Sakspapir
SAKLISTE
09.30 Opning.
09.35 1. Oppnemning av ordstyrarar og skrivarar.
Fastsetjing av årsmøteføresegner.
Oppnemning av tillitsombod (røysteteljarar, fullmaktsnemnd,
redaksjonsnemnd.)
Oppnemning av to medlemer til å skriva under protokollen.
09.45 2. Årsmelding 2023.
10.10 3. Årsrekneskap og ettersynsmelding.
10.30 4. Arbeidsprogram/årsplan 2024.
11.00 Pause med utsjekking frå hotellet
11.30 5. Budsjett og vedtak om medlemspengesats for Hordaland mållag.
11.45 6. Fråsegner og eventuelle andre vedtak.
12.05 7. Val: styre med varafolk, ettersynsfolk, valnemnd og utsendingar til landsmøte i Noregs mållag med varafolk.
13.00 Lunsj og avreise
SAK 1a: Oppnemning av ombod
INNSTILLING FRÅ STYRET
Ordstyrarar
Fredrik Heimsæter
Aslaug Mork Tophol
Skrivarar
Sahra Torsvik
Kari Østervold Toft
Fullmaktsnemnd
Brit Rabben
Bergit Utne Fjelde
Protokollunderskrivarar
Anita G. Johannessen
Johannes H. Sekse
Røysteteljarar:
Framlegg på årsmøtet
SAK 1b Framlegg til årsmøteføresegner
Styret rår årsmøtet i Hordaland Mållag til å gjera slikt vedtak:
Årsmøtet godkjenner framlegg til årsmøteføresegner.
1. Styret kjem med framlegg til sakliste med tidsplan.
2. Når årsmøtet er sett kjem styret med framlegg til ordstyrarar, referentar, fullmaktsnemnd, røysteteljarar, underskrivarar av årsmøteprotokollen og eventuelt redaksjonsnemnder til arbeidsprogram og andre saker, t.d. fråsegner.
3. Ordstyrarane skal sjå til at den godkjende møteplanen vert følgd, og skal prøva å fordela tida som er til rådvelde for kvar sak såleis at utsendingar har høve til å leggja fram sitt syn. Ut frå dette skal dei gjera turvande framlegg om nedsett taletid eller strek. Taletida vert fastsett med vanleg fleirtal når ikkje årsmøteføresegnene seier noko anna. Utsendingar kan også gjera framlegg om avgrensa taletid.
4. Ordstyraren kan ikkje vera med i ordskiftet. Vil han vera med i ordskiftet, tek varaordstyraren over. Ordstyraren kan likevel svara på merknader om ordstyringa.
5. Innlegg til saksførehavinga skal vera på maks 1 minutt. Ordstyraren kan stogga ordskifte om saksførehavinga etter 10 minuttar.
6. Framlegg skal setjast fram skriftleg.
7. Taletida er i ordskifta sett til 3 minuttar, men kan avgrensast med vanleg fleirtal.
Det er høve til å be om replikk på maks 1 minutt til siste innlegg.
Det er høve til 2 replikkar etter kvart innlegg.
Det er høve til svarreplikk.
Dersom det er tid til det kan ordstyraren, med samtykke frå årsmøtet, gjera unntak frå tidsavgrensinga.
8. Ein røystar til vanleg med å syna fastsett røystesetel. Vedtak vert fatta med alminneleg fleirtal.
Når det er fleire enn to framlegg til vedtak, skal det mest radikale framlegget setjast opp mot det nest mest radikale framlegget. Slik held ein fram til ein står att med med eit framlegg som kan setjast opp mot framlegget som ligg til grunn for vedtaket.
Ved personval skal alternative framlegg setjast opp mot ein konkret plass i innstillinga. Personval skal avgjerast ved skriftleg røysting dersom det ligg føre meir enn eitt framlegg, eller nokon krev skriftleg val.
