Årsplan for 2024 for Hordaland Mållag
Ei viktig oppgåve i 2024 vert å halde fram med å styrke laga i Hordaland Mållag sitt område. Dette vil vi gjere mellom anna ved å arrangere motivasjonsseminar. Vi søkjer Noregs Mållag om støtte til eit seminar hausten 2024. Vi vil spørje lokallaga kva dei helst vil at vi skal ta opp.
Styret i Noregs Mållag har vedteke at nynorskstafetten 2024 mellom anna skal vera i Hordaland. Vi vil delta i dette arbeidet i nært samarbeid med dei aktuelle lokallaga.
Organisasjonskonsulenten held fram i arbeidet, både med å halde kontakt med lokallaga, og med skulemålsarbeid. Heimesida og Facebook skal haldast ved like.
Vi vil implementere Arna-prosjektet med fokus på overgangen mellom barnehage og skule fullt ut i Arna og i Øygarden kommune (Sotra og Øygarden mållag)
Vi held fram med målgåveutsending, og planlegg to utsendingar i 2024.
Hordaland Mållag skal også i 2024/2025 svare på relevante høyringar. Vi vil skrive lesarinnlegg om aktuelle emne, gjerne i samarbeid med andre mållag.
Fram mot nynorskdagen 12.05 arbeider vi for å få på plass eit gatekunstverk av Ivar Aasen,
I samarbeid med Stord Mållag, Bergen Mållag og Noregs Mållag lyser vi ut eit stipend til ein student som vil skrive masteroppgåve om Målvinarlaget.
I samarbeid med aktuelle lokallag, skal vi arbeida for at den nye lovfesta retten til språkdeling på ungdomstrinnet vert innført i flest mogleg kommunar i språkdelte område i Hordaland frå skuleåret 2024/2025.
Gjennom språklovsansvarleg og næringslivsansvarleg vil vi arbeide utadretta.