14/6-16: Kjartan Rødland fekk Målprisen

Publiseringsdato: Aug 14, 2016 8:48:29 AM

"Eg har vore heldig og fått arbeide mange stader i landet", sa journalisten, redaktøren og forfattaren Kjartan Rødland (78) då han tok mot Målprisen 2016 frå Hordaland Mållag på tysdag 14. juni. "Over alt la eg merke til at folk snakka eit godt nynorsk. Det gjorde dei både i Bergen, på Romerike, i Bodø, Mosjøen og Kristiansand. Men dei skreiv bokmål. Det var som om talemålet vart for kvardagsleg. Dei måtte ta på seg eit sundagsspråk når dei skulle skrive".Kjartan Rødland - glimt i auga og saft i replikkane. Han var glad for å få Målprisen, sa han.

Han var oppriktig glad for å få prisen, sa han. Han tok det som eit signal om at han for sin del hadde klart å halde seg unna dette "sundagsspråket". Sjølv om han alltid hadde skrive begge målformene, meinte han bestemt at han hadde nynorsken å takke for at ikkje bokmålstekstane hans hadde blitt som den nye bokmålsversjonen av Fadervår - "som departementale rundskriv".

"Kvar gong eg har kjent at språket mitt har utvikla seg i retning byråkratspråk eller politikarspråk eller - endå verre - mediespråk - har eg skunda meg å skrive nokre nynorske tekstar." sa han.

Dette var ikkje berre personleg - det var den viktigaste forklaringa på den litterære gullalderen i Noreg, på at diktarar som Garborg og Vinje trefte folkesjela: Dei skreiv på folkemålet "før Vårherre og Ivar Aasen hadde gitt oss nynorsken". Og slik har det vore i all ettertid og.

"Fri oss frå byråkratar som skriv på dårleg bokmål og så får oversetjarprogram til å oppfylle jamstellingskravet!" Sa han.

Han var ikkje overdriven optimist om den språklege framtida. Alle dei tre trugsmåla mot kvardagsspråket står sterkt (byråkrat-, politikar- og mediespråket), og i tillegg kjem retteprogram og ein ulykksaleg angst for å støyte nokon. Resultatet er gjerne utvatna, utydeleg og knotete språk.

Men han var ikkje pessimist heller: "Det saftige kvardagsspråket står så sterkt, at me hadde hatt den same språkstriden her i landet, uansett om me hadde fått eit normert nynorsk eller ei!"

Prisen var eit trykk av Fanakunstnaren Liv Jorunn Skjold, ein plakett og ein blomebukett. Astrid Olsen, leiar av Hordaland Mållag, og Oddvar Skre leiar av Fana Mållag sto for utdelinga.

Ramma rundt tildelinga var Nynorskbaren, som Bergen Mållag arrangerer fyrste tysdag kvar månad bortsett frå festspelmånaden juni. Då er det andre tysdag.

Tekst og foto: Bjørn Enes