Lov for Hordaland Mållag 

Lov for Hordaland Mållag
Vedteken på årsmøte 06.03.2022 den 8. mai 1971, med endringar og tillegg på årsmøta i 1978, 1979, 1987, 1988, 2001, 2003, 2008, 2009, 2022 og 2023.

§ 1 Føremål
Hordaland Mållag har til føremål: 

a) å samla målfolk og lokallag i Hordaland til aktivt arbeid for det nynorske målet på alle område,
b) å auka kunnskapen om og vørdnaden for nynorsken og dialektane våre,
c) å styrkja bruken av nynorsk i området vårt og stø opp om arbeidet nasjonalt for meir nynorsk. 

§ 2 Samskipnaden 

§ 2.1 Denne lova er underordna lova til Noregs Mållag. Om det er noko som ikkje er omtala i lova eller der dei to lovene strir mot kvarandre, gjeld lova til Noregs Mållag. 

§ 2.2 Hordaland Mållag er samskipnaden av dei lokallaga som har meldt seg inn i Noregs Mållag via dette fylkeslaget. Det må vera minst tre lag. Einskildpersonar som bur i eit område utan lokallag, kan vera direkte innmelde i fylkeslaget. 

§ 2.3 Norsk Målungdom (NMU) er ungdomsorganisasjonen til Noregs Mållag. Einskildlag i NMU er einskildlag i Noregs Mållag. Desse laga har representasjon til fylkesårsmøtet. Fylkeslaget samarbeider med dei lokale laga av Norsk Målungdom frå sak til sak. 

§ 2.4 Når lokallaga sender inn årsmelding skal fylkeslaget ha kopi. 

§ 2.5 Skrivarstova i Noregs Mållag som administrerer medlemsregisteret, har plikt til å:
a) opplysa om medlemstala,
b) senda ut medlemslistene,
c) opplysa om kva lag som har levert inn årsmelding og endringar i kontaktinformasjon. 

§ 3 Årsmøte 

§ 3.1 Årsmøtet er det øvste styrande organet for fylkeslaget. 

§ 3.2 Røysterett på årsmøtet har styremedlemene i Hordaland Mållag  og valde utsendingar frå lokallaga  medrekna lokale lag i NMU. Laga må ha sendt inn årsmelding for året før. Årsmøtet kan vedta at nyskipa lag skal få ha éin utsending med røysterett. Kvar utsending har ei røyst. 

§ 3.3 Det er årsmøtet i lokallaget som vel utsendingane. Årsmøtet kan gje lokallagsstyret fullmakt til å velja dei. Utsendingane må vera medlem i det lokallaget dei er valde som utsending for. Utsendingane må ha betalt medlemsavgifta for fjoråret eller inneverande år, før årsmøtet. 

§ 3.4 Lokallaget vel utsendingar i høve til medlemstalet. Det er betalande medlemmer året før, som tel:
Frå 10 til 50 medlemer: 2 utsendingar.
Frå 51 til 100 medlemer: 3 utsendingar.
Og vidare: 1 utsending meir for kvar påbyrja 100 medlemer, opp til 6 utsendingar totalt. Dei lokale laga i Norsk Målungdom kan senda 1 utsending kvar. 


§ 3.5 Arbeidsåret følgjer kalenderåret. Laget held årsmøte kvart år, normalt innan utgangen av mars. Styret bestemmer tid og stad. Skriftleg innkalling med sakliste skal sendast til styret i lokallaga, seinast ein månad før.  Lokallaga må melda inn saker ein vil ta opp, seinast 3 veker før årsmøtet. Styret skal senda ut sakspapir og innkomne saker med si vurdering 14 dagar før årsmøtet. Årsmøtet kan gjera unnatak og vedta å ta opp seinare innkomne saker. Styret kan invitera medlemer og andre til årsmøtet / seminardel av årsmøtet. Årsmøtet kan opna for å gje andre enn utsendingane og fylkesstyret talerett i enkeltsaker. 

§ 3.6 Det vert halde ekstraordinert årsmøte dersom styret vedtek det, eller når det blir kravd av så mange lokallag at representasjonsretten deira svarar til minst ein tredel av dei som har røysterett på årsmøtet. På slike årsmøte kan det ikkje gjerast vedtak i andre saker enn dei som var årsak til innkallinga. 

