Målprisen 2021 til Mikkelparken!

Foto: Johannes Sekse

Målprisen frå Hordaland Mållag går i år til Mikkelparken familiepark og leikeland. Dei får prisen for gjennomført nynorskbruk i innhald og marknadsføring. Me ynskjer dei hjarteleg til lukke med vel fortent pris!

Årsmøtet i Hordaland Mållag brukar vanlegvis dela ut prisen, men då årsmøtet i år var digitalt, måtte ein tenka annleis: Fredag 19. mars møtte difor prisvinnarane Inga Måkestad, driftsleiar, Dag Instanes, dagleg leiar, og nestor Lars Instanes Johannes Sekse frå mållaget til prisutdeling i Mikkelparken ferietun.

Dette seier juryen om prisvinnaren:

Mikkelparken er ein familiepark og leikeland som held til i Kinsarvik, saman med Mikkelparken ferietun og Hardangertun leirskule. Til saman er dette verksemder med stor aktivitet, stort nedslagsfelt og eit omfattande informasjonsarbeid. Både på internett, sosiale medium og i den årlege Mikkelpark-avisa er det konsekvent brukt nynorsk. Sjølv om Mikkelparken trekkjer gjester langvegsfrå til Kinsarvik, har ikkje Mikkel og venene hans sett nokon grunn til å gå bort frå det nynorske språket når dei skal marknadsføra seg. På den måten viser Mikkelparken at nynorsk er godt brukande som marknadsføringsspråk, også når ein skal lokka publikum frå område der nynorsken er mindre brukt enn i Kinsarvik.

Dei yngste borna er eit viktig publikum for Mikkelparken, og det er også ei viktig målgruppe for mållaget. Det er ekstra fint at det er nett desse som får møta Mikkelparken sin konsekvente nynorskbruk. Ikkje minst er det flott at Mikkelparken lagar songar og musikk på nynorsk og hardingmål, tilgjengeleg på CD, på Spotify og på konsertar i parken.

Både Hardanger Folkeblad og Avisa Hordaland har skrive om prisutdelinga.

****************************************************

Det er ikkje fyrste gongen Mikkelparken utmerkar seg for god nynorskbruk. Allereie i 1995 fekk dei nemleg Ullensvang Mållag sin målpris. Her illustrert ved prismottakar Lars Instanes.

Foto: Johannes Sekse

Foto: Johannes Sekse