Seminar for norsklærarar

Onsdag 30. september skipa Hordaland Mållag til seminar for norsklærarar på Litteraturhuset i Bergen. Seminaret var for lærarar på vidaregåande skule. Me samarbeida med Nynorsksenteret og Noregs Mållag og hadde eit flott program for denne fine ettermiddagen. 

På bilete ser me nestleiar i Hordaland Mållag, Arild Reigstad som deler ut bøker til dei gode innleiarane: Arnfinn Kolerud, Jorid Saure og Synnøve Marie Sætre.