Årsmelding

ÅRSMELDING FOR HORDALAND MÅLLAG 2023

Styret har i meldingsåret vore:
Ane Landøy, leiar
Arild Reigstad, nestleiar
Marie Morken, kasserar
Solveig Grønlien,
Brit Fosse Reigstad skrivar
Fredrik Heimsæter
Endre Helland Gujord, utsending frå Katten Målungdom

Vi har hatt 10 styremøte i perioden. 

NYNORSK OPPLÆRINGSMÅL 

Hordaland Mållag har støtta arbeidet med nynorsk førsteklasse i Bergen, og samarbeidsprosjektet skule/barnehage i Arna Bydel. Dette prosjektet har hatt “smitteeffekt” til Øygarden Mållag og Sotra Mållag. 

Organisasjonskonsulenten har vitja og hatt kontakt med tilsette på omlag 15 skular og 25 barnehagar i regionen. Vi nemner særleg:


Bergen kommune: 5 møte i 2023 med ulike politiske og administrative tilsette. Vi har informert om Arna-prosjektet, LNK sitt nynorskkurs som Bergen Kommune bestilte og betalte for, og som seinare vart utvikla til eit digitalt tilgjengeleg ope kurs. Eit gjennomgåande tema har vore nynorskklasse og informasjon til foreldre. 

Øygarden kommune: 5 ulike møte, mellom anna: 

Spildepollen skule 12. mai. Dei hadde litteraturveka med fokus på språk, dialekt og litteratur. Besøk av forfattar Ruth Lillegraven og bokbad for alle trinna på skulen. Vitjinga kan lesast om i Norsk Tidend nr. 3 frå juni 2023. 

Presentasjon for alle barnehageleiarane i Øygarden: fordelane med tidleg start av nynorsk i barnehagen, nynorskidentitet i Øygarden og spåkbruksplanen til Øygarden kommune.

Leiarmøte for oppvekst i Øygarden kommune. målbruksplanen til Øygarden kommune og manglande nynorskkompetanse og fokus på nynorsk i barnehagane. I tillegg vart vi invitert med på eit seminar i regi av Skrivesenteret, NTNU for alle bhg og skular i Øygarden, begge møta var same veka

Møte med alle rektorane i Øygarden kommune: Ansvaret skulane har i arbeidet med overgang bhg/skule.

Alver kommune

To møte med barnehageansvarlege i kommunen: Særleg eit lese- og skriveprosjekt som er heilt i startgropa i Alver kommune og korleis vi kan bidra. Det kjem snart ny språkbruksplan i Alver. Rådgjevar var interessert i nynorskprosjektet i Arna og meinte at det ville ha positiv effekt i Alver kommune, særleg barnehagane som var lengst sør i kommunen.

Askøy kommune

Møte med rådgjevar for fagavdeling skule på Askøy. Skapa samanheng i språklæringa mellom barnehage og skule, presentera Arna prosjektet, Norsk Barneblad/Framtida JR og Nynorsksenteret. Me snakka også om korleis bevara nordre del av Askøy som eit nynorsk område i både skule og barnehage.


SPRÅKLOVSARBEID 

Hordaland Mållag har halde fram med å ha ein språklovsansvarleg, Erlend Bakke vart vald vidare på årsmøtet i HM i mars 2023. Arbeidet hans har ført fram mange stader, noko som gjev inspirasjon til å vera årvakne og til å melda frå om brot på språklova. 


Det er sendt ut om lag 104 klager -og purring på klager, og det har kome tilbake omlag 26 svar. Språklovansvarleg Erlend Bakke har klaga til over 32 ulike organisasjonar, kommunar, fylke, etatar og andre som pliktar å fylgja språklova. Nokre døme på dette er: NAV, Tolletaten, domstolane, Politiet, Vestland fylkeskommune, Utdanningsdirektoratet og Statens vegvesen, og har dermed gjort eit stort og imponerande arbeid.  

 Dei fleste som mottek klager er takksame for at dei vert gjort merksam på det, og vedkjenner sine feil, slik som dette hyggelege svaret frå Vest politidistrikt:

"De klagar på at Øygarden politistasjon nyttar bokmål som skriftspråk på skilt/informasjonsplakatar i lokalet og viser til at dette er brot på språklova § 13, 3.ledd. De stiller spørsmål ved kva tidsfrist som gjeld for å rette forholdet. De ynskjer dessutan svar på om Øygarden politistasjon i alle samanhenga nyttar nynorsk i kontakten med Øygarden kommune og viser til språklova §15, 2.ledd. Vi har undersøkt saka og ser at aktuelle skilt/plakatar ikkje er i samsvar med språklova §13, 3.ledd. Dette er uheldig, og vi har no tinga nye skilt med tekst på nynorsk. Nytt materiell vil vere på plass i lokalet innan kort tid. I skriftleg kommunikasjon med Øygarden kommune vert nynorsk vonaleg nytta, jf språklova §15, 2.ledd. Vest politidistrikt ser likevel at det i nokre tilfelle er nytta feil målform. Dette er uheldig og vi vil følgje opp saka overfor våre tilsette. Vi vil avslutningsvis takke for at de har gjort oss merksame på dei nemnde problemstillingane".

