Referat frå styremøte
Referat frå styremøte i Hordaland mållag 02.10.2023
Stad: Kong Oscars gate 15.
Desse møtte: Ane Landøy, Marie Morken, Endre Helland Gujord, Fredrik Heimsæter, Ragnhild Kvifte, Arild Reigstad og Brit S. Fosse Reigstad
Sak 48/2023 Innkalling og referat frå 29.08. 2023 - Godkjent
Sak 49/2023 Økonomi.
Marie orienterte om den økonomiske stoda så langt.
Små endringar sidan sist. Målgåver litt opp.. Ca 10 000 som ikkje overført frå NM enno.
Husleige betalt ut året.
Me ligg godt an i høve budsjett.
Sak 50/20 Lokallagsseminaret 21.10 2023
Fylkesordføraren – Ane purrar
Peder Lofnes Hauge - Ane undersøkjer om han har mogelegheit å bli l ut dagen.
Det er komme lite påmeldingar til seminaret. – Purre for å få fleire påmeldingar.
Det er komme eit framlegg frå Ingar Arnøy om å finne ut kva opplærings-ressursar den einskilde skule har i høve til Opplæringslova.
Her må me laga ei «oppskrift» før undersøkinga slik at alle spør om det same.
Arild – tar kontakt med LNK og Per Songstad Bergen Kommune.
Orientere om at denne undersøkinga på seminaret.
Skulemålsarbeidet i Alver og Øygarden – her skjer det noko heile tida. – Sahra orienterer.
Sak 51/2023 Andre saker
Årsmøtestad 2024
Rosendal? - Ane tar kontakt med Kristian Bringedal om dette.
Alternativ 2 – Odda
Marie forhandlar med hotellet. Ho har også evt. framlegg til underhaldning.
Målgåvebrev.
Marie kan tidlegast lage klart blankettar etter måndag 23.20.23
Pakking kan begynne i månadsskiftet.
Neste møte endra til torsdag 02.11..2023. kl. 16.30
Brit S. Fosse Reigstad
referent
Referat frå styremøte i Hordaland Mållag 29.08.2023
Tilstades: Ane Landøy, Endre H Gujord, Arild Reigstad, Marie Morken, Sahra Torsvik, Fredrik Heimsæter, Ragnhild Kvifte, Solveig Grønlien
Fråværande: Britt F Reigstad
43/23 Referat frå sist møte godkjend.
44/23 Økonomi
Utgifter til målgåver er høge men utstyret er klart til neste utsending.
4500,- er husleiga pr. mnd.
Økonomien er rimeleg god.
Støtte til skrivar (person) 215.424,-
Målgåveutsendinga mellom 20. oktober og 20. november. 2023
Informasjon om at det går å kjøpe ein stol på Den Nationale scene - pris 10.000,-
45/23 Lokallagsseminar 21.10.2023
Sahra, Ane og Fredrik lagar program.
Tidspunkt 10.30 - 16.00
Fylkesordførar Askeland og Teatersjef Solrunn Toft Iversen skal spørjast om å halda innlegg under seminaret.
46/23 Planlegging av Nynorskdagen 2024
Gatekunst portrett av Ivar Aasen i Kong Oscarsgate 22
Shara jobbar med saka.
47/23 Reise og overnatting
Endre reiser til seminaret for nye lokallagsleiarar for unge vaksne 22 og 23 september.
Erlend reiser på opninga av Nynorskhuset i Førde 27 september
Fredrik reiser for Bergen Mållag til Nynorskhuset i Førde 27 september
Arild reiser på Landsrådsmøte i Oslo 17-20 november.
Arkiv etter Fana Mållag
Hordaland Mållag skal sjå på arkivet etter Fana Mållag med representantar den 4. september kl. 17.00
Eventuelt
7. september vert Amadeus vist på Den Nationale Scene, mållags medlemmer er invitert for 200,- pr. billett.
Trengereid skule vert lagt ned etter sommarferien 2023.
Skrivar Solveig Grønlien
Referat frå styremøte i Hordaland mållag 19.06.2023
Stad: Kong Oscars gate 15.
Desse møtte: Ane Landøy, Marie Morken, Solveig Grønlien, Endre Helland Gujord, Arild Reigstad og Brit S. Fosse Reigstad
Sak 38/2023 Innkalling og referat frå 18.04. 2023 - Godkjent
Sak 39/2023 Økonomi.
