallaga


Jobber med saka



Ane og Arild held fram med planlegginga. Ein kan søkja om 25.000 for inspirasjonsdag.




Skrivar Solveig Grønlien



Referat frå styremøte i Hordaland Mållag 08.06.2022

Stad: Kong Oskarsgate

Tidspunkt: 17.00

Tilstades: Ane Landøy, Arild Reigstad, Marie Morken, Solveig Grønlien

Fråfall: Britt S. Fosse Reigstad, Sahra Torsvik


1. Referat frå forrige møte 04.05.22

Referatet vart godkjend


2. Økonomi

Rekneskap så langt i 2022: Marie gjekk gjennom, vi ligg godt an


3. Ny dato fpr utsendingsdugnad - målgåva

13 og 14 juni er avsett til denne dugnaden.

Marie køyrer dei ut, Arild og Britt tek med seg heim og pakkar 1000 konvoluttar.

Ane og Solveig brettar tysdag 14.06


4. Stillinga

Vi har vore innom eit par framlegg til løysing, i samarbeid med skrivarstova. Vi held

fram med arbeidet. Stillinga skal i hovudsak arbeide med skulemålsarbeid.


5. Rydding i kjellaren

Solveig og Marie rydda i gamalt arkiv i føremiddag 08.06.2022, 28. juni og 30. juni og

kanskje 1. juli er sett av til arbeidet. Ane avklarer med Linda. Det viktigaste er å få

rydda i kjellaren og sett fram bosset som skal kastast, så må ny-arkivering av det vi

skal ta vare på kome seinare i sommar.


6. Inspirasjonsdag for lærarane,

Arild har tidlegare send oss informasjon om


Vikværingen (Jon Låte er kontaktperson). Ane og Arild er lokal arbeidsgruppe for å få

dette på plass i haust.


7. Arkivering

Ane set opp ei Google-Disk mappe med undermapper som vi løpande arkiverer i, og

som heile styret får tilgang til. Dei ferdig godkjende styremøtereferata skal ligge på

nettsida, når ho er oppe att.


8. Sogn og Fjordane

Vi kan samarbeida med Sogn og Fjordane, men dei har litt andre utfordringar, særleg

når det gjeld skulemål og byte til bokmål. Dei er interessert i Erlend Bakke sitt arbeid.

Lokallaga i Sogn og Fjordane samarbeider med historielag og gjev ut skrifter.

Målprisen i Sogn og Fjordane 2022 gjekk til Roger Severin Bruland


9. Andre saker

● 17-18 juni Frivillighetskonferanse i regi av Vestland Fylkeskommune- Ane

reiser

● Alvær gjev ut hefte med tekstar skrive på nynorsk - forfattar Tor Arve

Røssland. Arrangement med besøk frå Aasentunet

● Skulemålsnemda ser på sitt mandat og sender det til oss

● Ane kjem tilbake med ny styremøtedato over sommaren.

● Erlend Bakke har send brev til Skyss.

● Prosjekt med støtte frå Noregs Mållag, oppsummering av prosjektet.

○ Møte på Garnes - Live og ei frå nynorsksenteret deltek.

○ Ingar og Arild har besøkt; Ytre Arna skule, Lone skule, Trengereid

skule, Ådnanipa barnehage og Arnatveit barne- og ungdomsskule og

snakka om nynorsken.

9 juni besøker dei Ytre Arna barnehage

Ingar prøver å få kontakt med Garnes ungdomsskule


● 12 mai Nynorsk dagen: Hordaland Mållag var ikkje aktiv, kjem sterkare igjen i

2023!

Skrivar Solveig Grønlien

Referat frå styremøte i Hordaland Mållag 5. april 2022

Desse møtte: Ane Landøy leiar, Marie Morken, Brit Fosse Reigstad og Anne Buset

Vassbotn (referent).

Sakliste:

Referatet frå sist. Godkjent utan merkander. Referat frå landsmøtet 1-3. april 22.

Økonomi 1:

Det er løyvd pengar til støtte til frikjøp av skrivarstilling.

Målgåveutsending: i starten av juni og i starten av november. Ane følgjer opp til dugnad.

Økonomi 2: Løyving til NMU sitt landsmøte (tidleg i mars).

Vedtak: kr 5000,- løyvd.

Økonomi 3: Løyving til annonse i Utdanningsnytt for Norsk Barneblad.

Annonsa kostar kr 28 000. Ane skriv e-post til leiar for Vikværingen.

Vedtak: HM løyver kr 5000,-

Økonomi 4: Løyving til Fosse-stiftinga.

Vedtak: HM løyver 3000,- i form av gåvebrev. Ane kontaktar Randi Jåstad

Kva gjer vi med prosjektstillinga framover, på kort og lang sikt? Tema for eige møte.

Konkretisering av arbeidsprogrammet: Teksten som vart vedteken på årsmøtet er send ut.

Ymse: Skrive fornya mandat for skulemålsnemnda: Skulemålsnemnda er beden om innspel her.

Sjå over arkivet. Ane gjer dette i samarbeid med Live.