Dersom det er fleire enn to kandidatar til eit verv, må den som vert vald ha minimum halvparten av røystene. Oppnår ingen av kandidatane halvparten av røystene i første valomgang, fell kandidaten med færrast røyster ut. Slik held ein fram til ein av kandidatane har oppnådd simpelt fleirtal i siste valrunde.
9. Årsmøtet avgjer med vanleg fleirtal alle tvilsspørsmål om møtestyring der det ikkje er lovfesta eller vedtektsfesta reglar å følgja.
10. Årsmøtet kan fritt gjera avvik frå desse føresegnene.
SAK 2 Årsmelding 2023
Styret rår årsmøtet i Hordaland Mållag til å gjera slikt vedtak:
Årsmøtet godkjenner årsmeldinga frå styret i Hordaland Mållag.
ÅRSMELDING FOR HORDALAND MÅLLAG 2023
Styret har i meldingsåret vore:
Ane Landøy, leiar
Arild Reigstad, nestleiar
Marie Morken, kasserar
Solveig Grønlien,
Brit Fosse Reigstad skrivar
Fredrik Heimsæter
Endre Helland Gujord, utsending frå Katten Målungdom
Vi har hatt 10 styremøte i perioden.
NYNORSK OPPLÆRINGSMÅL
Hordaland Mållag har støtta arbeidet med nynorsk førsteklasse i Bergen, og samarbeidsprosjektet skule/barnehage i Arna Bydel. Dette prosjektet har hatt “smitteeffekt” til Øygarden Mållag og Sotra Mållag. Organisasjonskonsulenten har vitja og hatt kontakt med tilsette på omlag 15 skular og 25 barnehagar i regionen. Vi nemner særleg:
Bergen kommune:
5 møte i 2023 med ulike politiske og administrative tilsette. Vi har informert om Arna-prosjektet, LNK sitt nynorskkurs som Bergen Kommune bestilte og betalte for, og som seinare vart utvikla til eit digitalt tilgjengeleg ope kurs. Eit gjennomgåande tema har vore nynorskklasse og informasjon til foreldre.
Øygarden kommune:
5 ulike møte, mellom anna:
Spildepollen skule 12. mai. Dei hadde litteraturveka med fokus på språk, dialekt og litteratur. Besøk av forfattar Ruth Lillegraven og bokbad for alle trinna på skulen. Vitjinga kan lesast om i Norsk Tidend nr. 3 frå juni 2023.
Presentasjon for alle barnehageleiarane i Øygarden: fordelane med tidleg start av nynorsk i barnehagen, nynorskidentitet i Øygarden og spåkbruksplanen til Øygarden kommune.
Leiarmøte for oppvekst i Øygarden kommune. målbruksplanen til Øygarden kommune og manglande nynorskkompetanse og fokus på nynorsk i barnehagane. I tillegg vart vi invitert med på eit seminar i regi av Skrivesenteret, NTNU for alle bhg og skular i Øygarden, begge møta var same veka
Møte med alle rektorane i Øygarden kommune: Ansvaret skulane har i arbeidet med overgang bhg/skule.
Alver kommune
To møte med barnehageansvarlege i kommunen: Særleg eit lese- og skriveprosjekt som er heilt i startgropa i Alver kommune og korleis vi kan bidra. Det kjem snart ny språkbruksplan i Alver. Rådgjevar var interessert i nynorskprosjektet i Arna og meinte at det ville ha positiv effekt i Alver kommune, særleg barnehagane som var lengst sør i kommunen.
Askøy kommune
Møte med rådgjevar for fagavdeling skule på Askøy. Skapa samanheng i språklæringa mellom barnehage og skule, presentera Arna prosjektet, Norsk Barneblad/Framtida JR og Nynorsksenteret. Me snakka også om korleis bevara nordre del av Askøy som eit nynorsk område i både skule og barnehage.