Marie orienterte om den økonomiske stoda så langt.
Små endringar sidan sist. Målgåver litt opp.
Utgifter blankettar og konvoluttar er for neste utsending og.
Den nye husleiga er på kr. 4000 pr. mnd.
Løn - held seg innanfor budsjett
Ingen bomber i budsjettet til no.
Sak 40/2023 Planlegging av Lokallagsseminar.
Seminardag 21.10 2023
Stad Zander K. – Ane tingar.
Idear til emne på seminaret:
Verving og Korleis få medlemmene til å bli verande.
Prosedyre ved klaging – Erlend.
Målungdommen
Opplæringslova – kva nådde me?
Norsk fagspråk i akademia.
Idedugnad – kva ynskjer lokallaga?
Ane arbeidar vidare med programmet for dagen.
Sak 41/2023 Orienteringssaker.
Sahra, Ingar, Live og Synnøve Hjertaker ( på videolink) har hatt møte med alle styrarane i barnehagane i Øygarden kommune for
å presentera «Garnes prosjektet»
Sahra og Ingar har også hatt eit positivt møte med Mikael Bergstad rådgjevar i Askøy kommune.
Dei har også besøkt fleire skular på Askøy og skal også besøkje barnehagane.
Møte med Bergen kommune
Det var eit godt møte med Per Songstad, områdeleiar med ansvar for nynorsksatsinga i Bergen. Kommunen var imøtekommande og løysningsorienterte.
Sak 42/2023 Ymse
Erlend Bakke – Språklovsansvarleg
Har gjort ein stor innsats ved å ved å påpeike at ulike institusjonar og statlege organ bryt språklova.
Han orienterte om arbeidet sitt.
Frå styret treng han no hjelp til å halde styr på alle papira.
Sahra tar den ferien ho har tent opp.
Me kan rekna med at Hordaland mållag får tilbod om rabatterte billettar på Det Vestnorske Teateret frå hausten.
Arild vil også ta kontakt med Solrunn Toft Iversen på DNS og prøva å få ein tilsvarande avtale der.
Neste møte tysdag 29.08.2023. kl. 16.30
Brit S. Fosse Reigstad
referent
Referat frå styremøte i Hordaland mållag 18.04. 2023
Stad: Kong Oscars gate 15.
Desse møtte: Ane Landøy, Arild Reigstad, Marie Morken, Solveig Grønlien, Fredrik Heimsæter, Endre Helland Gujord, Ragnhild Kvifte og Brit S. Fosse Reigstad
Sak 27/2023 Innkalling og referat.
Referat frå 28.02.2023 - Godkjent.
Innkalling og referat frå 14.03.2023 - Godkjent
Sak 28/2023 Økonomi.
Marie orienterte om den økonomiske stoda så langt.
Det har vore ein del arbeid etter årsmøtet på Stord Hotell.
Rekninga for to deltakarar som ikkje møtte vert sendt til lokallaget.
Ane purrar på husleiga. Og me har heller ikkje fått vite kva eventuelt ny leige vert..
Sak 29/2023 Planar for nynorskdagen 12.05.
Det er planar om ein Kronikk i BT.
Lokallaga vert oppmoda til å stå på stands eller anna markering av dagen. NM sender ut tips til kva lokallaga kan gjere for å markere dagen.
Sak 30/2023 Planlegging av lokallagsseminar.
Ein ser det slik at mai og juni er ei dårleg tid til å få folk til å bruke ein laurdag til å gå på seminar i mållaget. Difor kjem me tilbake til dette tidleg til hausten.
Sak 31/2023 Svar til NM på spørsmål om personalressurs.
Ane formulere eit svar til NM ut i frå innspel som kom i møtet.
Sender dette til styremedlemmene for kommentarar og evt. nye innspel.
Sak 32/2023 Andre saker
24.mai 2023 skal Synnøve Hjertaker (rektor Garnes skule) Ingar Arnøy, Live Havro Bjørnstad, Sahra Torsvik ha møte med alle barnehagane i Øygarden kommune for å presentere «Garnes prosjektet»
+Askøy skule/barnehage
Satsinga på nynorsk i Arna. Me har no fått referatet frå møtet med skulebyråden 14.februar 2023. Trine Hesjedal m fl. Områdeleiar Per Songstad har det overordna ansvaret.
Til no veit me ikkje at det har skjedd noko i Arna etter møtet.
