Høyringssvar på rim

Publiseringsdato: Dec 01, 2016 9:4:14 AM

Øystein Skjæveland frå Kvinnherad har i levert sitt høyringsnotat om Vestlandsregionen på rim. Songbart er det og, til fulle - prøv berre på melodien til "Den fyrste song eg høyra fekk"..

Til Hordaland fylkeskommune

Ja til nynorsk administrasjons- og tenestemål!

No vil dei slå seg i saman i vest.

Det får dei no endeleg gjera,

i fall det er det dei meiner er best,

så ynskjer eg lukke på ferda

"Samhald gjer sterk" - slik er det sagt,

så slik sett gjev det ei meining

at den som vil hevda seg og vinna makt

vel ei større og sterkare eining

Men den som vil hevda seg og vinna fram

må våga å satsa på sitt

og nynorsken er det som pregar oss her.

Saman er me dynamitt!

I Noreg er nynorsk eit likestilt språk,

og språket må vera å sjå.

Om Vestlandet ikkje gjev nynorsk ein heim

- kven skal gjera det då?

Og tykkjest det uvant i starten for somme,

så vil dei nok snart hengja med.

Og mange vil skjøna før lang tid er omme

at talespråket vil hjelpa med det.

Eit storfylke kan vera slik eller så,

det er ulike syn på det.

Uansett må ein her passa på

at språket vårt får vera med.

Høgvyrde tenkjande kvinner og menn!

Ta nynorsken med i fusjonen!

Gå rakryggja inn i framtida, men

ta med dykk tradisjonen!

Øystein Skjæveland, Kvinnherad