SPRÅKLOVSARBEID
Hordaland Mållag har halde fram med å ha ein språklovsansvarleg, Erlend Bakke vart vald vidare på årsmøtet i HM i mars 2023. Arbeidet hans har ført fram mange stader, noko som gjev inspirasjon til å vera årvakne og til å melda frå om brot på språklova.
Det er sendt ut om lag 104 klager -og purring på klager, og det har kome tilbake omlag 26 svar. Språklovansvarleg Erlend Bakke har klaga til over 32 ulike organisasjonar, kommunar, fylke, etatar og andre som pliktar å fylgja språklova. Nokre døme på dette er: NAV, Tolletaten, domstolane, Politiet, Vestland fylkeskommune, Utdanningsdirektoratet og Statens vegvesen, og har dermed gjort eit stort og imponerande arbeid.
Dei fleste som mottek klager er takksame for at dei vert gjort merksam på det, og vedkjenner sine feil, slik som dette hyggelege svaret frå Vest politidistrikt:
"De klagar på at Øygarden politistasjon nyttar bokmål som skriftspråk på skilt/informasjonsplakatar i lokalet og viser til at dette er brot på språklova § 13, 3.ledd. De stiller spørsmål ved kva tidsfrist som gjeld for å rette forholdet. De ynskjer dessutan svar på om Øygarden politistasjon i alle samanhenga nyttar nynorsk i kontakten med Øygarden kommune og viser til språklova §15, 2.ledd. Vi har undersøkt saka og ser at aktuelle skilt/plakatar ikkje er i samsvar med språklova §13, 3.ledd. Dette er uheldig, og vi har no tinga nye skilt med tekst på nynorsk. Nytt materiell vil vere på plass i lokalet innan kort tid. I skriftleg kommunikasjon med Øygarden kommune vert nynorsk vonaleg nytta, jf språklova §15, 2.ledd. Vest politidistrikt ser likevel at det i nokre tilfelle er nytta feil målform. Dette er uheldig og vi vil følgje opp saka overfor våre tilsette. Vi vil avslutningsvis takke for at de har gjort oss merksame på dei nemnde problemstillingane".
Språklovsansvarlege hadde møte med Miljøløftet 17. mars. Møta handla om dei automatiske meldingane frå Miljøløftet og nettsida. Dei har som mål at desse skal vera på nynorsk, og er særleg oppteken av at all kommunikasjon skal vera på nynorsk i dei geografiske områda som har krav på det.
Hordaland Mållag fekk presseoppslag i 2023 som følgje av klager mot Statens Vegvesen og mot Tolldirektoratet.
Erlend Bakke deltek også på møte i nynorskfylket Vestland der han representerer Hordaland Mållag. Han representerte også Hordaland Mållag på landsmøte til LNK i Sogndal, sumaren 2023.
KRONIKKAR OG ANNA MEDIEMERKSEMD
I høve nynorskdagen 12. mai vart kronikken “Språk er alt” prenta i avisa Strilen, den vart skriven av Ane Landøy, Erlend Bakke og Sahra Torsvik. Erlend Bakke og Ane Landøy har også vore intervjua i hhv avisa Hordaland og Aftenposten om språklovsarbeid.
NÆRINGSLIVSARBEID
Hordaland Mållag vil halda fram med å ha ein næringslivsansvarleg, og Øystein Skjæveland vart vald vidare på årsmøtet i HM i mars 2023. I 2023 har han arbeidd med å senda inn til Noregs mållag døme på nynorskbrukande verksemder. Noregs mållag sender ut ei hyggjeleg helsing til desse, med takk for at dei brukar nynorsk, «Nynorskverksemd»- klistremerke og ymse informasjon om mållaget. Tanken bak dette er å oppmuntra dei næringsdrivande til å halda fram med nynorsken, og få dei til meir medvite å sjå på seg sjølve som nynorskbrukarar. Det siste året har Noregs mållag fått omlag seks namn på nynorskbrukande verksemder tilsendt frå oss. Det er diverre ein del færre enn førre året (17). Han har også ha kontakt med både butikk-kjeder (Coop og Spar) og lokale butikkar med tanke på å få nynorsk skilting og annonsering frå desse. Her kan lokallaga gjerne bidra.