Harry B. Solberg, Odda mållag har fått kongens forteneste medalje for at han i over 60 år har vore ei engasjert eldsjel innan friidretten, målrørsla og lokalhistorie.
Oppdatert lov for Hordaland mållag må sendast ut til lokallaga saman med protokollen.
Tipsa Norsk Tidend om Erlend.
Kallar inn både Øystein og Erlend til neste møte.
Målgåveutsending 10.juni.
Neste møte 15.mai kl. 16.30
21.04.2023
Brit S. Fosse Reigstad
referent
Referat frå styremøte i Hordaland mållag 14.03. 2023
Stad: Kong Oscars gate 15.
Desse møtte: Ane Landøy, Arild Reigstad, Marie Morken, Solveig Grønlien, Fredrik Heimsæter, Endre Helland Gujord og Brit S. Fosse Reigstad
Sak 20/2023 Innkalling og referat frå 28.02.2023.
Innkallinga godkjent. Godkjenninga av referatet vert utsett til neste møte,
Sak 21/2023 Konstituering av styret:
Ane Landøy – Leiar, Arild Reigstad- Nestleiar, Marie Morken – Kasserar, Brit S. Fosse Reigstad- Skrivar, Styremedlemmar: Solveig Grønlien, Fredrik Heimsæter og Endre Helland Gujord
1.vara Ragnhild Kvifte vert kalla inn til alle styremøte.
Sak 22/2023 Svar til Noregs Mållag om personalressursane i Noregs Mållag
Spørsmål frå ressursgruppa er sendt ut til lokallaga med svarfrist før påske.
Hordaland mållag sin svarfrist 1.mai.
Sak 23/2023 Oppfølging av årsmøtet.
Seminardelen var variert. Såg ut som folk var nøgde og me har fått positive tilbakemeldingar.
· Ein del praktiske ting me kan ta lærdom av. Styret skal laga ei sjekkliste med praktiske innformasjon for gjennomføring av årsmøte.
· Marie tek kontakt med Noregs Mållag om profileringsmateriell.
Sak 24/2023 Søknad om støtte frå Sotra- og Øygarden mållag.
Målgruppa for 2 arrangementet med Sylfest Lomheim . Målgruppe alle som arbeidar i skule og barnehage, Begge tilstellingane er gratis.
Hordaland mållag løyver 4000 Kr . Anne skaffar kontonummer.
Sak 25/2023 Referat frå styremøte.
Sakene skal nummererast fortløpande for kvart kalenderår.
Sak 26/2023 Andre saker
- Hordaland mållag har som mål å få opp att aktiviteten i enkelte lokale mållag.
- Nynorskdagen 12.mai vert tatt opp på neste møte.
Neste møte Tysdag !8. april kl. 16.00 i Kong Oscars gate 15.
Brit S. Fosse Reigstad
referent
Referat frå styremøte i Hordaland mållag 28.02.2023.
Stad: Nytt kontor i Kong Oscars gate.
Desse møtte: Ane Landøy, Marie Morken, Sahra Torsvik, Arild Reigstad og Brit S. Fosse Reigstad
Sak 13/ 2023 Godkjenning av innkallinga – Godkjend
Sak 14/2023 Referat frå 06.02.23 – Godkjend
Sak 15/2023 Økonomi:
Rekneskapen for 2022 er godkjend av tilsynsmennene. Framlegg til budsjett for 2023 vart sett opp.
Sak 16/2023 Årsmøte 2023 – oppdatering/arbeidsfordeling.
Laurdag 11.03.2023
Ordstyrarar: Arild og Ane
· Beinstrekken vert flytta til etter Anders Totland sitt innlegg.
· Presentasjon av nynorskprosjekt i Alver – Kan Håkon Aase seie noko om dette – Marie undersøkjer.
· Innleiarane får termokrus frå Noregs Mållag – Ane tingar.
Under middagen:
Takkar av dei som no går ut av verva sine i Hordaland mållag.
· Sahra Torsvik, Anne Buseth Vassbotn, Marta Nagel-Alne, Torstein Vik Århus, Astrid Olsen og Kåre Mjør
Sundag:
· Opning : Ane
· Referat: Sahra og Sigrid Lerbak
· Årsmøteføresegner- Marie sender til Sahra.
