Ofte stilte spørsmål

Ofte stilte spørsmål

Kvifor har Noreg to språk?

Etter at Noreg fekk eiga grunnlov i 1814 var det mange som ynskte å gå bort frå dansk og skapa eit språk som var berre norsk. Det var ulike syn på korleis ein skulle få til dette.

Ivar Aasen skapte landsmål, som var bygd på dei norske dialektane, medan Knut Knutsen fornorska dansk til det som vart kalla riksmål.

I 1885 gjorde stortinget jamstellingsvedtaket, som sa at dei to måla var likeverdige, og at kvar skulekrins skulle få velja kva mål dei ville nytta.

Landsmålet vart seinare heitande nynorsk, medan riksmålet no er kjend som bokmål.

I 1907 kom sidemålsvedtaket, som sa at alle skulle læra både bokmål og nynorsk.

Kor mange brukar nynorsk?

Mellom ti og femten prosent nyttar nynorsk som hovudmål i Noreg. Det er heldigvis også mange bokmålsbrukarar som jamnleg brukar nynorsk, så talet nynorskbrukarar er vanskeleg å festa.

Nyare forsking viser at bokmålsbrukarar som jamnleg nyttar nynorsk vert flinkare også i bokmål.

Er nynorsken på veg ut?

Nei. Det er mange hundre tusen som nyttar nynorsk kvar einaste dag. Nynorsk vert nytta i lærebøker, i offentleg stell, i litteraturen og i næringslivet. Nynorsken sin status er også verna av lovverket.

Er det ikkje betre å bruke dialekt?

Språk og identitet heng tett saman. Dette gjer at det er viktig at ein held på dialektene. Likevel bør ein skilja munnleg og skriftleg språk. Nynorsk er eit skriftspråk som er tufta på norske dialektar, og såleis vert svaret ”Snakk dialekt, skriv nynorsk!”.

Kva gjer eit mållag?

Folk i Noregs mållag er med fordi dei er glade i og stolte av språket sitt. Me jobbar for å fremja nynorsk på alle samfunnsområda i Noreg. Det vert satsa på nynorsk i skulen, i kulturlivet, i næringslivet og i statsforvaltinga. Me passar på at dei som skal det rettar seg etter lova og legg til rette for at alle skal få nytta og ha glede av nynorsk.