FREMJA DEN NYNORSKE SONGSKATTEN
Styret i Hordaland Mållag har sett ned ei nemnd som skal greie ut eit nynorsk songprosjekt, og kartlegge ressursane som lokallaga kjenner til/har.
HEIMESIDA
Heimesida til Hordaland Mållag har fått ei oppdatering, mellom anna med referata frå styremøta. Facebooksida er i jamn vekst.
UTSENDING AV MÅLGÅVEBREV
Styret har stått for utsending av to målgåvebrev i meldingsåret.
VERVING
Verving til Noregs Mållag er meir lokallagsarbeid enn fylkeslagsarbeid. Vi ser likevel at medlemstalet for 2023 auka til 3.699, opp frå 2022, (3.596) men likevel litt færre enn 2021, då vi hadde 3.755 medlemmer.
STYRKJA LAGA
Med finansiering frå Vestland fylkeskommune skipa vi 21.10.23 eit motivasjonsseminar for lokallaga.
Organisasjonskonsulenten bidrog til å få samla eit nytt styre i Askøy Mållag, og deltok på årsmøtet der 25. april 2023.
SAMARBEID MED ANDRE FYLKESLAG
Styret i Hordaland Mållag har styrka samarbeidet med Sogn og Fjordane Mållag og andre fylkeslag ved å opprette kontakt med leiar for Sogn og Fjordane Mållag, Jorunn Simonsen Thingnes, og å delta på digitale og fysiske erfaringsutvekslingsmøte der andre fylkeslag er tilstades.
ANNA ORGANISASJONSARBEID
Hordaland Mållag skipa til fylkesårsmøte på Stord i mars 2023.
På landsmøtet i Noregs Mållag 2022 vart det vedteke eit framlegg (frå HM) om å sjå på personalressursane til Noregs Mållag fram mot neste landsmøte i 2024. Ane Landøy er oppnemnd til ei arbeidsgruppe som ser på dette.
Arild Reigstad var utsending til generalforsamlinga i Det Vestnorske Teateret 26. april 2023, og er vara til styret.
Arild Reigstad deltok på generalforsamlinga til Folkeakademiet i Hordaland.
Arild Reigstad deltok på landsrådsmøte i Noregs Mållag i november 2023.
Våren 2023 flytta vi inn i nytt kontor i Kong Oscars gate 15, til ein litt høgare pris, men nyoppussa og tenlege lokale. Vi har eigen kontorplass og tilgang til kopiering og møterom.
Alle medlemmer i Hordaland Mållag får tilbod om billettar på Det vestnorske teateret og Den nationale scene til reduserte prisar.
OPPSUMMERT
er styret nøgd med eigen innsats i 2023. Vi er svært nøgde med arbeidet organisasjonskonsulent gjer, særleg for skulemålsarbeidet, og også å ha etablert ei god rutine for utsending av målgåver.
SAK 3 OG 5
Hordaland Mållag rekneskap og budsjett 2020-2024
Post
Budsjett 2022
Resultat 2022
Budsjett 2023
Resultat 2023
Budsjett 2024
Medlemspengar
177 200,00
177 200,00
180 000,00
202 140,00
210 000,00
Målgåver
275 000,00
202 770,00
250 000,00
210 257,00
220 000,00
Tilskot til stilling
178 872,00
178 872,00
180 000,00
215 124,00
230 000,00
Frikjøp/dekking av lønsutg.