· Ordstyrar: Hege Myklebust og Marie Morken
· Tillitsombod:
o Røystetejarar: - 2 stk peiker ut desse i møtet.
o Fullmaktsnemnd: Fredrik Heimsæter og Brit Rabben
o Redaksjonsnemnd
o Skrive under protokollen: Ove Sverre Bjordal ( Bergen) , Anne Lise Grøm (Øygarden)
· Årsmelding: Ane
o Sett inn kulepunkt i avsnittet om språklovsarbeid for oversikts sin del
· Rekneskap: Marie
o 4 ark skall inn i mappa.
o Kontingent 2924 . .60 kr og 30kr for familie medlemmer
· Budsjett: Marie
o Sahra undersøkjer med Live når det gjeld søknad Fana sparebank om pengar.
· Arbeidsprogram: Ane
· Lovendring: Ane
· Fråsegner:
o Det er komme inn to framlegg til fråsegn frå Nils Mæhle. Desse vert sendt direkte vidare til Noregs Mållag – Ane tar kontakt med Nils Mæhle om dette. ( Ein sender ikkje årsmøtefråsegner innan eigen organisasjon)
· Val: Astrid
o Ane tar kontakt med Astrid. Rettar opp feil og styret lagar to framlegg til valet. Avhengig av om det vert vedteke endringar i lova.
Sak 17/2023 Minneord:
a. Oddvar Skre – Astrid
b. Birte -- Sahra
Sak 18/ 2023
Sahra sender ut påminning om at kvar enkelt delegat gjer opp for seg på hotellet.
Sak 19/2023 Eventuelt.
· Arild kontaktar Askøy mållag v/ Hans Birger Drange -
· Marie kontaktar Ulvik mållag v/ Trygve Solberg
· Dei som kan frå styret møter på Hotellet laurdag 11-11.30
Brit S. Fosse Reigstad
referent
Referat frå styremøte i Hordaland Mållag 17.01.2022
Stad: Kong Oskarsgate.
Tistades: Marie Morken, Britt S. Reigstad, Arild Reigstad, Ane Landøy, Sahra Torsvik og Solveig
Grønlien
Fråfall: Marthe Nagel-Alne
1. Godkjenning av innkalinga og sakslista - ingen merknader.
2. Godkjennig av referat frå styremøte 13.12.2022 - ingen merknader..
3. Økonomi
Målgåver - Marie orienterte. Meir overskot enn budsjettert.
4. Årsmøte 11-12.03.2023
- Status: Førsteutkast til årsmelding ligg ved.
- Me gjekk gjennom utkastet til årsplan.
5. Orienterinssaker:
- Målgåveutsending 10.06.2023
- Målpris - aktuelle kandidatar.
- Bergenskonferansen - Solveig, Ane og Sahra deltok på denne.
- Ane har vore på møte i personalressurs gruppa til Noregs Mållag, landsrådsreferatet.
6. Flytting/rydding av kontoret - me er her ut ferbruar.
7. Andre saker:
- 27.02.2023 - Marie Morken rydder i papira då.
- 28.02.2023 - Innkomne skriv i samband med årsmøtet vert behandla.
- 31.01.2023 -styremøte i Hordaland Mållag
Skrivar Solveig Grønlien
Referat frå styremøte i Hordaland Mållag 13.12.2022 kl. 17.30
Tistades: Britt J. Reigstad, Arild Reigstad, Ane Landøy, Marie Morken, Sahra Torsvik, Martha Nagel-Alne
og Solveig Grønlien
Stad: Kong Oscars Gate 15
Saker:
1. Godkjenning av innkalling - ok
2. Godkjenning av saklista - ok
3. Referat frå sist møte - ok
4. Økonomi
- Orientering om budsjett:
Målgåvene ligg litt under budsjett.
Vi må evaluera målgåveutsendinga
14.01.2023 Bergenskonferansen søkjer om støtte. Vedtak: vi gjev kr 10.000 som
underskots garanti,
8 marsinitiativet - avslo søknad om stønad.
5. Orienteringssaker
- Avtale om å sjå når det nye kontoret er meir klart, litt dyrare leige i månaden der.
6. Planlegging av årsmøte 11-12.03-2023 på Stord
- Fordeling av oppgåver:
● Kontakt med hotellet - Marie Morken
● Serminardelen - Arild Reigstad
● Underhaldning under middagen - kl.19.30 - Totland
● Årsmeldinga - Ane Landøy
● Rekneskap og budsjett - Marie Morken
● Årsplan - Ane Landøy
● Valnemnda - Astrid går ut av valnemnda, Ane snakkar med alternative kandidatar.
