Høyringar

Høyring om personalressursar i Noregs Mållag

Hordaland Mållag takkar for høve til å sende inn sine merknader til framlegget frå arbeidsgruppa som har greidd ut om personalressursar i Noregs Mållag.

Personalressursnemnda konkluderer med ei liste over fire framlegg:

"1. NULLALTERNATIVET, å ikkje gjera noka endring 

2. NY STILLING PÅ SKRIVARSTOVA med ansvar for å følgja opp fylkeslaga som ein sentral del av stillingsinstruksen. 

3. REGIONAL STILLING PÅ VESTLANDET, med særleg ansvar for Hordaland og Rogaland, men også ansvar for dei øvrige fylkeslaga. lokalisert der den som blir tilsett, bur. 

4. 60 % STILLING PÅ VESTLANDET, lokalisert der den tilsette bur, finansiert om lag slik stillinga i Hordaland er i dag.”

 Av desse fire er det framlegg 3 og 4 som vi ser som mest aktuelle. Hordaland har i dag tilsett organisasjonskonsulent i 60 % stilling, finansiert gjennom medlemspengar, målgåver og randsonemidlar. Vi ser at det kan vere utfordrande å skaffe fullfinansiering til 60 % stilling. Styret vil derfor signalisere at Hordaland Mållag er open for å vere med på å dele på lønnsutgifter. Etter vår røynsle er 60 % stilling tilstrekkeleg for den delen som gjeld arbeidet i Hordaland Mållag. Den tilsette brukar i dag tida til hovudsakleg to oppgåver: Styrking av lokallaga og skulemålsarbeid. Frå årsmeldinga 2023 kan vi sjå at organisasjonskonsulenten har bidrege til å få samla eit nytt styre i Askøy Mållag, og delteke på årsmøtet der 25. april 2023. Ho har vitja og hatt kontakt med tilsette på omlag 15 skular og 25 barnehagar i regionen, i Bergen, Øygarden, Alver og Askøy kommunar, og har også hatt møte med lærarar, rektorar og kommuneadministrasjon i desse kommunane. Dette er eit arbeid som vi ikkje ser korleis kunne blitt utført frå Oslo. Det er også eit arbeid som i høg grad går føre seg på dagtid, og er vanskeleg å kombinere med friviljug arbeid i styret til HM. Slik det er no er stillinga leidd frå styret i Hordaland Mållag, men har jamnleg kontakt med Skrivarstova, noko vi ser som ein føremun. Frå Hordaland Mållag si side er dette ein god styringsstruktur, men vi trur ikkje det vil verte vesentleg dårlegare om stillinga formelt vert styrt frå Oslo.

Bergen, 17.02.2024

Ane Landøy

leiar