30 250,00
44 986,00
30 000,00
0,00
40 000,00
Tilskot seminar, kurs
0,00
51 200,00
65 000,00
37 667,90
0,00
Andre tilskot
0,00
20 000,00
20 000,00
0,00
0,00
Momskompensasjon
54 480,00
45 000,00
47 460,00
54 000,00
Renter, andre inntekter
70 000,00
2 184,74
3 000,00
3 603,90
5 000,00
Sal av materiell
0,00
867,50
0,00
196,50
0,00
Inntekter, summert
731 322,00
732 560,24
773 000,00
716 449,30
759 000,00
Utgifter til målgåve
60 000,00
67 795,28
60 000,00
64 600,91
70 000,00
Husleige, straum
36 000,00
36 000,00
60 000,00
55 287,80
60 000,00
Lønsutgifter
375 000,00
323 012,34
430 000,00
452 149,35
480 000,00
Kurs, tilsk., seminar
75 000,00
52 415,50
65 000,00
40 456,90
7 500,00
Løyvingar, helsingar
40 000,00
13 931,15
20 000,00
14 510,00
7 500,00
Årsmøte
33 500,00
22 645,00
32 000,00
34 335,00
38 000,00
Landsmøte
70 000,00
63 940,00
0,00
0,00
61 000,00
Styrearbeid
5 000,00
8 164,89
10 000,00
9 543,40
7 000,00
Skulemålsarbeid
5 000,00
1 197,00
5 000,00
3 652,90
5 000,00
Målpris
3 000,00
2 750,00
3 000,00
3 089,86
3 000,00
Kopiering
2 862,00
3 000,00
2 753,20
3 000,00
Kontormateriell
500,00
849,00
1 000,00
3 164,33
1 000,00
Kjøp av materiell
0,00
3 671,80
2 000,00
1 303,20
700,00
Bankgebyr
200,00
448,25
500,00
215,20
300,00
Årsresultat
28 122,00
132 878,03
81 500,00
31 387,25
15 000,00
Utgifter, summert
731 322,00
732 560,24
773 000,00
716 449,30
759 000,00
Signert ettersynsmelding vert lagt fram på årmøtet.
SAK 3
Hordaland Mållag. Balanse pr. 01.01.2024
2023
2022
2021
01.01.2024
01.01.2023
01.01.2022
Eigendelar
Tysnes sp.bank, 3525.07.02041
297 112,97
216 792,52
222 611,92
Tysnes sp.bank, 3525.09.05066 (drift)
75 000,00
75 000,00
75 000,00
Tysnes sp.bank, 3525.09.05066 (fond)
428 612,95
416 002,95
411 438,43
Uteståande krav
0,00
50 736,00
31 953,18
Sum eigendeler
800 725,92
758 531,47
741 003,53
Gjeld
Ymse gjeld
19 897,99
21 700,79
141 615,40
Gjeld frå drift til fond
0,00
0,00
0,00
Sum gjeld
19 897,99
21 700,79
141 615,40
Eigenkapital
Disponibel eigenkapital ved starten på året
151 163,07
18 285,04
0,00
Resultat i driftsåret
31 387,25
132 878,03
18 285,04
Prosj.midlar HM-stilling (bunden eigenkap.)
0,00
0,00
0,00
Tap (sletting av gamal fordring)
0,00
0,00
0,00
Disponibel eigenkapital ved årsslutt
182 550,32
151 163,07
18 285,04
Gjeld og eigenkapital
Gjeld
19 897,99
21 700,79
141 615,40
Bunden eigenkapital (fond)
428 612,95
416 002,95
411 438,43
Prosj.midlar HM-stilling (bunden eigenkap.)
0,00
0,00
0,00
Fri eigenkapital
182 550,32
151 163,07
18 285,04
Sum gjeld og eigenkapital
631 061,26
588 866,81
571 338,87
SAK 3 OG 5
Rekneskap, budsjett, årspengar: Framlegg til vedtak frå styret
Rekneskap
Framlegg til vedtak:
Rekneskapen for 2023 vert godkjent. Resultatet (overskotet) på kr. 31.387,25 skal gå inn i eigenkapitalen. Renter for 2023 på konto 3525.09.05066 (fondet), kr 4 564,52, vert lagt til fondet.