Valnemnda konstituerer seg sjølve, dette må inn i vedtektene.
● Også vedtektsendring om “tak” på talet utsendingar
● Målprisen - Marie Morken ordnar
● Fastsettjing av årsmøteføresegnene
● Ordstyrar må være spurd på førehand
● Saklite sendes ut ein mnd. før årsmøte.
● Fråsegner
7. Neste møte i styret 17.01.2023 kl. 17.30 - Kong Oscarsgate 15.
8. Ymse
- Arna bydel er nynorsk. Innhaldet på informasjonstavlene på togstasjonen må vere på
nynorsk.
Skrivar Solveig Grønlien
Referat frå styremøte i Hordaland Mållag 08.11.2022
Til stades: Ane Landøy Marie Morken, Arild Reigstad, Brit Fosse Reigstad, Marta Nagel-Alne og Sahra Torsvik
1. Referat frå sist gong og innkalling vart godkjent.
2. Planlegging av lokallagsseminar laurdag 12. november
- Me har 36 påmeldte deltakarar.
- Me såg gjennom program og sjekka om me ynskjer endringar/tillegg.
- Program og inviterte innleiarar er no i utgangspunktet klart.
- Ane er møteleiar.
- Det er mogleg å få reisegodtgjering ved utfylt skjema.
3. Planlegging av inspirasjonsseminar for lærarar torsdag 17. november
- Arild er møteleiar.
- Me har 18 påmeldte lærarar per no, og det verkar som dei kjem frå ein del ulike skular.
- Tre innleiarar, og så ser me om det er tid til ein open post til slutt.
4. Høyringssvaret vårt til Kulturplanen for Vestland er sendt inn saman med Sogn og Fjordane.
5. Marie har gjort ein god ryddejobb saman med Sahra i arkivinnhaldet i skåpa.
6. Økonomi
- Marie informerte om den økonomiske stoda.
- Det var ingen store endringar frå sist, og me ligg godt an.
- Styret drøfta mellom anna kor ein eventuelt kan søka om meir midlar til ulike typar tilskipingar.
7. Endringar i styret og nemnd
- Frå og med då Sahra gjekk inn i skrivarstillinga er Brit valt som fast styremedlem. Marta har rykka opp
til fyrste vara, Anne til andre.
- I skulemålsnemnda har det også vore endringar: Pernille Fjørtoft Grøsvik og MagnusTorvik har blitt
faste medlemar. Morten Holmefjord er valt som vara.
- Endringane i styret og skulemålsnemnda er samrøysta vedteke.
8. Arbeidsgruppe for implementering av songprosjekt
- Me oppnemner Marie Morken (leiar), Anne Buset Vassbotn og Fredrik Heimseter til denne
arbeidsgruppa, og supplerer eventuelt med fleire.
9. Landsrådsmøtet (med seminar)
- Marie og Sahra informerte frå seminar og møte.
- Det kjem eit eige referat frå landsrådsmøte kor ein kan lesa meir.
10. Reiserekninga
- Me har ferdigstilt eit reiserekningsskjema til bruk i fylkeslagssamanheng.
11. Årsmøte
- Styret drøfta nokre praktiske forhold rundt årsmøtet neste år.
12. Neste styremøte
- Det vert 13. desember klokka 17.30.
Styremøte i Hordaland Mållag 11.10.2022 kl1630.
Tilstades: Marta Nagel Alne,Sahra Torsvik,Marie Morken,Brit Fosse Reigstad,Arild Reigstad,Ane Landøy,Solveig Grønlien.
Innkallinga vart godkjend.
Referatet frå møte 13.09.22 godkjend med dei merknadane som kom fram i møtet.
a. Planlegginga for lokallaga sitt seminar12.11.2022 1030-1700 er på plass.
b. Planlegging av inspirasjonsdag for lærarar 17.11. 2022 er nesten klart.
Økonomi. Marie gjekk gjennom. Det ser framleis bra ut. Hordaland Mållag har fått inn 88.000 i målgåver. Vedtak: For reise med eigen bil vert km godtgjersla det same som trekkfri sum i statens satsar, no er det kr 3.50
5. Årsmøte i Hordaland Mållag vert på Stord 11.og 12.03.2023.
