Nynorskbar 5. april
Publiseringsdato: Mar 26, 2018 7:30:12 AM
PS: Vil du dela plakaten med nokon? Du kan lasta han ned frå botnen av denne posten.
Logen bar er under ombygging og Bergen Mållag har difor flytta nynorskbaren til Kaigaten 4 denne våren. Torsdag 5. april går neste møte av stabelen.
Hit har ein invitert Matti Garnes Wiik som vil snakka om korleis tekstar frå antikken kan omsetjast til moderne norsk. "2000 år med bygdepoesi – frå latin til norsk" er overskrifta for kvelden og Matti deler tankar kring omsetjinga si av hyrdedikta til den romerske diktaren Vergil.
Vel møtt alle interesserte!
TID: Kl. 19:30 torsdag 5. april
STAD: Kaigaten 4, møterommet Fyllingsdalen