Årsmøte i Hordaland Mållag 11-12.mars

Publiseringsdato: Feb 19, 2017 3:44:19 PM

Årsmøtet 11.-12.mars skal vera på Voss Vandrarheim.

Me byrjar årsmøtet laurdagen kl 11.30.

Registrering frå kl 10.45

Me sluttar av sundagen før kl 14.00.

Detaljert program sender me ut seinare.

Prisar: Utsending i enkeltrom kostar kr. 1475,-

Utsending i topersonsrom kostar kr.1275,-

Utsending utan overnatting og frukost kostar kr.675,-

Då får ein overnatting med oppreidde senger, frukost, to suppelunsjar, middag om kvelden, te kaffi, vatn under møtet.

(Det er same pris for observatørar.)

Me vil helst ha melding om de kjem og kor mange som kjem frå kvart lag, innan 3.mars. Men me vil godta påmelding heilt fram til møtet byrjar.

Alle lag må senda inn årsmelding for å få røysterett. De kan senda inn elektronisk eller ha med eit eksemplar på årsmøtet.

Eg legg ved lovbrigde for Hordaland Mållag, årsmelding og framlegg til arbeidsplan.

Seminardelen er ikkje heilt klår. (Det går an å koma med framlegg til ulike tema enno.)

Vel møtt til eit entusiastisk og interessant årsmøte 2017!

Beste helsing

Astrid Olsen,

leiar i HM