6. Marie tek ein ryddedugnad i arkivet som kom frå kjellaren, 17.10.
7. Erlend Bakke klagar på manglande nynorsk hos Statens Vegvesen, og Språkrådet har purra på svar frå Vegvesenet.
8. a.Unneland og Neshaugane barnehagar i Arna fekk besøk av Sahra, Arild og Ingar; gode samtaler
b. Sahra, Ane, Ingar og Solveig var på Voss og Hardanger Kompetanseråd. Vi held fram med samarbeidet
c. Øygarden mållag skal ha møte med alle barnehagane i kommunen. Vil fylja «Arna- modellen.»
d. Nynorsk satsing på Slettebakken skule.
e. Bergen Mållag jobbar med Bergenskonferanssen.
f. Mållaga i Alver kommune har skipa vellukka Nynorskdagar med eit imponerande og variert program og god oppslutnad. Sjå også Strilakulturen .no – mange gode songar.
g. Vestland fylkekommune sin kulturplan har høyringsfrist 4.11. Ane skriv høyringsutkast, evt i samarbeid med Sogn og Fjordane. Hovudpoeng: Vestland fylke sitt nynorskansvar.
9. Neste styremøte i Hordaland Mållag vert 8.11
Målgåveutsending veke 47 og 48.
Skrivar : Solveig.
Referat frå styremøte i Hordaland Mållag tysdag 13.09.2022 kl. 1730.
Tilstades: Sahra Torsvik, Arild Reigstad, Britt Reigstad, Ane Landøy, Marta Nagel Alne, Marie Morken, Solveig Grønlien. Torstein Vik Århus på skjerm (sak 4).
1. Referat frå sist møte vart godkjend.
4.Torstein var med her, digitalt.Mandatet til skulemålsnemnda: “Skulemålsnemnda til Hordaland Mållag skal arbeida for å styrka posisjonen og statusen til nynorsk som språk i Hordaland Mållag sitt medlemsområde i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule. Skulemålsnemnda skal arbeida direkte opp mot skular/barnehagar, og kan også arbeida politisk, dersom det er etter oppdrag frå styret, for å fremja nynorsk språk i skule/barnehagar. Skulemålsnemnda skal samarbeida med lokallag og Noregs Mållag for å organisera arbeidet ved eventuelle skulemålsrøystingar, og halda kontakt med lokallaga i randsonene for å ha best mogleg oversikt over stoda for nynorsk språk, og auke og styrke bruken av nynorsk. Skulemålsnemnda rapporterer til Hordaland Mållag. Styreleiar kallar inn leiar i skulemålsnemnda til styremøte ved behov ”.
2a. Digitalt arkiv: Leiar jobbar med saka inne på Google Disk og oppretter mapper undervegs.
2b. Inspirasjonsdag for lokallaga 12.11.2022. kl 11- 17.. Framlegg til program vart godkjend
2c. Referata frå styremøta skal ligge på nettsidene.
Vedtak:Heilt enkelt referat sende ut til laga og ligg på nettsida.
2d. Inspirasjonsdag for lærarane på Terminus 17.11. Dei 30 fyrste påmelde får plass. Noregs Mållag har bevilga 25000.
Vedtak:Framlegget til programmet er delvis klart og vert godkjend, Arild og Ane arbeider vidare..
2e. Årsmøte 2023 vert på Stord Hotell 11. og 12. 03. 2023.
3. Økonomi. Marie informerte. Førebu målgåveutsending nov. des. veke 47 eller 48.
5. Sahra har fått svung på facebook sida vår og fått ny e-post adresse.
Bergen kommune har bevilga 1.7 mill. til nynorsk. Arna er satsingsområde. Sahra held kontakt med skulane. Nynorsk 1.klasse i Bergen må fylgjast opp.
6. Haustseminar og landsrådsmøte i NM 21-23 oktober 2022 i Oslo. Vi innstiller på å sende Marie, med Marta og Solveig som vara. Sahra deltek også på haustseminardelen.
7a. Ane og Sahra deltok på ein Interessant debatt i Odda, om Oddamodellen og språkopplæring i skulen.
7b. Ane og Sahra deltok også på eit godt inspirasjonsseminar 9.- 10.sept. i Noregs
Mållag, Oslo.
Møtet heva 19.30
Solveig Grønlien er skrivar.
