Målprisen til Myrkdalen Fjellandsby

Publiseringsdato: Mar 16, 2017 2:37:22 PM

  

11. mars delte Hordaland Mållag ut Målprisen 2017. I år gjekk denne til Myrkdalen Fjellandsby som i lang tid har profilert seg på nynorsk. Dei er eit godt førebilete på medviten og god språkbruk som Hordaland Mållag er glade for å kunna gje litt ekstra heider til. Det er ikkje innlysande at eit populært skisenter eigd av store eigedomsinvestorar brukar nynorsk, og det at Myrkdalen gjer det også i marknadsføringa si er svært positivt.

- Me har alltid vore ei nynorskbedrift, sa Kaia Finne, marknadsdirektør i Myrkdalen Fjellandsby. - Men nynorskarbeidet vårt byrja for alvor for fire år sidan, då me fekk ny merkevareprofil. Då fekk me også nedfelt i strategien vår at me berre skulle bruka nynorsk, både innanfor bedrifta og i kontakt med kundar. Nynorsk er trendy! Utan den mistar me identiteten vår.

 Ein vel fortent pris! 

Du kan sjå meir om Myrkdalen og arbeida deira på nettsidene: http://www.myrkdalen.no/no

Dei som abonnerer på Avisa Hordaland kan lesa nettsaka deira om prisen her: http://www.avisa-hordaland.no/nyhende/voss/myrkdalen-fekk-pris-for--bruka-nynorsk&loggedin=1