  

Språklovsansvarlege hadde møte med Miljøløftet 17. mars. Møta handla om dei automatiske meldingane frå Miljøløftet og nettsida. Dei har som mål at desse skal vera på nynorsk, og er særleg oppteken av at all kommunikasjon skal vera på nynorsk i dei geografiske områda som har krav på det.


Hordaland Mållag fekk presseoppslag i 2023 som følgje av klager mot Statens Vegvesen og mot Tolldirektoratet.

Erlend Bakke deltek også på møte i nynorskfylket Vestland der han representerer Hordaland Mållag. Han representerte også Hordaland Mållag på landsmøte til LNK i Sogndal, sumaren 2023.


KRONIKKAR OG ANNA MEDIEMERKSEMD
I høve nynorskdagen 12. mai vart kronikken “Språk er alt” prenta i avisa Strilen, den vart skriven av Ane Landøy, Erlend Bakke og Sahra Torsvik. Erlend Bakke og Ane Landøy har også vore intervjua i hhv avisa Hordaland og Aftenposten om språklovsarbeid.

NÆRINGSLIVSARBEID 

Hordaland Mållag vil halda fram med å ha ein næringslivsansvarleg, og Øystein Skjæveland vart vald vidare på årsmøtet i HM i mars 2023.

FREMJA DEN NYNORSKE SONGSKATTEN 

Styret i Hordaland Mållag har sett ned ei nemnd som skal greie ut eit nynorsk songprosjekt, og kartlegge ressursane som lokallaga kjenner til/har. 

HEIMESIDA 

Heimesida til Hordaland Mållag har fått ei oppdatering, mellom anna med referata frå styremøta. Facebooksida er i jamn vekst.


UTSENDING AV MÅLGÅVEBREV

Styret har stått for utsending av to målgåvebrev i meldingsåret.

VERVING 

Verving til Noregs Mållag er meir lokallagsarbeid enn fylkeslagsarbeid. Vi ser likevel at medlemstalet for 2023 auka til 3.699, opp frå 2022, (3.596) men likevel litt færre enn 2021, då vi hadde 3.755 medlemmer. 


STYRKJA LAGA 

Med finansiering frå Vestland fylkeskommune skipa vi 21.10.23 eit motivasjonsseminar for lokallaga. 


Organisasjonskonsulenten bidrog til å få samla eit nytt styre i Askøy Mållag, og deltok på årsmøtet der 25. april 2023. 


SAMARBEID MED ANDRE FYLKESLAG 

Styret i Hordaland Mållag har styrka samarbeidet med Sogn og Fjordane Mållag og andre fylkeslag ved å opprette kontakt med leiar for Sogn og Fjordane Mållag, Jorunn Simonsen Thingnes, og å delta på digitale og fysiske erfaringsutvekslingsmøte der andre fylkeslag er tilstades. 

ANNA ORGANISASJONSARBEID
Hordaland Mållag skipa til fylkesårsmøte på Stord i mars 2023.
På landsmøtet i Noregs Mållag 2022 vart det vedteke eit framlegg (frå HM) om å sjå på personalressursane til Noregs Mållag fram mot neste landsmøte i 2024. Ane Landøy er oppnemnd til ei arbeidsgruppe som ser på dette.
Arild Reigstad var utsending til generalforsamlinga i Det Vestnorske Teateret 26. april 2023, og er vara til styret.
Arild Reigstad deltok på generalforsamlinga til Folkeakademiet i Hordaland.
Arild Reigstad deltok på landsrådsmøte i Noregs Mållag i november 2023. 

Våren 2023 flytta vi inn i nytt kontor i Kong Oscars gate 15, til ein litt høgare pris, men nyoppussa og tenlege lokale. Vi har eigen kontorplass og tilgang til kopiering og møterom.

Alle medlemmer i Hordaland Mållag får tilbod om billettar på Det vestnorske teateret og Den nationale scene til reduserte prisar.

OPPSUMMERT
er styret nøgd med eigen innsats i 2023. Vi er svært nøgde med arbeidet organisasjonskonsulent gjer, særleg for skulemålsarbeidet, og også å ha etablert ei god rutine for utsending av målgåver.