Budsjett
Framlegg til vedtak:
Budsjettet som heilskap for 2024 vert vedteke.
Årspengar
Framlegg til vedtak:
Årspengane for 2025 vert: 60 kroner pr. medlem, 30 for familiemedlemmer.
SAK 4
Styret rår årsmøtet i Hordaland Mållag til å gjera slikt vedtak:
Årsmøtet vedtek arbeidsprogrammet slik det ligg føre.
Årsplan for 2024 for Hordaland Mållag
Ei viktig oppgåve i 2024 vert å halde fram med å styrke laga i Hordaland Mållag sitt område. Dette vil vi gjere mellom anna ved å arrangere motivasjonsseminar. Vi søkjer Noregs Mållag om støtte til eit seminar hausten 2024. Vi vil spørje lokallaga kva dei helst vil at vi skal ta opp.
Styret i Noregs Mållag har vedteke at nynorskstafetten 2024 mellom anna skal vera i Hordaland. Vi vil delta i dette arbeidet i nært samarbeid med dei aktuelle lokallaga.
Organisasjonskonsulenten held fram i arbeidet, både med å halde kontakt med lokallaga, og med skulemålsarbeid. Heimesida og Facebook skal haldast ved like.
Vi vil implementere Arna-prosjektet med fokus på overgangen mellom barnehage og skule fullt ut i Arna og i Øygarden kommune (Sotra og Øygarden mållag)
Vi held fram med målgåveutsending, og planlegg to utsendingar i 2024.
Hordaland Mållag skal også i 2024/2025 svare på relevante høyringar. Vi vil skrive lesarinnlegg om aktuelle emne, gjerne i samarbeid med andre mållag.
Fram mot nynorskdagen 12.05 arbeider vi for å få på plass eit gatekunstverk av Ivar Aasen,
I samarbeid med Stord Mållag, Bergen Mållag og Noregs Mållag lyser vi ut eit stipend til ein student som vil skrive masteroppgåve om Målvinarlaget.
Gjennom språklovsansvarleg og næringslivsansvarleg vil vi arbeide utadretta.
SAK 6
FRÅSEGNER
Ingen innkomne saker.
SAK 7
Innstilling frå valnemnda
Valnemnda, ved Karin Monstad, Øystein Skjæveland og Bjørg Eli Eide, har hatt eitt digitalt møte, og har elles halde kontakten via e-post og tekstmeldingar.
Leiar
Ane Landøy, attval, 1 år
Styremedlemmer:
Marie Morken, Meland Mållag, attval 2 år:
Solveig Grønlien, Odda Mållag, ikkje på val
Arild Reigstad, Arna Mållag, ikkje på val
Brit S.F. Reigstad, Arna Mållag, ikkje på val.
Fredrik Heimsæter, Bergen Mållag, attval 2 år.
Målungdommen vel eitt medlem til styret.
Varamedlemmer:
1. vara Mari Mehl, Kvinnherad Mållag
Me er ikkje komne i mål med arbeidet vårt med varalista. Valnemnda ber difor om lengre tid til å fylle denne lista.
Ettersynsfolk:
Matti Wiik (Bergen Mållag), attval 2 år
Terje Nilsen (Bergen Mållag), ikkje på val
Innstilling frå styret
Valnemnd
Bjørg Eli Eide – attval, 2 år
Øystein Skjæveland – attval, 1 år
Karin Monstad – ikkje på val
Styret innstiller på Bjørg Eli Eide som leiar av valnemnda.
Utsendingar til landsmøtet i Noregs Mållag:
Ane Landøy
Solveig Grønlien
Marie Morken
Arild Reigstad
Erlend Bakke
Bjørg Eli Eide
Øystein Skjæveland
Varafolk:
1. Anne Lise Grøm
2. Kristian Bringedal
3. Karin Monstad