Referat frå styremøte i Hordaland Mållag 09.08.2022
Stad: Kong Oskarsgate
Tid: 17.00
Tilstades: Arild Reigstad, Sahra Torsvik, Britt Solveig Fosse Reigstad, Marie Morken, Ane Landøy, Solveig Grønlien
Saksliste
Referat frå sist møte
Ok - utan merknader.
Oppfølging frå sist
Framlegg til Noregs Mållag sentralt om Ane som deltakar i utval om personalressursar.
Digitalt arkiv
Ane held fram med å arbeide med digitalt arkiv.
Dato for dei neste styremøta
13. september og 11. oktober
Økonomi
Gjekk gjennom status for inntekter dette året
Utsending av målgåvebreva - Marie sender ut i samarbeid med Bring medio august.
Arbeidsplan
Oppdatert versjon låg ved innkalinnga
Inspirasjonsmøte/seminar for lokallaga
Stillinga
Jobber med saka
Kommunikasjonsarbeid mot lokallaga og andre
Viser til vedlagt brev frå Kvinnherad, Jondal, Ullensvang og Odda Mållag frå 2018 som var vedlagd innkallinga. Der det er eit krav om at innkallingar og referat frå styremøte vert sendt til lokallagsleiarane på epost og ikkje lagde på heimesida Ane sjekkar kva som vart vedteke i 2018 i denne saka. Vi tek det opp att på neste styremøte, saman med ein diskusjon om kva vi vil med nettsida https:/ hordaland. maallag.no/ og om ho kan nyttast som kanal for referat frå møta.
Rutiner vedr kommunikasjon med Leiar av skulemålsnemda (Torstein Vik Aarhus), næringslivsansvarleg (Øystein Skjeveland), språklovsansvarleg (Erlend Bakke) må også på plass.
Inspirasjonsdag for lærarar
Ane og Arild held fram med planlegginga. Ein kan søkja om 25.000 for inspirasjonsdag.
Andre saker
Songskatten kjem vi tilbake til.
Me må “blesta” Nynorsken i samfunnet
Heimesida vert det arbeida med. Kommunikasjonskanal.
Verving, seminar, møte, samla folk frå ulike lokallag.
Ane var i Sogndal, Vestland Musikkorpsforbund snakka om å halda på dei medlemane me har. - Inspirasjonsdag
Få liste over ny medlemar frå Noregs Mållag, så me kan ynskja dei velkomne i laget.
Lokallaga sender ut brev og ynskjer dei vekomne.
Fylkeskommunen skipa til nynorskkonferanse i mai, som dei tenkjer skal blir årleg. Vi avventer derfor kva Bergen Mållag tenkjer om Bergenskonferanse og tek ikkje eige initiativ.
Fylkesårsmøte mars 2023.Skal avviklast på Fitjar, Bømlo og Stord. Ane tar kontakt med aktuelle lokalitetar.
Oddvar si gravferd, 16 kransar, Ingar hadde minnetale frå Noregs Mållag og Hordaland Mållag, Erlend, Astrid, Bjørn , Øystein ,Mona, Bjørg Eli, Arild, Fana Mållag deltok.
Bokmålsforbundet meinar at mållaget driv inndoktrinering. Bokmålsforbundet driv sakleg informasjon seier dei. Arild har skrive svar til uttalen i avisa.
Leiarsamlinga for bydelen Arna var fylt opp, det var ikkje plass til Ingar frå Noregs Mållag.
Hordaland Mållag har bedt om å få innpass hos Garnes skule.
Bergen kommune har sett av 200.000 til nynorskarbeid i Arna Bydel
Bergen Kommune har også sett av 100.000 til kurs for lærarane frå Landssammenslutninga for nynorsk kommunar (LNK) og 100.000 til Framtida Junior. Dette gjeld heile Bergen
Poesifestival 9. september på Brakanes i Ulvik
Skrivar Solveig Grønlien
Referat frå styremøte i Hordaland Mållag 08.06.2022
Stad: Kong Oskarsgate
Tidspunkt: 17.00
Tilstades: Ane Landøy, Arild Reigstad, Marie Morken, Solveig Grønlien
Fråfall: Britt S. Fosse Reigstad, Sahra Torsvik
1. Referat frå forrige møte 04.05.22
Referatet vart godkjend
2. Økonomi
Rekneskap så langt i 2022: Marie gjekk gjennom, vi ligg godt an
3. Ny dato fpr utsendingsdugnad - målgåva
13 og 14 juni er avsett til denne dugnaden.
