Bergen: Nynorstafetten vitjar Nynorskbar

Publiseringsdato: Nov 03, 2017 8:52:53 AM

Nynorskstafetten kjem til Bergen! Mållaget nyttar høvet til å stella i stand ein ordentleg medlemskveld, der ein kan møtast og snakkast om både viktige og uviktige saker.

Ei av dei viktige sakene tek Ingvil Brügger Budal ansvar for. Saman med Eli Bjørhusdal, gjev ho i desse dagar ut boka "Nynorsk med dei minste", ei bok som tek føre seg nynorsk språkstimulering med born: Tidleg og systematisk innsats med språk gjev borna ein fordel i møte med skulen, og dei som skal ha nynorsk som opplæringsmål treng å møta skriftspråket sitt frå dei tek til i barnehagen. Ingvil kjem til Nynorskbar og fortel oss litt om arbeidet bak og temaet i den nye boka.

Vonar mange vil koma!