§ 3.7 Årsmøtet vel to ordstyrarar, to referentar, fullmaktsnemnd på 2 medlemer og to til å signera protokollen. 

§ 3.8 Årsmøtet godkjenner innkalling, årsmelding og revidert rekneskap, fastset fylkesdelen av medlemspengane, vedtek arbeidsplan og budsjett og gjennomfører val i samsvar med lova. Utover det, avgjer årsmøtet sjølv kva saker dei vil ta opp. 

§ 3.9 Årsmøtet vel:
a) Leiar ved særskilt val kvart år.
b) Fem styremedlemer med tre varamedlemer i rekkefølgje. Styremedlemene vert valde for 2 år om gongen, men slik at skiftevis to og tre er på val kvart år. Varamedlemer vert valde for eitt år om gongen.
c) Lokale lag av Norsk Målungdom kan til saman nemne opp eitt ekstra medlem til styret, med personleg vara.
d) To ettersynsfolk for to år, såleis at éin av dei står på val kvart år.
e) Utsendingar til landsmøtet i Noregs Mållag dei åra det er landsmøte.
f) Tre medlemer til valnemnda. Medlemene i valnemnda vert valde for  to år, men slik at skiftevis ein og to av dei er på val kvart år. Årsmøtet vel leiaren for valnemnda. Styret har mandat til å supplera valnemnda ved behov.

§ 3.10 Valnemnda lagar framlegg til årsmøtet om nytt styre og ettersynsfolk. Styret føreslår utsendingar til landsmøtet og valnemnd for årsmøtet.

§ 3.11 Dei som har tillitsverv for fylkeslaget, skal vera medlem i eitt av lokallaga våre eller i fylkeslaget. 

§ 4 Styret 

§ 4.1 Styret vel seg imellom nestleiar, skrivar og kasserar og eventuelt andre ombod som årsmøtet ikkje har valt.

§ 4.2 Styret har ansvar for det daglege arbeidet mellom årsmøta. Det vil seia sikre kontakt og skulering mellom dei lokale mållaga og følgja opp aktuelle lokale språkpolitiske saker. Styret førebur og skriv sakene til årsmøtet. 

§ 4.3 Styret kan gjera vedtak når minst tre styremedlemer eller varafolk er til stades, mellom dei leiar eller nestleiar. Vedtaket kan gjerast i styremøte eller skriftleg møte. Leiaren har dobbelrøyst når det er likt røystetal. Leiar si røyst tel dobbelt når det er likt røystetal.

§ 4.4 Styret kan utnemna ombod og setja ned nemnder og arbeidsutval  for ymse arbeidsområde, og utarbeida mandat for desse. Styret kan innkalla ombod og leiarar av nemnder og utval til styremøte ved behov. Dei har då talerett, men ikkje framleggs- og røysterett.

§ 4.5 Lova, referat frå årsmøte og styremøte, og andre saksdokument skal arkiverast på ein slik måte at dei er sikra for framtida, lèt seg finna att, og er opne for innsyn frå Noregs Mållag sentralt og medlemene i fylkeslaget. 

§ 5 Lovbrigde og trygging av eiga 

§ 5.1 Denne lova kan årsmøtet brigda med 2/3 fleirtal når framlegget til endring er kunngjort minst 14 dagar  føreåt. Framlegga kan ikkje endrast på årsmøtet dersom endringane fører til at meiningsinnhaldet vert endra.

§ 5.2 Fylkeslaget kan leggjast ned når det består av færre enn tre lokallag. Det skal leggjast ned dersom det skiftar føremål slik at det ikkje lenger er i samsvar med § 1.1. i denne lova. Har fylkeslaget færre enn tre lokallag, har det ikkje lenger rett til utsendingar som fylkeslag på landsmøta til Noregs Mållag. 

§ 5.3 Dersom laget vert lagt ned, skal styret i Noregs Mållag ta vare på eiga til laget til dess det blir skipa eit tilsvarande nytt lag. Dersom det ikkje blir skipa eit nytt lag innan fem år, skal Noregs Mållag disponera eiga til beste for målarbeidet i samsvar med føremålet til laget.