Marie køyrer dei ut, Arild og Britt tek med seg heim og pakkar 1000 konvoluttar.
Ane og Solveig brettar tysdag 14.06
4. Stillinga
Vi har vore innom eit par framlegg til løysing, i samarbeid med skrivarstova. Vi held
fram med arbeidet. Stillinga skal i hovudsak arbeide med skulemålsarbeid.
5. Rydding i kjellaren
Solveig og Marie rydda i gamalt arkiv i føremiddag 08.06.2022, 28. juni og 30. juni og
kanskje 1. juli er sett av til arbeidet. Ane avklarer med Linda. Det viktigaste er å få
rydda i kjellaren og sett fram bosset som skal kastast, så må ny-arkivering av det vi
skal ta vare på kome seinare i sommar.
6. Inspirasjonsdag for lærarane,
Arild har tidlegare send oss informasjon om
Vikværingen (Jon Låte er kontaktperson). Ane og Arild er lokal arbeidsgruppe for å få
dette på plass i haust.
7. Arkivering
Ane set opp ei Google-Disk mappe med undermapper som vi løpande arkiverer i, og
som heile styret får tilgang til. Dei ferdig godkjende styremøtereferata skal ligge på
nettsida, når ho er oppe att.
8. Sogn og Fjordane
Vi kan samarbeida med Sogn og Fjordane, men dei har litt andre utfordringar, særleg
når det gjeld skulemål og byte til bokmål. Dei er interessert i Erlend Bakke sitt arbeid.
Lokallaga i Sogn og Fjordane samarbeider med historielag og gjev ut skrifter.
Målprisen i Sogn og Fjordane 2022 gjekk til Roger Severin Bruland
9. Andre saker
● 17-18 juni Frivillighetskonferanse i regi av Vestland Fylkeskommune- Ane
reiser
● Alvær gjev ut hefte med tekstar skrive på nynorsk - forfattar Tor Arve
Røssland. Arrangement med besøk frå Aasentunet
● Skulemålsnemda ser på sitt mandat og sender det til oss
● Ane kjem tilbake med ny styremøtedato over sommaren.
● Erlend Bakke har send brev til Skyss.
● Prosjekt med støtte frå Noregs Mållag, oppsummering av prosjektet.
○ Møte på Garnes - Live og ei frå nynorsksenteret deltek.
○ Ingar og Arild har besøkt; Ytre Arna skule, Lone skule, Trengereid
skule, Ådnanipa barnehage og Arnatveit barne- og ungdomsskule og
snakka om nynorsken.
9 juni besøker dei Ytre Arna barnehage
Ingar prøver å få kontakt med Garnes ungdomsskule
● 12 mai Nynorsk dagen: Hordaland Mållag var ikkje aktiv, kjem sterkare igjen i
2023!
Skrivar Solveig Grønlien
Referat frå styremøte i Hordaland Mållag 5. april 2022
Desse møtte: Ane Landøy leiar, Marie Morken, Brit Fosse Reigstad og Anne Buset
Vassbotn (referent).
Sakliste:
Referatet frå sist. Godkjent utan merkander. Referat frå landsmøtet 1-3. april 22.
Økonomi 1:
Det er løyvd pengar til støtte til frikjøp av skrivarstilling.
Målgåveutsending: i starten av juni og i starten av november. Ane følgjer opp til dugnad.
Økonomi 2: Løyving til NMU sitt landsmøte (tidleg i mars).
Vedtak: kr 5000,- løyvd.
Økonomi 3: Løyving til annonse i Utdanningsnytt for Norsk Barneblad.
Annonsa kostar kr 28 000. Ane skriv e-post til leiar for Vikværingen.
Vedtak: HM løyver kr 5000,-
Økonomi 4: Løyving til Fosse-stiftinga.
Vedtak: HM løyver 3000,- i form av gåvebrev. Ane kontaktar Randi Jåstad
Kva gjer vi med prosjektstillinga framover, på kort og lang sikt? Tema for eige møte.
Konkretisering av arbeidsprogrammet: Teksten som vart vedteken på årsmøtet er send ut.
Ymse: Skrive fornya mandat for skulemålsnemnda: Skulemålsnemnda er beden om innspel her.
Sjå over arkivet. Ane gjer dette i samarbeid med Live.