Gje ei målgåve

Kvart år får Hordaland Mållag gåver frå medlemer og andre. Dette er me umåteleg takksame for! 

I tillegg til medlemspengar og stønad frå det offentlege, er dette den viktigaste driftsinntekta vår. 

Du er velkomen til å gje ei målgåve for å stø arbeidet til Hordaland Mållag. Til dette kan du bruka fylgjande kontonummer: 3525.07.02041. 

Hordaland Mållag har tilsett ein organisasjonskonsulent som arbeider med skulemål. Det betyr blant anna at me vitjar skular og barnehagar og snakkar om fordelane med nynorsk. Målet er å skape språkglede og språkleg toleranse. Det er viktig at borna får lese, høyre, synge og leike på nynorsk, og slik bli trygge nynorskbrukarar. Me meiner det er viktig å ha ein tilsett som kan driva fram målsaka i fylket vårt også på dagtid, slik at me kan verta ein endå meir synleg og relevant aktør i det offentlege. Til no har me vitja barnehagar og skular i Øygarden, Askøy og Arna. 

Utan målgåvene ville ikkje stoda for nynorsken vore den same. 💝